Innselsetsetra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Murane etter fjøset til Knutegarden.
Foto: Arnfinn Kjelland 2017

Innselsetsetra er ei setergrend for Innselsetgardane i Dalsfjorden i Volda. Monsgarden og Knutgarden hadde setrar her. Dei ligg i Keipedalen ved Keipevatnet 525-30 meter over havet.

Det er vanskeleg å seie kor gamle setrane er. Dei var i drift i 1863 då matrikkelkommisjonen henta inn grunnlaget for den nye matrikkelen. Dei vart så nedlagde i 1925, men tekne oppatt i 1937. Hilda Velsvik f. 1926 på Monsgarden fortalde at da ho reiste heimanfrå vart drifta nedlagd. Det var truleg først på 1950-talet.

Bilde av setra

Alle dei gamle seterhusa vart øydelagde i nyttårsorkanen 1. januar 1992.

Kjelder

  • Busetnadssoga for Volda. Band 1 Dalsfjorden. 2005 side 386.
  • Hustadnes, Valborg 2007: Sæterliv i Voldafjell - II. Sætrar i Bjørkedalen – Folkestad - Dalsfjorden, side 161-167.
  • Lyngnes, Sverre 1965: Dalsfjord. Dalsfjord sogenemnd s. 128.
  • Sætrar under garder i Dalsfjord herad, Instituttet for sammenlignende kulturforskning, uppskrive av Jon S. Steinsvik, 2.1.1934, skanna på Digitalarkivet


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Innselsetsetra er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.0567288° N 5.8693712° Ø