Marie Hauge
Marie Octavia Nilsen Hauge (fødd 8. juli 1864 i Drammen, død 11. november 1931 i Oslo) var bilethoggar og målar.
Ho var dotter av kjøpmann Hans Thulin Nielsen Hauge (1830-1892) og Emilie, fødd Ziegler (1828-1879), og gifta seg aldri. I 1891 budda ho med faren, som var enkemann, og sysken i Cappelens gate i Drammen, og utdanna seg i kunstmåling. I 1900 finn vi ho i Kristiania som kunstmålar. Ho budde då saman med sysken i Inkognitogata 4. I 1910 finn vi ho i Drammensveien 4, no Henrik Ibsens gate 4. Då ho døydde i 1931 budde ho i Nobels gate 5.
Marie Hauge fekk fra 1888 undervisning av ei rekke anerkjente kunstnerar. Ho gjekk på malarskulen til Christian Krohg og Hans Heyerdahls høsten 1888 og på Den kongelige tegneskole i 1889. Ho var elev av Eilif Peterssen i 1890 og i 1892, hos Erik Werenskiold i 1892 og Harriet Backer 1895-1896 og 1897-1900. Ho fekk og undervisning av Sven Jørgensen. Av dei nevnte kunstnarene var Harriet Backer den viktigaste for Hauges kunstneriske utvikling.
Hauge hadde ei rekke utenlandsopphold, mellom anna var ho tidleg på 1900-tallet i Paris som elev ved Académie Colarossi og Académie des Beaux-Arts.
Debuten til Hauge fann stad på Drammens Kunstforening i 1890. Som bilethoggar arbeidde ho oftast i små formater, med statuetter og relieffer. Ho verka og som malar med mellom anna landskap, interiører og portrettar som motiv. Portrettet hennar av Aasta Hansteen (1902, Drammens Kunstforening Faste Galleri) er rekna som eit hovudverk. Nasjonalmuseet eig maleria Husmannsfolk på hjemveien (1896) og Fjellandskap med kyr (1898).
Hauge hadde ei rekke verv innan dei kunsteriske organisasjonane. Ho var mellom anna medlem av juryen for Høstutstillingen og formann for Bildende Kunstnerinners Forbund.
Bortgangen til Marie Hauge vart omtala i ei rekke norske aviser. Som eit døme; i avisa Buskerud og Vestfold 12. november 1931 finn vi denne teksten (utdrag, usignert):
Malerinnen Marie Hauge er igår avgått ved døden 67 år gammel. Marie Hauge hadde en meget god kunstnerisk utdannelse og var elev av Werenskiold, Heyerdahl og Harriet Backer. ... Hennes kunst som hadde drag av alvor og grundighet, gjorde alltid et meget sympatisk inntrykk. Hun holdt sig innenfor en nøkternt skildrende naturalisme, og hennes kunst fikk mange venner. | ||
Litteratur og kilder
- Glambek, Ingeborg: «Marie Hauge» i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 13. august 2023 fra https://nkl.snl.no/Marie_Hauge
- «Malerinden Marie Hauge 60 aar idag». Christiania Nyheds- og Avertissementsblad 1924.07.08. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- «Dødsfall». Buskerud og Vestfold 1931.11.12. Digital versjon på Nettbiblioteket.