Hans Martin Fjell
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hans Martin Fjell (fødd 27. april 1915 på Langøy, død 13. desember 2016) var offiser og bonde, busett i Fusa i Midthordland.
Fjell utdanna seg til agronom på Stend i Fana, og saman med ein bror dreiv han garden etter besteforeldra på Sotra.
I 1941, under andre verdskrigen, drog han og to brør med fiskebåt til Skottland, der dei slutta seg til dei norske styrkene. Då krigen var over, heldt Fjell fram i Forsvaret. Han pensjonerte seg som oberstløytnant i 1975; siste tenestestad var IR 10 på Voss.
Han døydde på Fusa bu- og behandlingssenter, 101 år gammal.
Kilder og litteratur
- Aftenposten, 27. april 2015: 100 år.
- Os og Fusaposten, 17. desember 2016: dødsannonse.
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |