Hjukseelvens Fellesfløtningsforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjukseelvens Fellesfløtningsforening vart stifta i 1866 i Hjuksebø, Midt-Telemark, under namnet Hjukse- og Løvåsvassdragets Fellesfløtnings Forening. Fyrste formann var trelasthandlar Hans Gregersen og Ole A. Lien vart tilsatt som inspektør.

Fram til 1850-åra vart ikkje vassdraga nytta til fløyting, men på initiativ av Halvor Bjørnson Holta vart det på denne tida bygd fleire dammar, som ga meir effektiv bruk av dei store Huksebø- og Tinnegrendskogane enn ein kunne få til med hest. Hjukseelvens Fellesfløtningsforening vart oppretta for å samordne fløytinga til dei ulike aktørane.

Arkiv

Arkivert i Sauherad lokalhistoriske arkiv, som har ansvaret for å ta vare på arkivmateriale som er viktig for historia i Sauherad i Telemark. I all hovudsak tek institusjonen vare på privatarkiv, noko arkivmateriale etter bedrifter, organisasjonar, lag og privatpersonar er døme på. Arkivmagasinet ligg plassert på Gvarv og tel omlag 50 hyllemeter.

Kjelder

  • Braaten, Torstein: Skogen, elvene og vegen. Ein historikk om framdrift av skogsvirke frå Hjuksebø- og Tinnegrendskogane gjennom 120 år. Utg. Foreningen. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.