Ingvald Glomstad
(Omdirigert fra «Ingvald Theodor Glomstad»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingvald Glomstad (1898–1988) var ein småbrukar og spelemann frå Glomstad under Storsetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmøre.
Ingvald Theodor Glomstad vart fødd den 2. oktober 1898 av foreldra Edvard Torstenson Glomstad, opprinneleg frå Stemshaug, og Lovise Larsdotter Inderberg. Han var gift med Gudrun Glomstad (1900–1988).
Ingvald spela ein del tyskfele til dans kring på Tustna. Han døde den 13. august 1988.
Kjelder
- Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227