Iver Eriksson Hagin (1889–1904)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Iver Eriksson Hagin (fødd 1889 i Sør-Aurdal, død 28. juni 1904 ved Rockall) var ein av passasjerane som omkom då emigrantskipet DS «Norge» gjekk ned ved Hebridane i juni 1904.

Han var son av husmann Erik Olsson Hagin (1847–1904) og Anne Mikjelsdotter Hagin, og var den yngste av fire sysken.

Foreldra flytta til plassen Tordebrøtahagin i Sør-Aurdal. Plassen vart utskild som småbruk i 1870, men vart så plass under Tronhus att i 1880-åra. Vi finn familien der i folketeljinga 1900. Då budde foreldra der med tre soner, medan dottera Marit Eriksdotter Hagin (f. 1884) var vekk.[1]

Iføljge bygdeboka for Sør-Aurdal reiste dei to eldste sønene til Amerika ei tid etter 1900, og i 1904 ville foreldra ta med seg Iver og følgje etter. Dei gjekk om bord i Kristiania 24. juni. På morgonen 28. juni hadde skipet kome ut av kurs, og gjekk rett på klippa Rockall ved Hebridane. Av dei 795 om bord mista 628 livet, av dei 224 nordmenn. Heile familien frå Sør-Aurdal var bland dei omkomne.

Iver vart seinare omtalt i sambygdingen Mikkjel Fønhus si novelle «Tikkéten» i første band av Nye romaner og fortellinger. Der skriv han om «Timan i Brøta», som i boka var tretten år gamal, medan venen Magnus – som var Fønhus sjølv – var tolv. Eigentleg var Fønhus ti år gamal, og Iver var femten i 1904. Foreldra kallar han Syver og Kari i staden for Erik og Anne. Han fortel at dei fekk ein billett – «tikkéten» – frå sønene i Amerika, og det var ofte slik at nokon drog føre og sendte ein billett heim til familien. Avskjeden mellom dei to gutane reknast som ein av dei finaste menneskeskildringane til Fønhus. Magnus drøymer om ein Timan som utforskar dei store skogane i Amerika, men han les så i avisa at skipet gjekk ned og at heile familien var vekk.

Referansar

  1. Ivar Eriksen i folketeljinga 1900 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet

Litteratur og kjelder

  • Iver Eriksson Hagin i Historisk befolkningsregister.
  • Brenne, Tom: Mikkjel Fønhus : hans liv og forfatterskap. Utg. Landbruksforlaget. Oslo. 1993. Digital versjonNettbiblioteket
  • Davidsen, Bjørn: De møtte døden på St. Helen : en beretning om dampskipet "Norge"s forlis ved Rockall 28. juni 1904. Arendal. 2001. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fønhus, Mikkjel: Nye romaner og fortellinger. 1 : Pisil ; Tikkéten ; I midnattsol og mørketid. Utg. Aschehoug. Oslo. 1978. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind B Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leiskogen, Dølve og Hølera, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1988..