Husøyna 47 (Fedje gnr 168 bnr 339)
HUsøyna 47 | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 339 |
Adresse: | Husøyna 47 |
HUsøyna 47 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Fedje kommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 307 i 1984 (bnr 307 vart frådelt gnr 168 bnr 15 i 1980). Det vart bygd ein tomannsbustad her i 1988. Den vestre delen (bustad 11A) vart frådelt og seld i 2011, sjå gnr 168 bnr 495.
Leigebuarar
Bustad 11A
2. Oddveig Johanne Hestenes f. 1963 Gloppen i Nordfjord (sonedotter til Nils Hestenes, sjå Husa gnr 168 bnr 63-1a), budde her då ho var fysioterapeut i kommunen frå 1993 til 1995. Sidan flytta ho til Innvik i Stryn, Nordfjord.
3. Lasse Moldøen f. 1972 Stormark (gnr 172 bnr 140-1a) var busett her frå 1996 til 2003, seinare bustad Stormark (gnr 172 bnr 210), sjå der.
Bustad 11B
4. Line Solbakk f. 1976 Kopper (gnr 168 bnr 106-3c) g. 2011 m. Steinar Stormark f. 1972 (gnr 172 bnr 141-1e). Dei flytta til Husøyna (gnr 168 bnr 246-2) i 1998, sjå meir der.
Husøyna 47 (Fedje gnr 168 bnr 339) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Husøyna 43 (Fedje gnr 168 bnr 338) • Neste bolk: Husøyna 36 (Fedje gnr 168 bnr 340) |