Holsvik notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Kart over indre del av Austefjorden

Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet.

Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag.

Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse.

Organisering

Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.

Holsvik notlag

. Kven av dei to notbruka som eigde Seidenota er uklart (2010).

Holsvik notlag

Holsvik Notlag er oppretta i 1880 og flytta frå Grasneset/Grusneset til Holsvikholmen. Namnebytet frå Austefjorden/Østefjorden Notlag er ein formalitet som markerar byte av plass for båt og bruk. Eigarane er dei same før og etter flytting, men det er dokumentert endring i eigarskap i laget heile tida frå den store restruktureringa som tydelegvis har funne stad i 1836 då Østefjorden Notlag er delt i to eller tre alt etter kor ein vel å tolke tilgjengeleg informasjon. Altså: Østefjorden Notlag (namnet går uendra vidare i 44 år), frå 1880 Holsvik Notlag. Grasnes/Grusnes notlag. Truleg også Årset notlag.

Noteigarane ved namneskifte 1880: M. Holsvik, R. Løfold, L. Skinvik, H. Dyvik, P. Aaslid (halv lut), Otta Skare, J. Sundalsaas (halv lut), A. Sundalsfold, J. Sundalsfold, E. Sundal, K. Sundalsfold (halv lut, tidlegare i same informasjon nemd som Knut Sagehaug, i dagleg tale kalla Haue-Knut og dermed plassemann under Sundalsfoll), M. Førde (halv lut), E. Førde (halv lut), J. Leite. I tillegg er det truleg god grunn til å tru at L. Dyvik er partseigar då han er nemd som eigar både før og etter namneskiftet i 1880. Blanding av heile og halve lutar er teke frå innbetaling i ny storenotabåt eit par år tidlegare (og dermed så nær sanninga ein greier å kome det).

Ved namnebyte skriv Holsvik Notlag kontrakt for laget etter den gamle notlova:

Herved opretes følgende kontragt millem Holsviks notelag. Holsviks notelag udvelger af notelaget 5 Mend forat bedømme Notens brugbarhed, og vis disse finder at en af Noteierne har saa daarlig Not at den foraarsager fiskespilde da at udenvidere tvinge den noteier til, enten at skjære det daarlige Stykke eller ogsaa skaffe ny not istedet og i tilfelde af at ubrugbar not udskjæres og brugbar not ikke indsetes saa bliver ejeren forpligtet til ved opjør at svare det derved udregnede fiskespilde. I tilfelde af at notejeren ikke selv vil skjære ud sit daarlige notstykke, saa kan de udnevnte 5 Mend udenvidere skjære ud det daarlige notstykke.

1886 finn ein at: "En Notpart indkjøpt af L. Leite". truleg er dette starten for Leite notlag. Dei som betalar ut denne notparten er: Rasmus Løfold, Lars Skinvik, Hans Djupvik, Lars Djupvik, Martinus Holsvik, Paul Aaslid, Ottar Skare, Lars Aasen, D (Didrik) Maan (på Fyrdsreite) og Mattias Førde. Lista fortel og at mellom 1880 og 1886 er A, J og K. Sundalsfold og E. Sundal kjøpt ut og D. Maan kjøpt inn i laget. D. Maaen har selt seg ut att då han kjøpte Grasnes Notlag og starta Maaen notlag litt etter 1900. Såleis ser ein at det har vore endring i eigarskap mykje av driftstida.

I kjøpekontrakt ved eigarskifte på Sundalsåsen med "tiltredelse" i 1926 står om eigarskap til notlag: "Med paa kjøpet fylgjer daa: Ein halvpart i notpart i stornot, veslenot og seidnot". Dette fortel truleg at Holsvik notlag i opphavet har vore organisert med heile og halve partar på same måte som Årset notlag. Ved oppmøte måtte det møte to personar for heil part og ein person for halv part nøye regulert etter den gamle notlova. Truleg er og at Skinvik har vore siste bruket med heil part då Per Skinvik f.1877 fortsette som eigar av Storenota etter at han flytte til Sundalsfoll bruk 1 i 1928. Der var framleis ein notpart i Skinvika. Etter denne tid har truleg halv part vore rekna som part og det har møtt ein person for kvar part. Ein ser at Årset notlag vart delt og Håvik notlag starta i 1932. Då vart desse to og organisert med ein person oppmøte pr. part. Grunnen til behovet for mindre folk i laget var innføring av motorisert drift og lettare nøter. Frå rekneskapen til Årset notlag går fram at før notlaga investerte i eigne motorbåtar leigde dei lokale motorbåtar. Då slapp dei å ro, behovet for folk minka og aksjonsområdet auka.

For bruk av landnot på Holsvika var arbeidsdelinga slik at brukaren på Sundalsåsen fylgde med om det kom fisk opp på Holsvika og melde til Holsvika som hadde ansvar for å setje not. Denne arbeidsdelinga kalla ein «å rope ut i nota»: «La nota gå» høyrde ein frå Åsekammen, då rodde ein til ny ordre, «krøkje no», då var ein klar av fiskestimen og kunne svinge mot land. Var det fleire notlag på vika samstundes brukte dei avtalte signal for setjing (på moderne språk, kode).

Holsvik notlag i kast i Grasneset rundt 1950

Varsling for oppmøte for partseigarane vart ei kvit fjøl for Lissjenota og to kvite fjøler for Storenota sett ut i hammaren vest om Holsvikløa for partseigarane vestover. På Sundalsåsen ropte dei "notabod" til Skare og Sundalen. Korleis Fyrde og Leite vart varsla veit ein ikkje, men truleg vart det ropt dit og frå Sundalsåsen eller Holsvikholane. På Holsvika vart vel Lissjenota den som vart brukt oftast. Lissjenota eigde ei tid to like handdrivne spel. Eitt hengsla spel på storetofta (hengsla for at ein kunne legge spelet ned og dermed ha betre rom til å bruke årane) og eitt spel bolta fast i berget vest av Holsviknaustet.

Laget må ha hatt jamn drift rundt 1900. Martinus Holsvik f. 1887 seier i intervju med Lars Holsvik at nøtene var i bruk mest dagleg sommarstid i hans oppvekst. Det er og nemnt at dei andre notlaga oftast vart for seine til å samle folk og fylgje med på Holsvika. Når dei kom var ei av Holsvik-/Holmenøtene komne i sjøen. Ellers i fjorden var vel høvet meir likt til å fylgje med fisken.

Basane ein veit om: Siste "bas" var Lars Holsvik f.1915 (Holsvika), han tok over når det vart motor i loddebåten. Før det var Knut Sandnes f. 1896 (Sundalsåsen) bas, han var god å sjå og taksere fiskemengd etter det han såg i kombinasjon med handloddet. Rundt 1910 skal Hans Djuvik f.1851 (Djuvik br.1) ha vore bas. Då er vi vel så langt bakover i tid at den gamle notlova galdt og her står noko slikt at ein vel bas og fire medhjelparar for eit bestemt antal år i gongen.

Holsvik notlag brukte not for siste gong sommaren 1963 og frå då vart utstyret selt og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Frå Holsvik notlag var det to av deltakarane som hadde nok interesse til å lage seg nøter og fortsetje med notfiske: Lars Holsvik f. 1915 (Holsviknota) og Einar Høydalsvik f. 1920 (Djuviknota).

Båtar ein veit om:

Lissjenotabåten Tispa i Holsvik Notlag i Notanaustet på Bjørke b
  • Gamlenotebaaden: 1881. Bjergnings løn til Ole Aarsæt Ø for gamle Notebaaden kr. 1,-.
  • Kjirkebaad frå Hestenes i Norfjord: 1881. Kjøbet kr. 39,12. Fragt på Dampskibet Fra Eidet til Hestenes pær Person 85 øre, dito 85 øre. Fragt for Baaden fra Hestenes til Naustdal 2 k 15 øre, for Pærsonerne 60 øre, dito 60 øre. Kjørsle Over edet 5kr. Total 49 k 5 øre. Erling Bjørkedal fortel at på Bjørkedalen hadde dei fleste båtbyggjaren på denne tida eit transportmiddel dei kalla "Longskjøkje" (uttale omlag slik): Ei tohjula einaksla hestevogn av tre og med stillbar akselavstand, oftast tre hakk under rama for flytting av aksel for å få balanse på lasset. Den er omlag 6 meter lang og er berekna til køyring av stokkar og material opp til om lag ti meter og båtar opp til omlag 25 fot. Den fekk avløysing på tyngste lassa då Storebåtsvogna vart innkjøpt. Vogna har bremser rett på hjulskodninga (som diligencen i ville vesten), men av kraftigare type. Ein hengde bremsestokken opp i kjetting mot hjulskodninga og brukte spett til å rotere stokken mot skodninga for kraftig bremsing. Ei slik vogn var truleg leigd for 5 kroner til køyring over Bjørkedalsbrekka til Kilsfjorden. Denne båten kan vere Lissjenotabåten, og at Tispa (den gamle kyrkjebåten med tilhald i Holmen er opproten), kven veit.
Setjing av Storenota
  • Storenotabåt: Syner heilt til høgre på Styrkar Skare-bilete frå ca. 1910 på Follabugen. Her syner ein gavlbåt med rull i dokker på spegelen bak. Frå "Holsvik-annalane" etter Martinus Holsvik f.1843 ser ein at båten er bestilt av Austefjord/Østefjorden Notlag i 1878 hos Sjur R. S. Strømme. Sjur Strømme (Straume) og Johans Kjille (Kile) er oppført som båtbyggarar. 20. april er M. Holsvik, L. Skinvik, J. Løfold, H. Dyvik, O. Skare, H. Aaslid, J. Leite og E. V. S. Førde til Kile og hentar seg ein "rektig pen Baad". Betaling er totalt 30 spesidalarar betalt med 18 spesidalarar ved henting og resten betalt før fyrste pinsedag same år. Vel heime har notlaget kjøpt 3 "pegler" linolje, 2 pund sinkkvit måling og 1 "lod" pariserblå måling. Dermed må det vere ein flott båt som 1. mai 1878 blir brukt for fyrste gong med not. Karane likte båten dårleg i bruk. Det kan no ikkje ha vore så frykteleg gale, for det er notert at dei tok 900 storseid. Båten blir utrusta med mastr og fleire segl. Dei påfylgjande åra er det utbetalt landlut og leige av salteplass langs Austefjorden, Klisfjorden, Dalsfjorden og Ørstafjorden. Skal ein tru resten av opplysingane har den vore i bruk til Storenota og Seidenota til 1924 då "Gimbra"/"Levan" tok over. Det er vel god grunn til å tru at Storenotabåten i størrelse og form har vore rimeleg lik Årset Notlag sin båt som står på Sunnmøre Museum og som Austefjord Museum har modell laga av Andreas Årsetøy av.
  • MB «Levan» 1950-1951
    MB «Levan» M 10 VA eller «Gimbra» var bygd og eigd av Holsvik notlag frå 1924. Den var bygd som robåt, truleg to til tre par årar og rodd med «Storenota», seinare slept av «Rollo»/«Vandring». Det er ikkje utan grunn at landnøtene ofte vart kalla «kastenøter». I ein båt utan rull var nota treg å få ut, difor stod der oftast ein mann på kvar side av nota og kasta den ut etterkvart som dei rodde framover. Ombygging av båtar er omtalt i eldre papir, dette kunne Austefjordingane. Så og med «Gimbra».
    I 1936 vart den ombygd til gavlbåt og sett inn motor «Levahn» 8 - 10 HK. Då Holsvik notlag planla snurpenot vart den seld til Åmelfot notlag i Dalsfjorden 1950, nytt nr. M 27 D. Om not og spelbåt var med i handelen veit ein ikkje sikkert enno (2010).
    Ved kommunesamanslåing med Volda vart nytt nr. M 128 VA med same eigar. Ved kjøp Åmelfot notlag vart den ombygd på nytt, no med lugar og rorhus. I Åmelfoten vart båten brukt med landnot i konkuranse med fire - fem andre landnotlag. Seld vidare til Selje omkring 1970(?) utan motor.
  • MB «Rollo» M 41 VA eller «Vandring». I Fiskeriregisteret ein båt på 24,0/5,5/2,4 fot med FM 6 HK motor. Registrert inn 1934, ut 1943. Fyrste motorbåt i Holsvik notlag, kjøpt for å slepe storenotabåten «Levan»/«Gimbra». Hadde eit grønt overbygg framme.
    Motoren er feil i Fiskeriregisteret: I fylgje notakarane ein «Trygg» (Gjøvik) bensinmotor, truleg ca. 5 HK. Kjøpt av ein «reisande». Det er etter handelen på denne båten at uttrykket «stiger i verdi» vart referert mellom notakarane. Dette sa selgjaren når han prøvde å starte motoren og denne «tok etter det» då han ved salg skulle syne korleis motoren fungerte. Lars Holsvik f. 1915 sa eingong at: «det stod 'Trygg' på motoren, men vi kalla han 'Utrygg' fordi det var så sjeldan han starta når vi ville det».
  • MB «Timann» a
    MB «Holsvik-loddebåten»
    MB «Wichmann» H 128 AM, frå 1946 MB «Timann» M 46 VA eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936.

Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.

  • «Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
    «Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt i Holsvik notlag saman med «Storenota» (landnot), truleg frå 1951 som øyrebåt på snurpenota. Hang ved bruk i enden på snurpenota, rigga slik at den la seg på tvert og bremsa så ein fekk laus notenden og fekk nota til "å gå". Vanlegvis var der ein mann om bord i øyrebåten når nota skulle setjast.

Truleg er den byggd då notlaget gjekk til innkjøp av MB «Timann» M 46 VA i 1946. Notlaget har og truleg fått den fram på dugnad då der var to båtbyggjarar i notlaget, Rasmus Løfoll (1887 - 1979) og Einar Høydalsvik (1920 - 1997). På Løfolla er der høveleg skog, så notlaget trengde eigentleg berre å kjøpe to pakkar båtesaum og tre meter tau til belag og hamleband. Dette var rett etter 2. verdskrig og det meste var mangelvare. Der var og to røynde anleggssmedar i notlaget, Laurits Djuvik (1894 - 1984) og Harald Botn (1908 - 1976), så det var ikkje så lenge gjort å smi noko saum heller om naudsynt. Denne spelbåten var ein sterkbygd gavlbåt med rull i dokker bak og hengsla spel på tofta bak rotofta (noko liknande som ein ser på Lissjenotabåten (sjå under Holsvik motlag). Då tofter og tverrband vart demonterte ved innsetjing av motor vart den for veik i skroget og den fekk etter kvart lagt i meir innved i form av lekter på bordinga, og forsterka rekke.


  • MB «Rolf» blir sjøsett på våren.
    MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane.
  • Robåt: Ved kjøp av «Rolf» var det med ein gråmåla robåt. Partseigarane hadde med eigne robåtar ved bruk av landnot. Ved bruk av snurpenota var det vel med ein eller to færingar til livbåt og til bruk ved setjing av steng.
  • «Øyrebåt», brukt snurpedoris, ca. 30 fot, stamn i begge endar, ikkje motor, låg mange år på land norvest av barkekaret. Vart kjøpt for bruk til «Rolf» med snurpenot ut i havet. Ein veit dette vart prøvd og at det vart storskade på nota sør av Søre-Vaulen ved Fosnavåg med dyr reparasjon ved notbøteri i Spjelkavika. Om det etter dette vart drive notfiske i havet veit vi ikkje.
  • MB «Holsvik-loddebåten»
    MB «Holsvik-loddebåten» M 46 VA eller «Lettbåten» (brukte MB «Timann» M 46 VA sitt reg.nr.), sterkbygd, kjøpt brukt, ca. 22 fot, «Marna» 8 – 11 motor med rask omstyring, den typa med ein tung spak ein slo bakover og framover, hadde elektrisk ekkolodd. Ved oppløysing av notlaget seld. 2009 innsett 10 HK Sabb diesel, er framleis i bruk.
  • MB «Bror I», Mk, 37,0/13,0/8,0, Gideon 1938, 50 HK (ein motor som tidlegare stod i «Andanes» før denne fekk sett inn ein 50 HK Volda-motor, eigd av onkelane til eigar), eigd av John Årset, Borgundvågen på Stadt iflg Statens Fiskeriregister. Bygd av Rasmus Straume, Straumshamn som hadde sin spesielle vri på bakenden på ein del av «sine» båtar, noko midt mellom hekk og stamn. Då «Bror I» var her hadde den ein 120 HK motor av merket «June Munktell» eller «Union». Den vart leigd av Holsvik notlag til å ha snurpenota på i perioden frå notlaget forstod at «Timann» var for liten til dei fekk i drift «Rolf». Kva tid og kor lenge kan ein ikkje tidfeste skikkeleg, truleg sommaren 1951. «Bror I» var og utleigd til Håvik notlag ei tid.
    Seinare gjekk som slepebåt, i Hammnevesenet og i ymse leigeoppdrag.

Naust, hengje, framtrekk, barkekar og barking

Holsvik notlag
  • Lissjenotanaustet: Det fyrst kjende, stod 90 grader på dagens plassering til storenotanaustet skulle byggjast, då vart det snudd. Holsvika hadde oppgåva å setje nota når det var fisk på vika, dei sette det kravet at renna skulle vere så bratt at båten glei til sjøs av seg sjølv når ein løyste haldetauet, då slapp ein å ha båten liggande ute med attelet for fortøying og ausing.
Holsvik notlag
  • Det gamle «Storenotanaustet» stod nord av dagens naust. Kan ein tillate seg å tolke Voldasoga b. II, s. 434 om kyrkjebåtar: Åsen, Skare, Åslid, Holsvik og Djuvik hadde «Tispa» og naust i Holsvikholmen så kan kyrkjebåtnaustet godt vere det som seinare fekk namn Storenotanaustet. Når ein ser kor flinke dei gamle var til å nytte vel desse sameige-tinga sine er det lett å tru at kyrkjebåtane vart brukt til not- og fiskebåtar yrkedagane og til kyrkjebåt med helga når vegna hang til turk. For 1881 finns ei materialliste med "Bestemt matrial til nottehuset": 7 Staver, 5 Bjelker, 4 Rafter på 9 Alen 7 Tommer Top, 34 Sperrer, 6 Band, 13 Tylfter Bord og 5 Torvaaler. Skulle gjerne sett at nokon tok seg umak med å berekne dette huset i størrelse. I og med her er oddetal på stavar, bjelkar og torvålar kan ein tru at det er brukt opp att brukbar material frå kyrkjebåtnaustet for å oppnå par og at der er ei blanding av ny og gamal material i naustet.
  • Storenotanaustet: Dagens naust bygd ????, påbygt under krigen. Størrelse l/b/h førebels ukjend.
MB «Rolf»
  • Notahengjet: Ferdig seinast våren 1951 då ein i rekneskapen til Årset notlag finn at dei leigde turking til si not her medan dei bygde nothengje på Aurstad. Hengjet var omlag 20 m langt og 10 m høgt til bjelkane. Her var omlag 1,5 meter med bordkledning frå rafta og nedover, ellers var hengjet ope. Blekktaket var av utretta 200-liters oljefat som på mange andre nothengje og naust på denne tid. På sidene var gode gangvegar for dei som styrde nota rett på "spjakane" (tversgåande stenger for kvar "notbukt"). I begge endar og på ein eller to plassar i mellom var der rullar på omlag 0,5 meter diameter i hengjet si breidd minus gangvegar. Enderullane hadde elektrisk drift (usikkert for midtrull) for opptrekk av nota. Her var godt tilflot på vestenden.
  • Notakassa: Kasse med skått lok, stod for austende på nothenget. Loket vart opna med talje mot enden på nothengjet. Dekt med grøn tjørepapp. Størrelse l/b/h, 5/3/3 m. Her lagra dei turr not som til dømes Vintersnurpa om sommaren og Snurpa om vinteren. Her var og lagra stengjenøter. For å få nøtene i notkassa vart nøtene køyrd gjenom nothengjet mellom båt og notkassa.
  • Barkekaret: Vedfyrt. Står omlag ti meter aust av tufta til notakassa og 6 - 7 meter nordaust av Storenotanaustet slik til at not kunne dragast i karet både frå bakre ende av nothengje og frå Storenotanaustet. Eit støypt kar ca. 2 x 2 x 2 m med avtappingsrør og plugg i botnen. Borka vart kokt på ved at ein fyrte i ei grue midt under karet. Her var sikkert gruer i tillegg der det vart kokt "barke" i koparkjelar. Det gjekk mykje ved til dette. "Rollo"/Vandring enda sine dagar som energirik (full av tjøre) ved under barkekaret. Då barkekaret vart for lite kjøpte notlaget ein stor koparkjel med skraphandlar Holck, skar ut eine enden og skøytte den til tidlegare betongkar. Dette var ein isolert tank for flybensin frå krigen. MB «Lissjeveren» M 20 VA var til Ålesund og henta ein slik til Årset notlag og ein til Holsvik notlag. Det var mykje arbeid å gjere denne rein for isolasjon utvendig (noko bekstoff med seglduk på utsida) og hogge ut skvalpeveggar/forsterkingar inni.
  • Barking: Borka for not som skulle brukast oppe i sjøen, ved overflata var: Bork av bjørk, katiko (eit bek-/asfalt-stoff) og tjøre. Til garn som skulle setjast på djupt vatn vart det tilsett såkalla «blåstein». Dei sila frå utkokt bork med håvane. Om der ikkje var nok borke til å dekkje nota i karet sirkulerte dei borka på den måten at dei tok ut botnpluggen i karet, tappa i bytter og slo innhaldet i byttene på toppen av nota att. Ein barka naturlegvis fyrst nøter og anna utstyr som høyrde til notlaget. På restane kunne barkast private ting partshavarane hadde med seg.
  • Framtrekk: For «Rolf». Var sprengt ut i fjell vest i Holmen, med opptak frå nord. Spel stod bolta i fjell noko fram om renna. For "Timann" renne frå Holsvika og inn i Storenotanaustet frå aust.

Nøter

Lissjenotabåten Tispa i Holsvik Notlag i Notanaustet på Bjørke a

Hugs ved lesing at dette er hamp- eller bomullsnøter. For at nøtene ikkje skulle «gå varme» og byrja å rotne måtte dei hengjast til turk ofte. Hadde du fyrst «bløytt not» måtte du halde nota gjenomvåt til neste gong den skulle «hengjast». Sume tider ausa dei vatn på nota, andre gonger møttest notlaget for å gjere eit «våsekast». Det vil sei at ein kastar for å bløyte nota utan å sjå fisk, så vonar ein at der er såpass med «botnafisk» at det blir «kokfisk» på deltakarane for umaken. For landnøtene er der eit par ting ein må ha i tankane når ein les. Nøtene var ikkje djupare enn det sårt trengdest. Dermed hadde dei godt med stein under nota og brukte færingar og folk for å styre på overflata. Dette kalla dei : "Å steine nota til botn". Om dette vart gjort heile eller deler av sesongen veit ein ikkje.

  • Bolkenota: Frå lydband etter Martinus Holsvik f. 1887: Partshavarane kjøpte bomull- eller hampetråd og batt nota sjølve. Så sette dei saman bolkane og laga på denne måten ei not. Kvar hadde trespiler med bumerket eller svimerket sitt på kavlen (kavlen vart kalla korken etterkvart dei byrja bruke kork til "fljøt") for sin bolk.
    Bolkenot var nok meir namn på organisasjonsforma av notlaget enn på nota. I og med at den som ville delta i eit notbruk måtte legge ned eit stort arbeid for å lage sin «bolk» var det ikkje berre å verte med. Fyrste tida kjøpte dei hamp og konene spann tråd, den var stiv og vanskeleg å spinne. Å binde småmauska not tok mykje tid. Det måtte lagast mykje tau og alt skulle vedlikehaldast ved bruk. Namnet «Bolkenota» vart brukt lenge etter den vart vedlikehalden på «fellesen» saman med dei andre nøtene.
  • Lissjenota: Frammøte for eigarane varsla med ei fjøl i hammaren vest om Holsvikløda. Sildenot. Ca. 70 famner lang, ca. 7 famner djup. Tilpassa bruk på Holsvika. Ved bruk av Lissjenota var det vanleg at folk kom roande for å ta fram nota, dei som kom fyrst var snare «å legge seg på korken». Nøtene hadde ikkje meir «fljøt» (kork, trestykke, små kaggar) enn at nota ville lett sekke om fisken gjekk på. I tillegg måtte ein løfte nota over «hengje» på botnen og unngå notskade. Dette var sett på som lettaste arbeidet og det var godt å puste på litt i hardaste slåtten.
  • Seidenota:I kjøpekontrakt ved eigarskifte på Sundalsåsen med "tiltredelse" i 1926 står om eigarskap til notlag: "Med paa kjøpet fylgjer daa: Ein halvpart i notpart i stornot, veslenot og seidnot". Dermed har notlaget hatt storbunden seidenot og, truleg organisert som bolkenot. Seidenøtene var og dei det var minst arbeid å binde grunna stort "omfar", derfor truleg og den eldste landnot-typa (om ein tek seg fridom og synsar litt). Sjå god forklaring på seidnot av Hans Geitvik i stykket Geitvik notlag.
  • Storenota: Partseigarane varsla med to fjøler i hammaren nedom Holsvikløda. (Måla er usikre, meinar å ha vore fram på mål frå 125 famner og oppover ) Ca. 155 – 160 famner lang, 8 -10 famner djup. Lengda tilpassa Follabugen frå ”Kuen” (ein stor stein med ein del mindre steinar rundt seg i Folla-/Løfollfjøra) til ”Skinvikreina” ved Skinvikelva. Nota er då og lang nok til andre setjeplassar rundt fjorden. Ikkje minst tung nok, dette var bomullsnot. Sjå omslagsbiletet på Busetnadssoga for Volda bind III, fotograf Styrkar Skare ca. 1910.
  • Snurpa: Sommarsnurpa var ei endesnurpe/øyresnurpe, laga eller kjøpt ferdig, truleg i 1950 eller 1951. Det ein veit er at Årset notlag leigde nothengje i Holmen til si not før 1952. Ein prøvde snurpa på "Timann" fyrst. Med våt not vart det for lite fribord. Det vart leigd båt, truleg ein sesong. Så vart "Rolf" kjøpt og teken i bruk, mest truleg i 1952. Måla på nota er usikre, men ein veit at nota til Årset notlag var den minste. Den var ca: 150 famner lang og ca: 21 famner djup. Dermed går ein ut frå at Holmesnurpa var 10 til 15 famner lenger enn Årsetsnurpa og dermed omlag 160 famner lang og bygd på omlag same vis: Brislingband frå «kavlen» og 17 famner ned, siste 4 famnene mot grunnen 36 omfar. Denne delen sleppte gjennom meir vatn og gav rask «snurping». I fyrste enden ein set frå båten, «øyra», er «bussen», 20 – 30 famner med brislingband heilt til botnen (tråd nr. 34 og 96 omfar pr. alen), dette dannar posen ein tek opp fisken med når nota er hala inn. På nota er ca. 20 «ringar» for snurpewire med «haneføter» («haneføter» er eit «skrev» av to tau som nede er knytt i ein ring og er knytt i grunnlina i nota eit stykke frå kvarandre i den andre enden). Til snurpeline var brukt wire som vart spola opp på ein rull, kalla «snurpelinesnelda». Etter setjing drog ein snurpeline frå begge endar med "koppen" på spelet. Gjekk dette for fort drog ein vel av og til berre frå eine enden. Når nota var på båten att drog ein snurpelina gjennom «ringane» på «haneføtene» og inn på snurpelinesnelda, klar til nytt «kast».
  • Vintersnurpa: Det notlaget kalla vintersnurpa var mest truleg ei "forfangstnot" (med band mellom sommar- og vintersnurpe) og var og ei endesnurpe/øyresnurpe, laga eller kjøpt ferdig, truleg i 1950 eller 1951. Den vart brukt med tidlegare omtala snurpedorisen (-dorry) på ca. 30 fot. Anten var kunnskap i bruk for liten eller så hadde nota eit uheldig skap og var lite "fiskja", som dei sa. Eine året tok nota botn og vart ille tilreidd utfor Rivjehornet sør for Sørevaulen ved Fosnavåg med dyr reparasjon ved notbøteri i Spjelkavika. I januar 1954 skriv Hans Langvatn i dagboka si at sonen Mass var med Holmenota på vintersilda. Dei hadde gjort fleire kast utan å få sild. Her er konklusjonen at nota er ganglaus.
  • Stengjenot: Fire nøter: Bolkenota (her er den gamle nota framleis i bruk, no i felles eige), Framtakarnota (orkastnota), Storestengjenota, Lissjestengjenota. Laga som ei vanleg landnot, vart sett ut med «fljøt»/kagge/lita tynne, seinare blåser, med stengjefot på hjørna og begge notendane på land. Ein må sikre at nota botnar også på full flo. Stengjenøtene nytta inst i Austefjorden måtte vere ekstra lange lange grunna lang fjøre.
  • Stengjeposar/Merde: Notpose, kvadratisk med «fljøt» i fire hjørner på «normalposane» brukt i Austefjorden. Normalt brukt med to stengjeføter og to «landtog». Kan og setjast med fire stengjeføter. Ein ser og brukt posar med rektangulær form. Der var fleire størrelsar der ein valde stengjenotstørrelse etter fangst.
  • Framtakarnota/Orkastnota: Ei lita spesialnot/landnot til å ta passelege slumpar frå stengjenot for levering.

Notaset / notakast

Notakasta, sjå Landnotset i Austefjordområdet måtte alle som skulle setje landnot kunne, elles vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om dei forskjellige hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Ved bruk av snurpenot var det ikkje kasta heilt ved land ein måtte kunne, men djupne og tilhøve på botnen der det var i minste laget djupt.

Utsnitt av 8 mm smalfilm av notlaget

Kjelder og informantar

  • Holsvikannalane. Skrive av Martinus Holsvik 1843 -1893 med avskrift av Jostein Fet ca. 1970. Orginal skal vere oppbevart på Ålesund Museum (usikra opplysing)
  • Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
  • Busetnadssoga for Volda band 3
  • Voldasoga: Per Årviknes
  • Aarset, Hans 1936 - 2015
  • Botn, Rolf f. 1934
  • Botn, Tryggve f. 1935
  • Gjersdal, Kåre f. 1927
  • Holsvik, Hallgeir f. 1954
  • Holsvik, Lars 1915 -2007
  • Høydalsvik, Ragnar E f. 1948
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951
  • Kalvatn, Harald P. f. 1944
  • Leite, Kjell f. 1946
  • Løfoll, Sigurd f. 1933
  • Sandnes, Rasmus f. 1930
  • Skare, Ivar f. 1939
  • Åslid, Einar f. 1943

Eksterne lenker


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Holsvik notlag er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.059200° N 6.310400° Ø