Kristian Bærheim
Kristian Bærheim (fødd 20. mai 1887 i Stavanger, død april 1975 same staden) var ein kjend fjellvandrar, kjend som «Bastian» i vandrarmiljøet og i Stavanger der han i rundt femti år jobba som byseljar. Han gav namn til Stavanger Turistforening sin ærespris «Bastian», som han var første mottakar av på 75-årsdagen. Han hadde ofte foredrag frå turane sine der han viste fram ljosbilete. Særleg vandra og fotograferte han mykje i Suldal. Turistforeininga sin pråm på Refsvatnet fekk òg namnet «Bastian» etter han i 1958, og han fekk ta jomfruturen. Han var òg aktiv i mellom anna [[Bondeungdomslaget].
Han var son av lagerformann Anders B. Bærem (f. 1852) og Dina Bærem (f. 1862). I folketeljinga 1910, då familien budde i Normannsgata 34 i Stavanger, skreiv tre av ungane seg Bærheim, medan foreldra og dei fem andre ungane skreiv seg Bærem. Kristian Bærheim var i 1910 handelsbetjent i ein kolonialforretning.[1]
I den siste tida budde han hos sine systrer i Normannsgata i Stavanger. Han vart gravlagd frå Lagård kapell, med stort oppmøte i gravferda.
Referansar
- ↑ Kristian Bærheim i folketelling 1910 for Stavanger kjøpstad fra Digitalarkivet.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Kristian Bærheim på Digitalt museum.
- Kristian Bærheim på KulturNav
- Folk og hus i Suldal, utg. Dreyer Bok/Ryfylkemuseet, 1984.
- «Stavanger Turistforenings årbok: Topp-kvalitet over artikler og bilder» i Rogalands Avis 1976-03-16. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nekrolog i Rogalands Avis 1975-04-24. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- «Kristian Bærheim død» i Stavanger Aftenblad 1975-04-23. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- «Gravferd» i Rogalands Avis 1975-04-29. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kristian Bærheim i Historisk befolkningsregister.
![]() |
Kristian Bærheim er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|