Kristoffer Saupstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristoffer (Karl Ingbart) Saupstad (fødd 22. januar 1901 i Vestvågøy, død 14. januar 2004) var industriarbeidar og drosjesjåfør, busett i Odda.

Saupstad vaks opp i Borge på Vestvågøy, som son av fiskar og husmann Petter Iversen. Mora døydde tidleg. I 1910 vart familien registert i «Gammelgaarden» på Saupstad i Unstad skulekrins.

Saupstad flytta etter kvart til Odda, der han i 1926 gifta seg med Nelly Johanna Almås (1906-82). Same år hadde han teke sertifikat, og i klokkarboka er brudgommen Saupstad titulert som «bilkøyrar». Han hadde då akkurat byrja som drosjesjåfør i Odda.

Kristoffer Saupstad køyrde bil til han var over 100 år. Han var i 2000-åra det desiderte eldste, aktive medlemmet i NAF Hardanger og køyrde ein beige VW 1600. På hundreårsfesten sin på Bokkotunet tok han ifølgje Bergens Tidende «imot gjestene med glimt i augo, kjappe kommentarar, faste handtrykk og hjartelege omfamninger.[...] Ukjende ville ha sverga på at han ikkje var ein dag over 70».

Johannes og Nelly Saupstad hadde sonen Paul, som flytta til San Diego i California. Etter kvart kom det både barnebarn og oldebarn. Som hundreåring, og enkemann, var Saupstad kjærast med Ruth Måge. Ifølge Jan Gravdal, som kjente han godt, åt «Kristoffer Saupstad fisk til middag seks dager i uka. Den sjuende spiste han kjøtt. Den dagen var det Ruth som laget middagen. Han spiste hos henne på søndagen».

I ein artikkel har Gravdal skreve at Kristoffer Saupstad datt stygt i gågata i Odda ei stund etter 100-årsdagen. Han skada skuldra og vart generelt svekka. Saupstad vart nesten 103 år gamal.

Kilder og litteratur

Eksterne lenkjer


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.