Jon Ånison Folsæ

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
John Ånison Folsæth.

Jon Ånison Folsæ (Folseth) (1824-1882) var bonde og predikant. Foreldra var Åni Tarjeison Lønnegrav (1791-1857) frå Vrådal, gift 1814 med Torbjørg Jonsdotter Fjone (1785-1862) frå Nissedal. Åni hadde Naper i Vrådal og vert nemnd som Åni Naper.

Åni Tarjeison Naper kjøpte Folsæ Gnr. 93 i Hauggrend i 1830. Eine sonen Tarjei vart gift til ein gard i Randesund, Korsvig, ein annan son, Gunnar, tok over Naper og det vart difor til at Jon tok over garden Folsæ. Det var og to døtrer, Sigrid som vart gift på Bjåland i Lårdal og Birgit som vart gift på Lofthus i Fardal i Fyresdal.

Jon vart i 1865 gift med Olydia (Lydia) Arntsen (1824-1879) frå Alstahaug, husjomfru hjå prosten Teisner og dotter til sorenskrivar Arntsen. Ho var ei stille kristen kvinne som hadde stor tillit. Dei fekk ingen born. Heimen deira var ein veneheim som stod open for alle kristelege vener og alle som søkte hjelp og rettleiing.

I 1860 byrja det ei religiøs vekking i Fyresdal og Vrådal, denne hadde sitt utgangspunkt i Gunhild Veamyrane. Ho var ei tid i teneste hjå morbroren Aani Findreng som seinare vart forstandar i den lutherske frimenighet i Vrådal. Frå Vrådal kom ho året etter tilbake til Fyresdal og tok teneste på Folsæ hjå Jon. Ho fekk raskt stor påverknad på sin nye husbond som av natur hadde eit alvorleg sinn. Han vart vakt til eit sterkt åndeleg liv. Jon var ein staseleg mann, han hadde store talegåver og ein sers god songstemme, noko som kom godt med når han tala i forsamlingar. Han heldt oppbyggande møter rundt om i prestegjeldet, noko som var ukjent i den tid i Fyresdal. Andre predikantar slutta seg til han.

Prosten Iver Andreas Teisner lika ikkje dette noko serleg, det vart mykje uro ein periode i bygda slik han såg det. I prestegarden var det mange livlege diskusjonar, husjomfrua var sterkt engasjera i den nye vekkinga og det ende med at ho gifta seg med Jon. Jon var ein stadig kyrkjegjengar og søkte flittig nattverdsbordet. I sin siste sjukdom hadde han presten to gonger for å få nattverd, den siste gongen sat presten der til han døydde

Jon hadde vore på Seminariet og var lærar då han fekk garden. Dei gode tømmerprisane gjorde Folsæ til ein god gard. Faren og broren Tarjei handla til seg naboeigedomar som så etter kvart vart lagt til Folsæ. Med dette vart Jon ein velhavande mann som dreiv garden sin godt. Til Foldsæ høyrde ti husmannsplassar, det vart kjøpt til tre til slik at det kunne vere 13 husmenn til bords i kjøkkenet. Han var rettferdig og snill med dei han hadde ansvar for og snill mot dei som trong det. Slik kunne han gje bort både ku og hus. I fjøset var det som oftast 10-12 kyr. I jula bruka han alltid å samle husmennene sine til ein festmiddag, som regel var det 1ste juledag. «Da kokte dei paa Folsæ ei kjøtgryte saa stor at---.»

Gravminne på Veum kyrkjegard.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Jon var nytta til mange tillitsverv og vart mykje nytta i det kommunale liv. Han var ein god ven av lensmann Lars Abraham Qvisling. Han gjekk alltid bykledd, ein arv frå han var på seminaret, og han tala eit noko stivt bokmål, eit skulemestermål. Han skilde seg difor alltid noko ut frå sine sambygdingar. Då han døydde var det for mange eit stort sakn etter han. På Veum kyrkjegard står gravminnet etter han og Lydia.

Etter Jon overtok Anne Marie Korsvik, dotter til Tarjei, Folsæeigedomen. Etter ein periode som fattiggard vart det så landbruksskule her.

Kjelder og litteratur

  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Svendsen, Sigrid: En vækkelse. Lutherstiftelsens forlag. Andre opplag Oslo 1971.
  • Ådna, Karsten: Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum. A.S. Lunde & Co.s forlag 1955