Jonsborg (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonsborg
Jonsborg i Fyresdal .png
Jonsborg.
Foto: Julius Nilsen (1945).
Bygningsdata
Byggeår: 1918
Første eier: Jon Laurits Qvisling (1844-1930)
Arkitekt: Haldor Larsen Børve (1857-1933) ???
Byggmester: Talleiv Bjåland (1867-1954)
Materiale: Tømmer
Teknikk: Lafteverk
Formål: Bolig
Sted: Hegglandsgrend
Kommune: Fyresdal kommune
Fylke: Vestfold og Telemark
Gnr.: 42
Bnr: 5

Jonsborg, gnr. 42, bnr 5 i Fyresdal er ein villa med sidebygningar i Hegglandsgrend i Fyresdal kommune.

Husmannsplassen Jonsborg

Denne låg syd for tunet på hovudgarden Lunden (Fyresdal gnr. 42/1). Lensmann Lars Abraham Rasmusson Qvisling (1816-1876) på Lunden var gift med Gro Jonsdotter N. Fjone (1821-1900). Som enke selde Gro Qvisling denne eigedomen i 1898 til sonen Jon Laurits Qvisling (1844-1930), den var skyldsatt 1897. Han selde i 1911 vidare til broren Hans Qvisling. Etter det har det vore fleire eigarar innan slekta. I 2019 er dette Søgard Lunden (Fyresdal gnr. 42/3). Tuftene til husmannsplassen ligg oppe i bakken i høve til det nye tunet.

Villaen Jonsborg

Ved skylddeling 1918 kom denne eigedomen frå Lunden. Ein parsell var skild ut frå naboeigedomen Funnemark (Fyresdal gnr. 42/4) og lagt til i 1928 og den gamle delen av eigedomen kjøpte Jon av syster si, Signe Maline Q. Fossum (1848.1949).

På denne eigedomen bygde så prost Jon Laurits Qvisling sin pensjonistbustad i 1918 og gav den namnet Jonsborg, han var gift med Anne Karoline Bang (1860-1941). I tunet er ein hovudbygning, eit stabbur og ein sidebygning, alle i ein nasjonalromantisk drakestil, og eit reiskapshus. Det er og ein del jord til eigedomen. Jonsborg ligg nord for tunet på Lunden og oppe i bakken her er tuftene etter husmannsplassen Jegersborg.

Byggmeister og bygning

Desse husa er bygd i 1918 av ein byggmeister frå Hauggrend i Fyresdal, Talleiv Bjåland (1867-1954). Dei er lafta og i ein stil som er litt framand i Fyresdal. Denne stilforma, ein nasjonalromantisk drakestil, finn ein i bygningen til Hotel Dalen som er på Dalen i Tokke kommune, ikkje langt frå Fyresdal. Denne bygningen er bygd 1894 og teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve (1857-1933) i Skien. Same arkitekten teikna tre bygningar til den nystarta jordbruksskulen på Foldsæ, mellom dei skule- og internatbygningen Dovrehalla som er lafta i delvis tre høgder. Denne bygningen vart reist i 1923 av nemnde byggmeister Talleiv Bjåland.. Vi veit ikkje sikkert, men det er god grunn til å tru at prost Qvisling og nytta arkitekt Børve til å teikne sin pensjonistbustad. Båe bygningane er reist i same tidsperiode, i same stil og av same byggmeister.

Det vart og bygd ei hytte i same stil inne på Homvatn som ligg langt inne på heia i aust mot Nissedal, denne brann før andre verdskrigen og det vart bygd ny hytte i enklare stil.

Andre verdskrig og bygningane

Prost Qvisling døydde i 1930 og Anne Karoline i 1941, ho hadde nokre år tidlegare flytta til Oslo. Bygningen Jonsborg vart difor ståande ubrukt. Sjølve garden Lunden hadde dotter til lensmann Qvisling, Anne Susanne Malene Abrahamsdotter Qvisling Lunden (1867-1942), overtatt. Sonen til prost Qvisling og kona, Vidkun Abraham Laurits Quisling (1887-1945), etablera seg tidleg i Fyresdal. Dei gongene han var i Fyresdal budde han i hovudbygningen på Lunden, denne fekk han endra ein god del, og Jonsborg vart nytta som tilhaldsstad for hirda hans. På Homvatn likte han seg særs godt, kjende seg trygg, denne hytta låg langt av lei.

Desse eigedomane etter far og farsyster tok han i bruk, men eigde altså ikkje, og etter krigen overtok arvingar att. Dei er i 2019 framleis i familien sitt eige.

Eigedomen Funnemark, som Signe Maline Abrahamsdotter Q. Fossum hadde arva, selde ho til sonen Gunnar Torbjørn Fossum i 1930. Denne eigedomen består av tre teigar, gnr. 42/4, gnr. 43/7 og gnr. 43/8. Gunnar Fossum drog til Amerika og selde så Funnemark til sin fetter Vidkun i 1936 for 7000 kroner. Dette var altså den einaste eigedomen Vidkun Quisling eigde i Fyresdal, den vart etter krigen konfiskert og seld ut av slekta. På gnr. 43/7 ligg bygningen Vollane der Signe Qvisling Fossum hadde postopneri, der var og butikk.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid S.: Quisling-saga. Ættesaga frå det 16. århundre til 1945. Eige forlag 1993.


Koordinater: 59.22688° N 8.09230° Ø