Jens Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens (Hermann) Aarskog (fødd 27. november 1875 i Haukedalen i Sunnfjord, død 22. mars 1951) var lærar og kyrkjesongar i Fjærland i Sogn.

Han var son av Johannes Aarskog og Ingebjørg Olsdotter f. Frøisland. Jens Aarskog tok eksamen ved Stord lærarskule i 1897.

Som nyutdanna vart han hausten 1897 tilsett som lærar i Haumrum, og frå 1900 var han kyrkjesongar i Fjærland.

Aarskog skipa eit blanda kor i 1897, og var instruktør og dirigent for dette i fleire tiår. I 1916 starta han Fjærland privatbank, der han sat som kasserar til 1923. Frå 1923 var han òg formann i Balestrand skulestyre. Fjærland høyrde til Balestrand kommune fram til 2000.

Jens Aarskog var gift med Kirstina Andersdotter f. Mundal (1880-1963), dotter av bonde og postopnar A. Mundal og Sunneva Stillaugsdotter. Ekteparet Aarskog fekk tre søner og to døtrer.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer