Landtjønnvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Landtjønnvegen ved Nordagutu i Midt-Telemark kommune går sørover frå Rogholtvegen ved Ådalen til den går over i Wighusvegen sør for Landtjønn. Han er 1 955 meter lang og går for det meste gjennom skog. Ved Landtjønn går vegen tett forbi vollen til den tidlegare Landtjønnstulen. Her er husa no borte og vollen blei planta til noko etter 2010.

Vegen har namn etter stulen Landtjønn og blei namnsett i 2019.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, 17.06.2019, 031/19.


Koordinater: 59.40665° N 9.34017° Ø