Mikal O. Mølmen (1913-1940)
Mikal O. Mølmen født 12. oktober 1913 på Lesjaskog, død 26. april 1940 ved setra Hillingen i Nord-Fron i kamp med tyske soldatar. Han var født i Mølme av foreldra Mari Mikalsd. f. Thøring og Ola O. Mølmen.
Mikal Mølmen gifta seg i 1939 med Målfrid S. Løken. To år før bygde han opp garden Ensrud på Lesjaskog. Da mobiliseringsordren kom i april 1940 reiste han med ein gong til Jørstadmoen og melde seg til teneste som korporal. Han vart med i styrken som trekte seg opp i Gausdal og vart oppsplitta. Saman med to andre gjekk han fjelleies over til Hillingen, der ei større gruppe sivile hadde søkt tilflukt frå dei harde kampane ved Kvam. Etter den tunge marsjen fekk dei godt med mat frå dei sivile, og låg og kvilte da tyske soldatar nærma seg. Dei tok opp eldkamp, men alle tre fall.
Namnet han står øvst på minnesteinen på Lesjaskog.
Kjelder
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket side 337.
- Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag. Digital versjon på Nettbiblioteket side 228.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 3 Digital versjon på Nettbiblioteket side 345.