Jarnes Møbler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jarnes Møbler AS er ei møbelbedrift i Sykkylven, etablert i 1996. Dette var ei vidareføring av Jarnes & Krokå Møbel- og Trevarefabrikk som gjekk konkurs i 1995. Tidlegare medeigar i Jarnes & Krokå, John Jarnes, kjøpte konkursbuet av banken og skipa eit personleg firma, John Jarnes. Denne nyskipinga førte møbelproduksjonen vidare. I 1996 vart bedriftsnamnet endra til Jarnes Møbler AS, og med på eigarsida kom nokre av dei tilsette, mellom andre sonen til John, Kjell Jarnes. Dei hadde først produksjon i dei tidlegare lokala til Gjerde Fabrikker. Då desse lokala vart omgjorde til bustader, flytta verksemda over fjorden, til Vikøyra. Bedrifta spesialiserte seg etter kvart på leveransar til hotell/restaurant/bar-og båtmarknaden. Kolleksjonen bestod av stolar, sofaer og ørelappstolar. Ei tid arbeidde dei også med utvikling av ein barnestol for offentlege transportmiddel. Dei produserte barnestolen ei tid, men så vart han seld av eigarane av produktet til England.

Etter kvart har dei teke opp ein retrokolleksjon, mellom anna basert på dei enkle bruksmøblane som Jarnes & Krokå var kjend for. Denne kolleksjonen vert seld gjennom bedrifta sin nettbutikk. Bedrifta har eit nært samarbeid med møbeldesignaren Jarle Slyngstad.

Jarnes Møbler har vore mellom dei norske møbelbedriftene som har satsa mest målmedvite på sal gjennom nettet og marknadsføring gjennom sosiale media.

Jarnes Møbler AS hadde ved utgangen av 2016 tre tilsette. Eigarar er Frank Utgård og Stephen Watters.

Kjelder