Laura Røen (1873–1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Laura Røen, fra Våre falne.

Laura Johanna Røen (fødd 8. desember 1873 i Eidsvoll, død 19. desember 1943 i Oslo) var strykerske i Oslo, og ei av dei omkomne i Filipstadeksplosjonen.

Ho var dotter av Torbjørn Johannessen Røen (f. 1842) og Emma Petrine Røen f. Smestadtomte (1842–1929), og syster til mellom anna lærar Johannes Røen (1868–1942). Han var ihuga målmann, aktiv i Eidsvoll mållag, og det ser ut til at heile familien slutta opp om målsaka.

Laura Røen dreiv eige foretak, Røens strykeri, i Oslo. I 1943 budde ho i Parkveien 80 og dreiv foretaket frå same adresse.[1] Der hadde ho budd lenge; allereie i folketeljinga 1910 hadde ho den adressa.[2]

Da eit ammunisjonsskip eksploderte på Filipstad den 19. desember 1943 blei huset Røen budde i sett i brann, og ho brann inne.

Ho blei gravlagd på Vestre gravlund.

Referansar

  1. Proklama etter Laura Røen, Fritt Folk 1944-02-21. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Laura Røen i folketeljinga 1910 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder