Husfesta

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Husfest»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Husfesta
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 77
Type: småbruk, matrikkelgard
Postnummer: 6693

Husfesta, også kalla Husfest, er eit nedlagt småbruk (og eigen matrikkelgard), som ligg isolert til på Ertvågsøya i Aure kommune. Bruket inneheld våningshus, sjøhus, naust, vedskjul, stabbur, grisehus og fjøs. Det er ikkje veg fram til bruket, det vanlegaste er å ta seg fram dit med båt.

Den fyrste og den siste brukaren på Husfest

Frå starten var Husfest ein del av garden Ånes. Den fyrste brukaren vi har kjeldemateriale om, er ein Jon. Han busette seg her i 1645.

Den siste brukaren var Ane (eller Anne) Husfest (f. 1911). Ho budde åleine på Husfest etter at foreldra hennar døydde i 1961. I 1992 flytta Anne til Ruøya, og gardsdrifta vart avvikla. På grunn av sjukdom måtte Ane til slutta flytta inn til Aure sentrum. Ho døydde på Aure sjukeheim i 1999.

TV-innslag

30. mars 1990 var Ane Husfest med i eit innslag på NRK-programmet "Norge Rundt". Reporter var Arill Riise. Sjå intervjuet på NRK Nett-TV

Kjelder

Koordinater: 63.28284° N 8.4419° Ø