MB «Rolf» M 10 VA
MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932:
Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot.
«Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931.
Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane.
Historia om draumebåten
Om opphavet til båten og motoren er det i Holsvik notlag fortalt ei historie som ikkje er stadfesta. No vonar ein på at nokon kjenner att dette og kan fullføre historia.
Ein mann, truleg frå Hordaland, var på fiskerimesse i Bergen i 1926, der kjøpte han utstillingsmotoren til Finnøy Motorfabrikk. Denne mannen hadde ein mindre båt. Draumen hans var ein kutter på 50–60 fot. Han hadde i mange år samla material til denne "draumebåten" sin, grov spantematerial og eikehud. Rundt om denne tida motoren vart kjøpt tok han kontakt med ein båtebyggjar i Hardanger for å planlegge båt etter materialmengda. Ut frå materialmengda vart planlagt og bygd ein omlag 40 fot stor kutter. No er ein komne inn mot 1930, fiskeria slår feil og mannen si helse sviktar. Bygginga stoppar truleg opp grunna pengemangel på godt halvferdig båt.
Ein har undersøkt litt i Hardanger. I Herand vart det sagt at i tre år etter kvarandre rundt 1930 var økonomien i fiskeria så dårleg at der var ikkje bygd ein einaste gavlbåt.
No er ein komne fram til 1930 eller 1931. Han G. O. Hofland er komen heim etter mange års arbeid med bygging av skyskraparar i USA. Han er på jakt etter gavlbåt til landnot, har nok funne denne som ikkje var heilt ferdig og kunne omgjerast til gavlbåt før sjøsetjing. Båten vart dermed "meget spesiell" til gavlbåt å vere. Det som var tenkt til å vere ein fin kutter, "draumebåten" vart ein skapning som eldre folk framleis må hugse og det på grunn av den kraftige "svineryggen" som rakk til midt på rorhuset (ein uvanleg kontruksjon til gavlbåt å vere).
No vonar ein på at nokon seier; a,ha, dette har eg høyrt før og melder seg med historia og eit bilete eller to.
MB «Rolf» SF 220 A i Folkestad, Korssund i Askvoll kommune (2010 Fjaler kommune)
Eigar: Gerhard O. Hofland, Folkestad ved Korssund, tidlegare Askvoll kommune.
G. O. Hofland, G. O eller «Uren» i daglegtale, budde på bruket «Ura» i Folkestad, derfor vart «Rolf» som «gavlbåt» kalla «Uragavlen». Den hadde og kallenamnet «Jorias», kanskje det og har med plassen Ura å gjere og skal vere «Urias».
På sida hadde dei handdriven rull (kalla «sute») for å ta inn snurpenot. I 1945 var rullen driven frå Finnøymotoren.
G. O. Hofland var ute etter ein «gavlbåt» til bruk for landnot og har truleg kjøpt båten under bygging og endra den eller fått den ombygd til sitt bruk før sjøsetjing. Hekken vart saga av eller ombygd, det vart sett inn spegel og båten fekk dekk framme, den var open bak rorhuset. I og med at den i utgangspunktet var ein større båt med grove spant og eikehud vart den som avsaga mindre gavlbåt tung og sterk i høve til størrelsen.
G. O. Hofland hadde, brukte og var sterk tilhengar av landnot. På «Rolf» var ei brukt snurpenot som vart omarbeidd til landnot. Denne hadde dei i båten bak rorhuset før det vart lagd i heilt dekk. Etter dekket var lagt hadde dei landnota i romet, då med ein ekstra rull i bakkant av romet for å heve nota opp før den gjekk ut over rullen på spegelen ved setjing.
G. O var tilhengar av landnot og skreiv i fylgje informantane mange innlegg i bladet «Fiskaren» mot ein like sterk tilengar av snurpenot.
«Rolf» vart mykje brukt til kyrkjebåt når den var heime kyrkjesundagane. Under krigen var den ofte i bruk då der var tilsett nazi-prest i heimesoknet. Kyrkjelyden gjekk med båt til grannesoknet i protest.
Oskar Lammetun og Alf M. Folkestad som begge var mannskap i 1945 fortel at då var det kome heilt dekk i båten. Dekket var lagt i av ein båtbyggjar frå Leirvik i Sogn, Bendik Bråstad. Denne Bendik har budd og virka som reparatør og båtbyggjar ut i Bulandet/Værlandet og ser det ut til (fint om lesarar av stykket bidreg med informasjon om det) Dekket på bakre halvdel var festa på skotet bak motorromet og 10–15 cm lågare enn dekket på fremste halvdel. På styrbord side hadde båten fått montert handdriven «sute» for å ta inn not. I 1945 når det var dekk bak og var suta driven frå Finnøymotoren.
Brødrene Lie frå Fjell, sør for Bergen hadde snurpenot. Bas var Nils Mikkelsen Lie. Dei leigde «Rolf» med båtførar og noko mannskap i den sesongen dei brukte snurpenota. Denne nota var ei «endesnurpe», ein teknikk som kom til norskekysten frå Island i fylgje informantane i Askvoll og Fjaler. Når Lid-karane brukte båten med snurpenot var nota på romluka. Dei hadde då fire køyer i lasteromet bak motoren for å få plass til nok mannskap. I 1945 låg dei etter brisling og sild i Hardangerfjorden med Rolf Hofland som båtførar.
Det var Rolf Hofland som dreiv båten siste åra i Folkestad før han selde og gjekk over til drift av drosje 1950 - 1951.
Radioen i «Rolf» i mai 1945
På nokre av fiskebåtane var det på slutten av krigen gitt løyve frå okkupasjonsmakta til å ha med radio på feltet av sikkerheitsgrunnar. Desse radioane vart henta og kvitterte ut når båtane starta på fisketurar og innleverte og kvitterte inn når turen var slutt.
Ragnar Ulstein, forfattar av bøkene «Englandsfarten» seier at han kjenner til dette frå intervju med fiskarar. Grunngjevinga var at det å høyre vêrmeldingar var viktig i næringsverksemda, difor lånte okkupasjonsmakta ut ein del radioar på slutten av krigen. Den som ville ha desse radioane måtte vere temmeleg pågåande for å få slikt løyve. På «Uragavlen» (altså «Rolf») hadde dei radio i lugaren framme 7. mai 1945 fortel Alf M. Folkestad. Folk såg at G. O heiste flagget og høyrde at frigjeringa var i full gang. Då rodde folk ombord i «Rolf» for å høyre radio. Alf veit ikkje kor mange som kom om bord, men då dei kom i båtane att var «Rolf» på grunn av folkelasta våt over planken under det kvite feltet med registreringsnummeret på framme.
Folket samla seg på land og danna tog, gjekk opp gjennom bygda og fekk flagg på vegen. Dei gjekk til skulen der læraren heldt tale for dagen medan kona til læraren sat i ein glaskarm og tørka tårer. Dette var vel ikkje ufarleg då der var ei tysk forlegning på Fure ikkje langt unna.
Overhaling i 1945 og dramatisk kryssing av Stadt
Hausten 1945 var Rolf Hofland og Oskar Lammetun på Finnøy i sju veker for full overhaling av motor og utstyr. Dei budde i båten som låg i bøye utfor verkstaden. Der var ikkje kai, så alt som skulle i land måtte i robåt. Dei kom heim att vesle julaftan.
Oskar fortel at dei hadde ein fæl tur nordover. Då dei gjekk frå Måløy var det i ferd med å bli uvêr. Dei møtte to større båtar på sørgåande før dei kom skikkeleg ut for Stadt. På begge båtane kom der folk ut på bruvingen og vinka at dei måtte snu, «men vi var unge og hadde ikkje vit nok og fortsette. Hadde me endå hatt vit til å svinge inn nord om Statten».
Dei gjekk inn Flåværleida og inn til Moltustranda. Overføringane for kopling og omstyring var utslite etter vanskar med deler under krigen og virka ikkje. Rolf Hofland hadde derfor ein teknikk der han berekna avstand til kai slik at han kunne kople propellen frå motoren med spett og legge mellom ein planke. Så måtte dei treffe og ta seg fast når båten kom til kai. På kaia stod der folk som lurte på kvar dei kom frå. Desse trudde ikkje på karane då dei fortalde at dei kom leida nordover; det kom ikkje levande folk frå Stadt i slikt vêr.
MB «Rolf» M 10 VA i Holsvik notlag i Austefjorden i Volda kommune
MB «Rolf» var mellom 1951 eller 1952 til notdrifta var slutt i 1963 storebåten i Holsvik notlag. Om båten kanskje ikkje var spesielt fin eller velhalden var det ein staut båt, rekna som den største av notbåtane i dei tre store laga inst i Austefjorden. Den hadde ein frisk motor (sjølv om den var ein fante til «å rase av», på same måte som mange samtidige motorar) og gutungane som høyrde til i notlaget meinte naturlegvis at «Rolf» gjekk raskast ved kappkøyring mellom notbåtane. Kappkøyring var det når det var fisk det skulle setjast not på eit stykke unna, ein måtte kome fyrst og sleppe øyrebåten. Den som fyrst hadde notenden i sjøen hadde rett å setje nota.
Når silda eller brislingen kom inn og Austefjorden var full av konkurerande notlag var det spennande å vere gutunge og fylgje med. Kastinga gjekk ofte føre seg om kvelden og utover natta. Mødrene trudde ofte at dei hadde fått gutungane til sengs og at dei sov, men når ein av båtane i fjorden «stramma opp» (auka kraftig turtalet på motoren) stod gutane lys vakne ved glaset som vende mot fjorden og fylgde spent med. Dei lokale båtane kjende ein på lyden.
Båten vart innskriven i det lokale handskrivne registeret for Volda (sjå lenker på heinesida til Volda Bygdetun) utan datering nokre år etter den kom hit (sjå lenke i botnen av stykket). Registreringsnummer, M 10 VA er flytta frå «Gimbra». Papirarbeidet har "gått i klabb", som dei sa, registreringspapira bilr aldri heilt i samsvar med verkelegheita etter eigarskifte. Registreringsnummeret hadde «Gimbra» tidlegare, og den båten er forskriftsmessig utmeld då han vart seld frå Holsvik notlag til Dalsfjorden og fekk nytt nummer M 27 D (seinare M 128 VA då Dalsfjord kommune vart slegen saman med Volda kommune).
Lars Holsvik og Harald Botn henta båten, Rasmus Sandnes og Sigurd Løfoll var med som turistar. Rasmus og Sigurd seier dei reiste til Askvoll med rutebåt og at eigaren kom og leverte båten der. Då dei gjekk inn Austefjorden for fyrste gong såg ein kar på han og sa: "Der for «Gråmerra»". Han synte då til den gråaktige fargen på eikehuda. Båten hadde fått sitt utnamn/bruksnamn som seinare tidvis vart brukt.
Holsvik notlag endra på båten før dei tok den i bruk: «Svineryggen» framme vart riven og stamnen skoren ned til passeleg høgde. Notrullen og «dokkene» bak vart demontert. Laget bygde ny opa rekke med om lag 15 cm brei overplank avrunda til dekk i begge endar og med eit rør mellom «planken» og dekk. Rorhuset vart kanskje gjort litt mindre. Etter det tidlegare mannskap seier var det ei romsleg bysse i bakkant av rorhuset og dette er borte. Lokalt her trur dei ikkje rorhuset er bygd om, byssa var truleg ikkje større enn det vesle romet som var i bakkant på rorhuset medan båten var i bruk her.
I Holsvik notlag vart «Rolf» brukt med endesnurpe med «Timann», M 46 VA, som slepar. Drifta var på Sunnmørsfjordane. Ein er kjend med at dei var på fiske og kasta sør om Søre-Vaulen ut for Fosnavåg, for Rivjehornet. Her tok nota botn og vart stygt sundriven med dyr reparasjon på notbøteri i Spjelkavika som resultat.
Tidlegare hadde dei hadde lege ti mann i fem små køyar i lugaren på «Timann». Senastrekk og grauttjukk luft var årsak til at få eller ingen fekk den søvnen dei trengde. I tillegg var der så lite fribord med snurpenota inne at få torde å late att augene av den grunn óg. Notlaget hadde no to gode båtar og god køyeplass.
Grunnstøyting
«Rolf» var rekna for å vere tung og sterkbygd. Dette fekk dei bevis for då notlaget var på tur ut Voldsfjorden ei natt til måndag etter å ha vore heime i helga. Alle parteigarane hadde gard, dette var midt i slåtten og det var god bruk for karane heime og. Mange av dei hadde vel knapt blunda sidan dei kom heim laurdagskvelden. Rett nok var det sundag og helgefred, men det var så mykje som måtte gjerast før dei reiste på sjøen att. Rett for Berkvika hadde rorgjengaren sovna, og med resten av mannskapet sovande i lugaren trefte båten slakt fjell på Berkneset med full fart, gjekk seg turr og la seg på sida på berget. På «Timann», som låg litt etter, vakna karane i lugaren av at rormannen ropte; "Neiiiii, no reise dei opp i fjørå", han såg at «Rolf» gjekk på feil side av staken for Berkneset og for herjande oppetter berget.
Mannskapet vakna og samla seg, sikkert ganske skjelvne av opplevinga og drog nota ned på berget. Båtbyggaren, han Djuvik-Einar fann seg ei øks og for over og banka på hud og kjøl, lytta og såg for å finne ut om der var skadar som ville gje lekkasjar når båten kom i vatnet att.
Dei prøvde fyrst å drage «Rolf» flot med «Timann». For ikkje å gjere skade på «Timann» brukte dei ikkje dei vanlege slepefesta. Dei la ei lykkje på heile båten for å fordele belastninga, ga god slakke på tauet for å få opp farta før dei "song oppe". Det vart gjort fleire forsøk, men «Rolf» låg like roleg. Så kontakta dei ein større båt som drog «Rolf» av. Dei tok om bord nota og fortsette vidare. Båten fekk ikkje lekkasje. Historia vart knapt nok nemnd meir.
Motoren
Finnøy 34 HK, to-takt semidiesel, byggeår 1928 (avskrift frå handskrive fiskeeiregister i Askvoll kommune 1931 og Volda kommune, udatert).
I byggelista frå A/S Nils N. Finnøy Motorfabrikk som ein finn i brodjyre på Semidiesel.no må motortypa vere type: 1C 30/37 BHK (svinghjulsdiameter Ø 850) Cira (Telegramkode). Svinghjulsdiameter kontrollmålt ved [Vegsund Slipp A/S] 16/3-2011 til Ø 850 mm, der motoren på dette tidspunkt står her som ein del av ei motorsamling.
Motoren stod i båten heile brukstida. Hausten 1945 var Rolf Hofland og Oskar Lammetun på Finnøy i [Sandøy kommune] i sju veker for full overhaling av motor og utstyr.
Motoren fekk i Holsvik notlag si eigartid Longvatopp, levert frå Longva Mekaniske, Haugsbygda i Sande kommune. Dei var spesialistar på toppar som fekk fart i desse «tunge malmklumpane» i botnen på båtane. Longvatoppen hadde rykte på seg at den gav motorar auka effekt i høve til originaltoppane.
Motoren vart henta i Holsvika 2006 av motorentusiastar på museet til Vegsund Slipp med tanke på restaurering.
Slutten
Siste åra vart innteninga mindre, gardbrukarane tok seg anna tilleggsarbeid og det vart vanskeleg å stille nok mannskap. Gutane vart sende med som mannskap, dei skulle ha fedrane si oppgåve ombord. Sume greidde oppgåva, andre hadde knapt nok vore om bord før og det blir fortald om rar setjing av not. Drifta vart dermed vanskeleg og gjekk i stå her som i dei andre store notlaga i Austefjorden. Siste kastet var i 1963.
Notlaget averterte no eigedelane sine til sals. På «Rolf» kom eitt bod, men dette var så lavt at minst ein av eigarane meinte at då skulle heller båten få rotne på slipp. Dette vart og resultatet. Den vart til slutt brend på slipp med motoren i som ei brannøving for det lokale brannvarnet mellom 1973 og 1975. Som nemnt vart motoren henta i 2006 med tanke på restaurering.
«Rolf» vart ikkje flytta i Statens merkeregister ved eigarskifte rundt 1951, her blir den ståande registrert under Askvoll som SF 220 A til den blir sletta frå registeret rundt 1967.
Historia om «Rolf» mot "gløymeboka"
Gutungane i Holsvik notlag var kry av «Rolf», storebåten vår. Så blir gutane vaksne, mange skikkeleg vaksne og byrjar å prate om «gamle dagar» og oppveksten. Eit av spørsmåla: Kvar kom «Rolf» frå ? Svaret «Vi veit ikkje» førte fleire ut på leiting etter informasjon. Ein hugsa at den var registrert M 10 VA, men båten var ikkje i det trykte Statens fiskeriregister for Volda, og den handskrivne utgåva av same register er ikkje funnen enno (2010).
Her er to vaksne karar, Rasmus Sandnes og Sigurd Løfoll, som kunne fortelje at dei var med Lars Holsvik og Harald Botn som "turistar" og henta «Rolf» «synnja i Statten» (sør for Stadt). Etterkvart som ein fekk rekkje reisa med rutebåtar kom det fram at båten måtte vere henta i Askvoll sentrum, men båten høyrde til litt lenger sør. Mannen som leverte båten stod att og gret då dei la frå kaia og byrja på heimveg. Turistane hugsar óg at dei kjøpte seg kvar sitt dugelege krepsemåltid i Måløy. Måltidet og ein god del til kravde «Statten» att. Sjøsjuka slo til for fullt.
Søking i fiskeriregisteret på nett gav som resultat at motoren var rett registrert. Opplysingane om båten elles må vera feil, men det var den einaste mogelege i registeret. Etter ein del telefonar kom ein fram til to godt vaksne karar, Alf Folkestad og Oscar Lammetun som hadde vore mannskap på båten i 1945 som kunne løyse gåta. Men fyrst måtte det avklarast kva båt det var: «Rolf»? Tja, kanskje, men namna «Uragavlen» og «Jorias» var kjende, Då ordna det seg på same måte som her i området, registreringsnamnet var det få som visste om, det er utnamnet eller kallenamnet ein kjenner.
Bilde som syner notsetting i Dalsfjorden
Dette er jakt. Notbasen i loddebåten går eit stykke framom notbåten og leitar etter ein passeleg slump/lopp med sild eller brisling å setje på. På notbåten er beskjeden "kvar til sitt" gitt, karane er på plassane sine og skal sjå til at setjinga glir lett når ordren "set" eller "la nota gå" blir gitt. Notbasen gir teikn (normalt er dette at basen retter ut begge hendene, men når der låg mange notlag å vakta både på fisken og kvarandre måtte spesielle teikn avtalast. Døme: Basen held ei fyrstikkeske i høgre handa, blir denne sleppt på sjøen er ordren gitt). Set. Ein høyrer nokre tunge slag frå semidiesel-motoren før turtalet på motoren og farta på båten aukar. "Løys øyrebåten", ein må ha litt fart for å få systemet til å virke. Båten er festa slik på notenden at den legg seg på tvert. Det blir ein rykk i notenden og nota glir ut (nota går). Det blir gått ut ein ring rundt loddebåten. Bereknar skipperen godt tek ein fast i øyrebåten når siste notende glir ut av dekk. Loddebåten set stamnen i sida på notbåten og held den unna nota medan sleparen, her «Timann» går inn og får slepar ombord og byrjar forsiktig å trekke notbåten unna nota. No legg ein snurpewiren i blokkene på på "snurpedaviten" og begge wirendane på "koppen" på det motordrivne spelet og derg snurpewire frå begge endar til alle snurperingane er på rekka. Så spolar ein snurpewiren inn på "snurpewirerullen" og låser ringane. No er det "botn i nota", den dannar ein pose. Ein legg opp "suta" (notrullen ein tek inn nota over) og byrjar å ta inn not. Fisken er berga, om ein ikkje har fått for stort kast, då kan nota sekke. Spennande, det er berre forbokstavane. Det var vanleg å slepe fangsten til land og setje den "i lås" i ei "stengjenot" eller ein "pose" i påvente av levering.
Eksterne lenkjer
- Rolf SF 220 A, Merkeregister for Askvoll https://media.digitalarkivet.no/view/111227/24
- Rolf M 10 VA, Merkeregister for Volda https://media.digitalarkivet.no/view/111202/69
- Finnøy motorfabrikk http://www.snl.no/.nbl_biografi/Nils_N_Finn%C3%B8y/utdypning
- Informasjon om båtmotorar og produsentar http://semidiesel.no/
- Youtube: Holsvik Notlag i Volda kommune AMU 2012. (Video: Austefjord Museumslag)
Kjelder og informantar:
- Austefjord Museum
- Register over merkepliktige norske fiskefarkostar
- Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
- Notfiske i Austefjorden, eit hefte utgjeve av Austefjord Museum
- Heimbygda i min barndom, av Jakob Gjersdal
- Fiskeriregster for Askvoll, handskrive
Informantar frå Askvoll og Fjaler:
- Hofland, Nora, gift med Rolf Hofland, son til Gerhard O. Hofland
- Ask, Sverre
- Folkestad, Alf Martin
- Folkestad, Svein Tore
- Leite, Harald
- Lammetun, Oskar
- Thistel, Rune
Informantar frå Volda:
- Botn, Rolf f. 1934
- Høydalsvik, Oddvar E. f 1951
- Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
- Løfoll, Sigurd f. 1933
- Sandnes, Rasmus f. 1930
- Skare, Ivar f. 1939
- Åslid, Einar f. 1943
Løyve til sitat frå telefonsamtale om radio i fiskebåtar 1945:
- Ulstein, Ragnar, forfattar av Englandsfarten I og II