Liv Marthinsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Liv Marthinsen (fødd i Ringebu i 1943, død 17. desember 2000 i Lørenskog) var historikar. Ho var mest kjend som mellomalderhistorikar med agrarkrisa i seinmellomalderen som spesialfelt, og som lokalhistorisk rådgjevar tilsett ved Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Ho hadde dessutan mange tillitsverv i organisasjonar i tilknytning til faget og den lokalhistoriske rørsla.

Liv Marthinsen var oppvaksen på småbruket Smestadmoen i Kjønåsgrenda i Ringebu. Før ho gifta seg, heitte ho Liv Smestad. Foreldra var Kristian Smestad og Kristine Smestad (fødd Hagen). Liv var eldst av tre søsken. Ho var gift med Jørgen H. Marthinsen. Dei slo seg til med sine to døtre i Lørenskog.

Etter folkeskule og realskule i Ringebu, tok Liv Marthinsen artium ved Gudbrandsdal landsgymnas. Ho vart cand. philol. med historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1974. Hovudfagsoppgåva handla om øydegardstida i Ringebu. Som student hadde ho i tidsrommet 1969-1971 engasjement som vitskapleg assistent ved Det nordiske øydegardsprosjektet. Rett etter hovudfagseksamen vart ho fyrste gongen knytt til NLI som vitskapleg assistent. Sidan var ho til og frå der over fleire år som vit.ass. og konsulent. Mellom anna var ho engasjert som medarbeidar/redaktør for fleire av instituttets skrifter. Blant desse var Skattematrikkelen 1647, Distriktshistorie, Minne og tradisjon. Liv Marthinsen var medredaktør for Historisk atlas (band 15 av Norges historie, Cappelen forlag 1980).

Frå 1976 til 1979 var Liv Marthinsen vitskapleg assistent i halv stilling ved Universitetet i Oslo og dagleg leiar for «Skattemanntall som bosetnings- og befolkningshistorisk kildemateriale» under fagleg leiing av Andreas Holmsen. Dette emnet arbeidde Liv Marthinsen vidare med også i seinare samanhengar, mellom anna som NAVF-stipendiat 1980-1984.

Saman med Harald Winge skreiv ho band 1 av Asker og Bærums historie. Det kom ut i 1983, med Liv som forfattar av den fyrste delen, frå dei eldste tider fram til 1530.

I 1980-åra var Liv Marthinsen mellom anna tilsett som arkivar og førstearkivar ved Eldre avdeling i Riksarkivet. Frå 1988 til 1. desember 2000 var ho fast vitskapleg konsulent ved NLI.

Historielagsrørsla hadde ein entusiastisk medspelar i Liv Marthinsen. Ho var medlem i Ringebu historielag. Ho var i styret for Lørenskog historielag og Lørenskog bygdemuseum. I 1985-1986 var ho sekretær i Landslaget for lokalhistorie. Etter at ho byrja ved NLI, sat ho i styret for Landslaget som varamedlem for instituttleiaren Harald Winge frå 1989 til 1999.

Liv hadde brei kontaktflate til fagmiljø langt utanom det lokalhistoriske. Mellom anna sat ho i styret for Den norske historiske forening (HIFO) og i Kjeldeskriftkommisjonen. Ho heldt ved lag venskap og fagkontaktar innan- og utanlands som ho hadde bygd seg opp alt frå si tid ved øydegardsprosjektet. Gjennom sitt eige og ektemannens virke i Arkivverket knytte ho mange og gode kontaktar på denne sektoren nasjonalt og internasjonalt.