Notlag i Austefjordområdet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over indre del av Austefjorden

Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv.

Notlag var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Det var ein meir effektiv måte enn berre handsnøre eller garn. Eigardel i eit notlag har vore verdfull, det skjønar ein når ein son fekk notalagsparten i brudlaupsgåve frå far sin.

Dei fyrste nøtene det vert fortalt om var bolkenøter. Då eigde kvar part sin bolk av nota og hadde ansvar for vedlikehald av den.

Notproduksjon og vedlikehald

Dei tidlege nøtene var landnot/”bolkenøter” av hampetråd og å lage not og naudsynte mengder tau var arbeidssome greier.

«Dei batt garn og not sjølve. Kona på garden spann tråden på rokken heime i stova. Det var ein kunst å spinne hampetråd, for dei fekk ikkje karde hampen i "krullar" som dei gjorde med ulla. Dei hengde hampen i ein kvist eller ei grein av bjørk som stod att med rokkesnelda i eit hol laga i rokken til dette bruk.»

Grunnen til bruk av den mjuke kvisten å ha hampetråden på var at dei kunne riste/halde hampen i rørsle når dei skulle lirke ut passelege mengder til å spinne jamtjukk tråd av.

Når den uendelege mengde med hampetråd frå kvinnehand var ferdig tok mannsarbeidet til. Han batt nota til ein bolk som så vart godkjend og innsett i nota av notlaget. Denne bolken hadde han så ansvaret for vedlikehaldet på så lenge han var partseigar i notlaget.

Hampetråden var bustete og eldre folk sa at når ein heldt opp nybarka hampenot såg ein knapt dagslyset gjennom. Når nota var i sjøen, stod den som ein vegg og det skulle mykje folk til for å drage den fram.

Framskritta og dermed behov for mindre folk for bruk av ei not var om lag slik: Etter heimespunnen hampetråd kom kjøpt hampetråd av jamnare kvalitet. Så kom dei handdrivne spela. Fyrst "spjakespela", så dei sveivdrivne spela med utveksling. Bomullstråden og motordrivne spel var store frmskritt, men framleis måtte nota turkast regelmessig på berg eller "hengje". Etter 1965 vart det nylon i tau og notlin. I kombinasjon med oppfinninga "kraftblokk" kunne no eit menneske bruke ei not av lik størrelse det var behov for 20 menneske til 50 år tidlegare.

Arbeidsfellesskapet, eit ekteskap, i kombinasjonsdrift

Historia fortel og om kor viktig samspelet mellom kvinne og mann var i kombinasjonsdrifta mellom sjø og land. Mannen gjer dei store bragdene ser det ut til, men ser ein på dei store mengdene hampetråd som gjekk med til not, garn og tau var ei dyktig gardakjering det største aktivum i kombinasjonsdrifta. Og berre tenk på slåtten.

Enkelte år har gardbrukarane knapt teke livet av ei grasbust for heile slåtten, dei har knapt nok vore på land heller. I og med at notlaga hadde oppmøteplikt etter eigarskap er dei lite til slåttekarar.

Fiskeri har alltid vore eit sjangsespel. Nokre år mykje fisk, då går prisen ned. Nokre år lite fisk men god pris. Nokre år er det ikkje korkje fisk eller pengar. Her gjeld det å stå på.

Nøter

Landnotset i Austefjordområdet fortel at for å bruke landnot og sekkjenot måtte ein vere «grunnkjend».


Strukturendringar

Kor mange notalag som har vore i Austefjordområdet er ikkje lett å få dokumentasjon på. Litt dukkar opp, pr 2012 har ein skriftleg informasjon tilbake til 1836 i tillegg til muntlege forteljingar. I 1836 var det ei strukturendring. Det gamle Østefjordens Notlag med notlageigarar, truleg frå Årset og Håvik og langt framover Austefjorddalen vert delt i to eller tre med same grunngjeving som 150 år framover i tid. Det vart for mykje folk i notlaget grunna lettare drift. Ser ein på namn på noteigarane er laga organisert slik at dei har eigarar ved fjorden som ser etter fisk og får ut nota, så ropar ein "notabod" framover dalane til eigarane for å gjere det verkelege tungarbeidet, å få fram nota og stengje eller ta seg av fisken. Med spreidd busetnad og tungvint varsling og samling av folk verkar det som grannelag ved fjorden med lettare varslingsrutinar fungerte best og vann konkuransen om fisken og vart dei som heldt ut lengst.

Holsvik notlag

Tillet ein seg litt spekulasjon i tillegg til det ein kan dokumentere har det før ca. 1830 ei tid vore to notlag innanfor Furneset. Eit notlag Høydalen og Hjartåbygda med grense Håvik og Årset. Med ytre grense Håvik og Årset har Østefjordens Notlag eigarar langt framover Austefjorddalen. Heilt til Osdalen dreiv folk vinterfiskje og var båtvande. Strukturendringa ca. 1830 gir truleg fem notlag.

I fylgje "Holsvikannalane" vart laget med tilhald på (2014) Grasneset (tidlegare og skrive Grusnes) delt i 1836 til "Grasnes"-notalaget og den delen som fram til 1880 fortsette under tidlegare fellesnamn Østefjordens Notlag, frå 1880 flytta til Holsvikholmen og bytte namn til Holsvik notlag. Samtidig er fyrste orda skrivne i fyrste kladdeboka ein finn etter Årset notlag. Så mest truleg delt i tre utan at ein kan setje to strekar under svaret.

Strukturendring i drifta er kontinuerleg i form av kjøp og salg av lutar/partar med ein topp mellom 1880 og 1910. Heil part har krav om oppmøte med to mann. Halv part har oppmøte med ein mann. Bruksmønsteret var såkalla heile og halve (delte heile) bruk med innslag av ein del leigde plassar. Det ser ut til at oftast hadde heile bruk heil lut og halve bruk halv lut utan at dette var ein regel. Det er og namn på partseigarar som ikkje eigde jord (kanskje det å ha ein "betre halvdel" som var flink til å spinne hampetråd var viktigare enn eigarskap til jord). Ein ser og døme på at der ein hadde heil part brukte ein halve parten som bryllaupsgåve til neste generasjon for å få til ein glidande overføring av eigarskap.

Å kjøpe seg inn i eller bli løyste ut av notlag har vore har vore meir vanleg enn ein har trudd siste 50 åra (2014).

Ny endring kjem omlag 1930 med nedjustering til under ti mann oppmøte pr. lag. 1946 og om lag ti år framover vart det innkjøpt større motorbåtar og snurpenøter i dei laga som satsa på vidare drift. Desse gav ein del utbyte ein ti års tid. Den siste store endringa i fellesnotlaga kjem i 1960–1965. Inntektene minkar til ikkje lønsam drift. Nøtene blir lettare og dei som driv vidare er dei "spesielt interesserte" som no driv som enkeltmannsføretak. 2014 er det framleis litt slik notdrift, men ei epoke lang fjordane er på hell.


Notlag

Rundt 1950 var det fire notlag som omfatta bortimot heile bygder, eller grannelag.

  • Holsvik notlag heitte frå 1836 Østefjordens Notlag (brukte vidare fellesnamnet til det store, gamle notlaget) og fortsette med tilhald i Grasneset til 1880. Då flytta dei til Holsvikholmen og tok namnet Holsvik notlag. Eigarskapen var lik i tida rundt namnebytet.
  • Høydal notlag var i Høydalen og omfatta mest heile bygda, vart gjerne kalla stornotalaget.
  • Håvik notlag vart til ved deling av Årset notlag i 1932. Hamre og Håvik gjekk ut av Årset notlag, no vart det danna to notlag med passeleg mange deltakarar. Vikestranda kjøpte seg inn på eit litt seinare tidspunkt. Håvik notlag hadde fyrst naust for landnot i Håvika. Ved investering i større båtar og snurpenot laga dei nothenge og framtrekk for båtane i Skorneset.
  • Årset notlag hadde frå 1836 (notat frå fyrste kladdeboka ein finn og samtidig med deling Østefjordens Notlag) til 1952 naust og båt på Årset, så base på Aurstad med naust og nothenge.

Dei tidlegaste nøtene var landnøter og «sekkjenøter», sjå modellar på Austefjord Museum. Her trongst det og ein del folk for bruk. Frå 1836 finn ein munnlege overleveringar og skriftleg informasjon om kastenøter organisert som bolkenøter. Informasjonen frå 1836 fortel om endring frå tidlegare, dermed er notbruk ein tradisjon som allereide er gamal i området. Eigarane måtte lage sin notbolk sjølv, dermed låg det ein stor innsats i å delta i notlag.

Notlaga sitt indre liv var nøye regulert etter Den Gamle Notlova gjengitt i Kjeldearkiv:Om_Aarset_notlag. Kvar partseigar måtte gjere si plikt i notlaget her som andre stadar langs kysten.

Sildesteng ved Høydalsneset
  • Austefjord notlag/Østefjorden Notlag det verkeleg gamle notlaget i inste Austefjorden. Sett i ettertid mor og far til nesten alle seinare notlag innom Skorneset.
  • Geitvik notlag ei fantastisk historie om notkjøp. Avskrift av sjølbiografi av Hans H. Geitvik.
  • Grusnes eller Grasnes notlag fortsette med naust i Grasneset i 1836 på leigd Holsvikgrunn som eine laget etter delinga av Østefjorden Notlag. Ved fyrste grunnkontrakt i 1836 skriven med Jon PS Aursnes i overskrifta for notlaget, grunneigar Iver MS Holsvik som fyrste underskrivar og Ole OS Langevand og Elias JS Overstad (Aurstad). Om dei to siste er vitne eller medeigarar i G. notlag, truleg det siste. I 1880 ved inngåing av ny grunnkontrakt med Lars Botnen (Skinvikbotn, seinare Botn) som bas og eigarar i alle fall til Eide, kanskje lenger framover dalen. Dette laget har fortsett med å ha partseigarar ved sjøen som fylgde med fisken og sette nota. Så bod til dei andre om å møte for å ta nota fram. I 1889 er siste notata ein finn til denne tid etter D. Maan, Lars Førde, Daniel Førde og Lars Lete i Holsvik notlag. Fyrdskarane var eigarar i Grasnes notlag då då D. Maan overtok, truleg som eineeigar, og flytta til Trongestyda på Årset. I same tid vart Leite notlag starta (for å setje årstal må ein finne meir informasjon).
  • Haraldedal notlag eller Sundalsnotalaget med naust utom Vollane på Holsvikgrunn og eigarar i Gjersdal og Sundal.
  • Hjattåbygda, indre.
  • Hjartåbygda, ytre.
  • Leite notlag. Mest truleg starta rundt 1890–1900 etter at Lars Lete let seg løyse ut frå Holsvik notlag for i lag med Fyrdskarane å kjøpe partar i Grasnes notlag. Så overtok D. Maan G. notlag og Leite notlag vart starta. Dei bygde naust og hadde sine nøter i Pøyten på Leite.
  • Løfoll notlag med naust og not på Løfoll.
  • Leirvik, Johannes (1898–1950) hadde ein yngre bror, Gerhard Leirvik (1900–1924) som hadde kjøpt kyrkjebåten «Bugakyra», frå naust i Botnen, til fiske- og føringsbåt. Denne overtok Johannes og brukte den som storebåt. Nota brukte han frå ein færing.
  • Maaen notlag nøtene frå Grasnes notlag. Naust i Trongestøda på Årset. Lars Botnen, bas.
  • Kjeldearkiv: Strånota
Austefjorden. 2007

Etter at dei store notlaga la ned drifta 1960 til 1965 og det om lag samtidig kom nylonnot, vart notbruk mykje lettare. Eit menneske kunne no gjere arbeidet det tidlegare var behov for mykje meir folk til med dei tunge hamp- eller bomullsnøtene. Desse notlaga var enkeltmannsføretak:

Aarset, Hans f. 1936.
Aarset, Kaspar f. 1922.
Årsetøy, Knut f. 1925.
Hamre, Jon f. 1907.
Holsvik, Lars f. 1915.
Høydal, Johannes L. f 1900.
Høydalsvik, Einar f.1920.
Håvik, Håkon f. 1936.
Håvik, Inge f. 1941.


På lenkjene for kvart notlag vert det etterkvart lagt ut opplysningar. Desse vert supplert etter kvart som ein får fram informasjon. På kvart notlag kjem også informasjon om båtane som laget eigde eller leigde. Bilde kjem også på plass etter kvart.

Kjelder


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Notlag i Austefjordområdet er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.