Landgård hotell
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972.
Historikk
Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo.[1] Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård».[2]
Det blei aldri jarnbane gjennom Høydalsmo, og i 1894 blei Landgård overdrege til Knut Johansson Aksvik frå Rauland. Planen var å starte landhandel i lag med Bjørn Vasshus gjennom firmaet "Axvig & Vashus", men dette gjekk dårleg. I 1896 kjøpte John H. Ofte og Halvor N. Breiland Landgård med tanke på å drive landhandel gjennom firmaet "Ofte & Breiland". Handelsbua stod på andre sida av vegen, og Landgård blei på denne tida leigd bort til husvere.
I 1907 fekk sonen til John H. Ofte, Halvor J. Ofte, skøyte på Landgård. Han var gift med Jorunn Gunnarsdotter frå Nord-Tveiten. Dei fyrste åra fekk Halvor arbeid på Oftebui medan Jorunn dreiv med strikking for sal. Då pinserørsla Elim kom til Høydalsmo i 1907 vart Landgård ein naturleg samlingsstad. Både John og Jorunn var gripne av pinsetanken, og Landgård blei nytta som lokale for møta dei fyrste 23 åra fram til bedehuset blei bygd. I 1911 blei postkontoret flytt hit frå Uppigard Ofte, og Halvor vart postopnar. Telefonsentralen blei flytt hit frå Mogen i 1915.
Kring 1920 starta John og Jorunn hotelldrift på Landgård. Årsaka til at det ikkje var starta hotelldrift før dette, var at det i avtala mellom John og "Ofte Breiland", stod skrive at det ikkje skulle starte overnattingsverksemd so lenge det var hotell på Mogen. Der hadde Halvor N. Breiland interesser. No når denne verksemda var opphøyrd kunne John starte drifta på Landgård. Her var 12 soverom med plass til omlag 20 gjester.
I 1918/19 kjøpte Halvor bil. Den fyrste var ein Adeler bygd i Tyskland. Den blei nytta til å køyre ved og høy frå ein støyl han hadde på Grønlidheia.[3] I 1922 kjøpte Halvor ein Dodge 1919-modell, og snart blei det også satt opp bensinpumpe på tunet. Dette var gjennombrotstida for billaga i distriktet, noko som må ha hatt stor betydning for trafikken til Landgård hotell.
I 1947 tok sonen til Halvor J. Ofte, Jon H. Ofte, over drifta på Landgård. Han var gift med Karen Anker Vogt frå Oslo. Hotellet endra namn til Landgård Gjestgiveri. I gjesteboka frå Landgård kan det sjå ut til at verksemda opphøyrde i 1972. I protokollen som dekkjer perioden 1969-1972 blir hotellet kalla Ofte's Gjestgiveri.[4]
Arkiv
Delar av arkivet etter Landgård hotell vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenke til oppføring på Arkivportalen.
Referansar
- ↑ Førstøyl, 2014, s. 323.
- ↑ Etter Jon H. Ofte i Tokke historielag sitt årsskrift 1981, s. 25.
- ↑ Ofte, 1990, s. 106.
- ↑ Landgård hotell sitt arkiv ved Vest-Telemark Museum.
Kjelder
- Bakken, Olav, Lårdalsoga, Dalen, Sogenemnda for Lårdal, 1978.
- Førstøyl, Tarjei, Lårdal ætt og heim, Høydalsmo sokn, Band 1, Tokke kommune, Lårdal bygdesogenemnd, 2014.
- Landgård hotell sitt arkiv ved Vest-Telemark Museum.
- Ofte, Jon H., Streif frå reiselivet i det eldre Vest-Telemark, i Skien Telemark Turistforening, Sporene videre, Årbok 1988-89-90, Skien, 1990. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Tokke historielag, Årsskrift 1981, Skien, 1981.