Kjeldearkiv:Om Setesdal Sogelag 2012–2015

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Setesdal Sogelag 2012–2015
Kjeldeinformasjon
Navn: Bjarne Tveiten
Sted: Setesdal i Aust-Agder
Nedtegnet: februar 2015
Beskrivelse: Trykt på side 4 i Setesdal og setesdølar, 2015. (Gjengjeve med tillatelse frå Bjarne Tveiten).
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

SOGELAGSLEIAREN HAR ORDET

Tysdag den 23.10.2012 møttest Magnhild Rygg frå Bygland, Knut K. Homme frå Valle, Bjarne Tveiten frå Bykle og Beint Foss frå Agder Historielag i det gamle stasjonsbyggetByglandsfjord. Dette var eit uformelt møte, og etter to liknande uformelle møte, vart det halde eit offisielt stiftingsmøte på Setesdalsmuseet den 10. april 2013. 22 personar frå Bygland, Valle og Bykle deltok. Då hadde Astri Rysstad alt lova å fungere som sekretær. Til styret blei desse valde: Magnhild Rygg, med vara Torgeir Moseid (Bygland), Hallvard Tveit Berg, med vara Margit Dale (Valle) og Bjarne Tveiten, med vara Magnhild Bjørnarå (Bykle). Møtelyden bestemde at styret sjølv skulle velje leiar, og det vart Bjarne Tveiten. På same tid vart årskontingenten sett til kr. 200,-.

Årsmeldinga for 2013 fortel mellom anna at styret i sogelaget har hatt fire formelle møte. Laget markerte i samarbeid med Bykle kommune/soknerådet Kulturminnedagen den 8. september i Lislestog, Bykle og i Bykle kyrkje. Tema for dagen var: «Historiens menn og kvinner». Olav Mosdøl kåserte om sterke byklekvinner og Anne Karin Kaasa underheldt med song. Årsmøtet vart halde den 7. mars.

Årsmelding for 2014 ligg ikkje føre enno, men Setesdal Sogelag saman med Setesdalsmuseet sto for Kulturminnedagen i september. Leonhard Jansen kåserte og duoen Knut Kjetil Møen og Inger Lise Stulien underheldt med spel og song.

Like sidan laget blei starta har det i bakgrunnen funnest eit ønske om å få til eit årsskrift i 2014. Det er det du no held på å lese. Andres Helle har teke på seg å redigere skriftet, og resultatet har blitt framifrå. Eg nyttar også høvet til å takka dei som har skrive artiklar, teikna og hjelpt til med bilde og liknande. Dessutan vil eg takke dei mange, rause annonsørane.

Per no har Setesdal Sogelag 107 medlemer, men vi ønskjer oss mange fleire. Viss du vil bli medlem, kan du vende deg til ein av oss i styret, eller til sekretæren vår, Astri Rysstad, så melder vi frå til den økonomisk ansvarlege i laget, Hallvard Tveit Berg. Han sender deg ein innbetalingsblankett.

Bjarne Tveiten, februar 2015

Eksterne lenker