John T. Nystuen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

John Torstensen Nystuen (fødd 21. mars 1840 på Nystuen i Vang i Valdres, død 28. januar 1929) var forfattar.

Far til John T. Nystuen var Torstein Jonson Nystuen. Han giftet seg med Berit Iversdotter Oppdal. Etter nokre år flyttet dei til Årdal i Sogn, der dei kjøpte den avsidesliggande fjellgarden Nundal. Men alt året etter, døydde Berit. Torstein sat att med fire små born og fann ikkje å kunne drive garden åleine. Etter å ha fått ordna med sal av garden, flytta han attende til Filefjell, der han blei buande i Grøneli, ein støl til Nystova. Til hjelp i huset fikk han med seg Anne Gudbrandsdotter Opdal, som han seinare gifta seg med.

I 1854, som 14-åring, vart John T. Nystuen med far sin og to søstre, Berit og Veljar, til Amerika. Broren Ivar, som då var berre sju år gammal, ville ikkje vera med og vart attende i Noreg. Då han vart vaksen, reiste han også over til Amerika.

For å hjelpe til med det daglege brød, tok John teneste hos ein amerikanar. Han hjalp til med å stelle dyra og fekk gå på engelsk skole. Her ble han i sju uker, som utgjorde all hans skulegang i Amerika.

Ved Deer Creek fann John T. Nystuen sin fyrste hustru, dotter av Knud og Guri Lee. Etter noen år blei han enkemann, og to år seinare, i 1884, giftet han seg på ny med Necoline J. Lervik, dotter til Johan Lervik fra gaarden Lervik på øya Smøla.

John T. Nystuen døydde i 1929 og er gravlagd i Oak Lawn Cemetery, Northfield, Minnesota.

Litteratur

  • Erindringer. Første gang utgitt i Minnesota 1917, ny utgave 1994.

Kjelder

Sjå også