Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-34

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjølvportrett i Lesja kyrkje
Foto: Tor Nørstegård

Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870Nordi LieLesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.

Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe, der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders SandvigMaihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron Les mer...