Mjølfjell skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den nedlagde skulen på Mjølfjell. Bygningen nyttast no (2012) som hytte, men har før vore grendehus.
Foto: Trond Nygård (2012)

Mjølfjell skuleMjølfjell i Voss kommune var i drift frå 1914 til 1964. Skulebygningen, som framleis står (2012), låg i lia nedafor Mjølfjell stasjon. I dette området budde mange av elevane, sidan mykje av den faste busettinga på Mjølfjell var knytt til Bergensbanen, som opna i 1909.

Skulebygget vart teke i bruk i 1914, men før dette var det ein provisorisk skule i venterommet på stasjonen. Skulen var i drift til straks før krigen, og starta opp att i 1947 med tre elevar. Midt på 1950-talet var det om lag 15 skuleungar her, men Voss var ein av dei mange kommunane som på denne tida sentraliserte skulevesenet. Mjølfjell-skulen vart lagt ned i 1964, så elevane måtte ta toget til den nye sentralskulen på Urdland. Dette gjaldt òg ungane i nabogrenda Reime.

Blant lærarane på Mjølfjell skule var Åshild Haugland, som underviste her frå 1919 til 1927. Ho heldt skule ei veke på Mjølfjell og ei veke på Voss. Haugland hadde hybel på andre høgda i skulehuset. I påska leigde ho ofte ut husveret, mellom anna til bokhandlar Wilhelmsen frå Bergen, som seinare bygde si eiga hytte på Mjølfjell.

Kjelder og litteratur

  • Andersen, Knut S. og Christian Hysing-Dahl: Mjølfjell i fjern og nær fortid, Bergen 1996, s. 59.


Koordinater: 60.69236° N 6.83846° Ø