Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2016-44

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av Hulda Garborg
Foto: Gustav Borgen/Nasjonalbiblioteket

Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.

Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.Les mer...