Jon Hole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon Hole (fødd 7. mars 1930, død 10. desember 2012 i Sykkylven) var lærar og lokalhistorikar frå Sykkylven på Sunnmøre. Han voks opp på garden Hole i Velledalen, som nummer to av seks søsken. Som eldste gut hadde han odelsretten til garden, Holen. Han hadde gode evner og gjennomførte 2-årig gymnas på Nordfjordeid. Etter fullført artium praktiserte han ei tid som lærarvikar i heimbygda. I 1951 døydde faren, og ein del av ansvaret for stellet av garden gjekk over til Jon.

I 1952 reiste han til Hamar for å gå lærarskulen. Han kom attende som ferdig utdanna lærar til Sykkylven i 1954. Dei følgjande åra hadde han lærarstillingar både på Vik og Aure skule. Så kom han til ungdomsskulen der han var lærar resten av dei yrkesaktive åra sine. Som pedagog vert Jon Hole omtala som streng, men rettvis, og med stor omtanke for elevane sine.

Nyttårsaftan 1963 gifte han seg med Ruth f. Skotte, som også var lærar. Saman fekk dei fem born.

Ved sida av lærargjerninga engasjerte Jon Hole seg i lokalhistorisk arbeid. Han var interessert i foto og byrja tidleg med innsamling av historiske bilete i heimkommunen. Dette arbeidet resulterte mellom anna i tre biletbøker som alle fekk tittelen Bygda og folket i farne tider. Det siste bandet i denne serien tok føre seg historiene til mange av dei som flytte frå Sykkylven til USA.

I 1983 skreiv Jon Hole 100-årssoga til Sykkylven kommune. Boka vart gjeven ut i samband med 100-årsjubileet til kommunen.

Lokalhistorisk produksjon av Jon Hole

  • 50 år i god form. Hj. Brunstad Fabrikker A/S 1941-1995. 102 s. Sykkylven 1991.
  • Bygda og folket i farne tider. 1 (1988), 2 (1990) og 3 (1994).
  • Gjennom krig til fridom. Sykkylven 1940-45. 32 s. Utgjevar Sykkylven Bygdesogenemnd. Sykkylven 1985.
  • Handelsnæringa i Sykkylven. 70 s. Utgitt av Sykkylven handelsforening. Sykkylven 1983
  • Industrien i Sykkylven. 54 s. Utgjevar Sykkylven Industrilag. Sykkylven 1981.
  • Skulen i Sykkylven 1739-1989. Allmugeskule - folkeskule- grunnskule. 30 s. Utgjevar Sykkylven kommune. Sykkylven 1989.
  • Sykkylven bibliotek 1892- 1992. 22 s. Utgjevar Sykkylven bibliotek. Sykkylven 1992.
  • Sykkylven Gjensidige Branntrygdelag 1886 -1986. 32 s. Sykkylven 1986.
  • Sykkylven kommune- Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. 211 s. Medforfattar Mindor Hjellegjerde. Sykkylven 1983.
  • Sykkylven ungdomsskule 50 år. Sykkylven 2005.

Kjelder

  • Eldar Høidal i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1996. Lokalhistorisk litteratur frå Sykkylven.
  • Prest Helge Standals minneord i Jon Hole si gravferd, Sykkylven desember 2012.

Eksterne lenkjer