Nøkleby (Østre Toten)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nøkleby
Beck Nøkleby og Gran.jpg
Nøkleby-området i 2020.
Sted: Kolbu sokn
Fylke: Innlandet
Kommune: Østre Toten
Gnr.: 233 og 234
Postnummer: 2850

Nøkleby (Nykleby) er ein namnegard (gnr. 233 og 234) i Kolbu i Østre Toten kommune. Namnet – Mykleby – betyr rett og slett storgarden. Det er samansett av adjektivet mykill (stor) og substantivet by/bu (bustad, gard). Nedervd uttale av gardsnamnet er /ný`kkełbý/. Skrivemåten Nøchlebye/Nøkleby dukka opp fyrst på 1600-talet, men fram til fyrst på 1800-talet vart òg Nykleby brukt i skrift.

Av jordebok og middelalderbrev frå sist på 13- og tidleg på 1400-talet ser vi at nyklebygardane var delvis kyrkjegods og delvis privat gods. Privat gods vil ikkje nødvendigvis seia at oppsitjaren (brukaren) åtte garden han brukte. I middelalderen var jordegods det tryggaste investeringsobjektet. Folk som hadde pengar til overs, investerte i gardar og gardpartar.

I seinmiddelalderen var kyrkja var den største jordeigaren i landet. «I Mykklæby» står det i biskop Eysteins jordebok, ei liste over det geistelege godset i Oslo bispedømme frå omkring år 1390. Det er fyrste gongen vi møter garden i skriftlege kjelder. I eit diplom (middelalderbrev) frå 1400 heiter det at Basse Basseson selde to heftesbol i «Mykleby på Lein på Toten» til Torstein Skjeldulfson.

Garddeling

Nøkleby i Kolbu.
Foto: Mjøsmuseet

I 1413 kunngjorde tre lagrettesmenn at Nikolas Eiriksson erkjende å ha overlati to heftesbol i «syndre Mykleby på Lein i Hofs sokn på Toten» til Torstein Skjeldulfson og kona hans, Magnhild Andresdotter.

Her ser vi at det var minst to nyklebygardar alt tidleg på 1400-talet. Når garden var delt rundt 1400, må vi rekne med at det var minst to nyklebygardar også føre Svartedauden (1349). Det er ikkje usannsynleg at delinga av garden skriv seg frå 1000 – 1100-talet. Den fyrste fullstendige skattelista vi kjenner til, er frå 1528. I denne lista er alle brukarar av gardar nemnde opp. Her finn vi Oluf og Harrilld Mugelby i Lend thinglagh på Toten. Desse to, Oluf og Harrilld, eller Ole og Harald, er dei fyrste nyklebybrukarane vi kjenner namna på.

Utover på 1500-talet og tidleg på 1600-talet møter vi to nyklebygardar i skattelistene, av og til omtala som øvre og nedre. Seinare blir gardane kalt austre og vestre.

I lensrekneskapane for 1626 ser vi at Oluf Nykleby laut bøte 6 ½ dalar og 2 album fordi han hadde vori i slåsskamp med Kjell Solbjør. Kva for ein nyklebygard denne Oluf høyrde heime på, veit vi ikkje. Den austre nyklebygarden vart delt i to bruk i fyrste halvdelen av 1600-talet.

I 1657 fann kongen i København ut at han skulle skrive ut ein ekstraskatt på alle husdyra gardbrukarane hadde. Dette blir kalt kvegskatten, og gir oss ei god oversikt over husdyrhaldet midt på 1600-talet. På Nykleby var det tre brukarar. Kristoffer hadde 27 storfe, 6 hestar, 14 sauer og 4 grisar, Hans hadde 16 storfe, 4 hestar, 12 sauer og 3 grisar, Ivar hadde òg 16 storfe, 3 hestar, 12 sauer og 3 grisar. Kristoffer hadde den vestre garden, som var udelt, medan Hans og Ivar brukte kvar sin halvdel av den austre garden. I 1666 fann kongen ut at han ville ha oversikt over kor mange soldatar bygdene i Noreg kunne stille. Sokneprestane fekk i oppgåve å telje alle karfolk. På den vestre nyklebygarden finn vi att den same Kristoffer som i 1657. Han heitte Kristoffer Olsen og var 46 år gammal. Han hadde sønene Jens Jørgensen (steson), 23 år gammal, og Ole Kristoffersen, 11 år gammal. På den austre garden, som var delt i to bruk, var Hans og Ivar brukarar, som i 1657. Hans Einarsen var 66 år gammal og Ivar 56 år. Hans hadde sønene Hans Hansen, 10 år og Einar Hansen, 7 år. Ivar står ikkje oppført med søner. Det var to tenestekarar på denne garden, Tollof Rasmussen, 65 år og Gullik Kristiansen, 12 år. I alt var det 9 karfolk i Nyklebygrenda. Går vi ut frå at det var litt fleire kvinnfolk enn karfolk, kan det ha vori i alt omtrent 20 personar på dei tre gardane.

1669

Den fyrste matrikkelen i Noreg vart teken opp i 1669. Her finn vi ei fullstendig oversikt over alle gardane, kven som brukte gardane, kven som åtte dei, kor mykje dei sådde og kor mange husdyr dei kunne fø. Vestigarden og Austigarden var like store i 1669, men Austigarden var delt på to brukarar, som i 1657 og 1666.

I Vestigarden Nykleby var Kristoffer oppsitjar (brukar). Kongen, soknepresten og oppsitjaren sjølv åtte alle delar i garden. Kongen åtte mest. Kristoffer kunne så 15 tynner korn. Det vart sådd forholdsvis tjukt på denne tida. Ei tynne rakk til omtrent 3 ½ mål åker. For å halde rotugraset i sjakk, vart ein del av åkeren med ujamne mellomrom lagt brakk, eller lagt i treslag, som dei sa på Toten. Medrekna treslaget, kan Kristoffer ha hatt omtrent 60 mål åker. Han kunne fø 25 storfe og 6 hestar. Han hadde ei bekkekvern og ein homlehage. Enga var god, men det var dårleg med skog. Sæter i Midtbusætra. Vestigarden hadde berre ein brukar fram til sist på 1690-talet.

I Austigarden var Hans og Ivar oppsitjarar i 1669. Det var overklassefolk som åtte denne garden, Anne Olsdotter, Anders Madsen og Fredrik Bremmer. Dei to brukarane i Austigarden sådde i alt 15 tynner korn, like mykje som det vart sådd i Vestigarden. Det tilsvarar omtrent 60 mål åker. Dei kunne fø til saman 6 hestar og 24 storfe. Dei hadde dårleg med skog og beitemark, men enga var god. Dei sætra i Bergesætra. Skoskatten var ein ekstraskatt som danskekongen påla undersåttane sine i 1711. Skattelistene gir oss eit bilde av kor mange folk det budde på kvar gard. Nå er både den austre og den vestre garden delt i to bruk (Austre: Oppigarden og Bortigarden. Vestre: Vestigarden og Midtre). Det skulle betalast 3 skilling i skatt for kvart skopar folka hadde. Tenestefolk og vaksne ungar som kunne vori ute i teneste, skulle betale ein sjettedel av årsløna si. Futen, som fekk i oppdrag å krevja inn denne skatten, forenkla dette. Han rekna at alle over 1 år hadde to par sko, utanom dei som var gamle og låg i senga. For nyklebygardane har vi desse opplysningane:

  • Oppigarden – brukar: Håken. 5 personar, av dei 1 tenestegut og 2 tenestejenter.
  • Bortigarden – brukar: Anders. 6 personar, av dei 2 døtrer som kunne vori ute i teneste.
  • Vestigarden – brukar: Jens Håkensen. 8 personar, av dei 1 tenestejente og 1 stedotter som kunne vori ute i teneste.
  • Midtre – brukar: Jens Evensen. 8 personar, av dei 1 tenestejente.

1723

I 1723 vart det gjort registreringar til ein ny matrikkel, som aldri vart sett ut i livet. Dette matrikkelforarbeidet gir gode opplysningar om gardane.

På den austre nyklebygarden var det to oppsitjarar (brukarar), Nils og Håken. Dei kunne så 5 skjepper rug, 7 tynner og 6 skjepper bygg, 2 tynner og 2 skjepper havre og 5 skjepper erter. Samanlagt vart det 10 tynner og 5 skjepper. Attåt kjem det som ligg brakk (treslaget), det kunne kanskje utgjera 2 – 3 tynner. På 1800-talet var det vanleg å rekne at ei tynne såkorn var nok til å så omtrent 4 dekar, men tidleg på 1700-talet rakk ikkje tynna til meir enn omtrent 3 ½ mål. I realiteten varierte såmengda nokså mykje frå åker til åker, men går vi ut frå 3 ½ mål på tynna, blir samla åkerareal hos dei to brukarane på den austre garden mellom 45 og 50 dekar. Vi fann ut at åkerarealet, medrekna treslaget, utgjorde ca 60 dekar i 1669. Det er lite truleg at det var mindre åker i 1723 enn i 1669. Anten sådde dei tjukkare i 1669 enn 57 år seinare, eller dei overvurderte utsæden i 1669 og/eller undervurderte i 1723. Vi kan rekne med at arealet med åker var omtrent det same i 1669 og i 1723. Dei to brukarane i Austigarden kunne fø 4 ½ hest, 24 storfe og 16 sauer. Garden hadde måteleg med hamn i «Bøydeudrasterne», det vil seia i allmenningen. Det er ikkje oppgitt kvar dei hadde sæter.

I Vestigarden var det òg to oppsitjarar (brukarar), Jens og Jens. Dei kunne så 7 skjepper rug, 10 tynner bygg, 2 tynner og 2 skjepper havre og 5 skjepper erter. I alt sådde dei 13 tynner og 6 skjepper. Medrekna treslaget (brakkmarka), som varierte frå år til år, var åkerarealet omtrent det same som i 1669, det vil seia omtrent 65 mål. Jens og Jens kunne fø 4 hestar, 24 storfe og 16 sauer. Dei hadde sæter på Midtbu.

For både den austre og den vestre garden heitte det at jordarten var god. Dei hadde kvern så dei kunne mala til husbruk. Ingen av gardane hadde skog, så ved og vørkje til skigardar og hus laut dei ta i allmenningen.

Nedgangen i husdyrtal frå 1657 til 1723 er truleg ikkje reell. I 1657 vart det spurt etter kor mange husdyr det var på garden. I 1723 vart det oppgitt kor mange husdyr garden kunne fø.

Sjølveige

Rundt år 1700 tok gardbrukarane på Toten til å kjøpe gardane sine. Da hundreåret gjekk inn, var dei aller fleste gardbrukarane leiglendingar. Hundre år seinare var dei aller fleste sjølveigarar. Slik var det òg i Nyklebygrenda. Brukarane kjøpte gardane sine i fyrste delen av 1700-talet. Vi ser det godt når vi samanliknar matrikkelen i 1669 med matrikkelforarbeidet i 1723. Eigarforholda var annleis enn i 1723 enn i 1669. I 1723 åtte dei som brukte gardane storparten av gardane sine sjølve.

1800-talet

Folketeljinga i 1801 er den fyrste fullstendige folketeljinga i Noreg, der namna på alle innbyggarane er oppgitt. På Nykleby var det fem gardar og to husmannsplassar med i alt ni hushaldningar. Det budde 43 personar på gardsområdet. Det gir 4,8 personar i kvar hushaldning. Folka fordelte seg slik på aldersgruppene: 7 frå 0 – 10 år, 8 frå 11 – 20 år, 7 frå 21 – 30 år, 6 frå 31 – 40 år, 3 frå 41 – 50 år, 8 frå 51 – 60 år, 2 frå 61 – 70 år, og 2 føderådsfolk i Bortigarden som var 85 år gamle.

I 1835 budde det i alt 68 personar på dei fem gardane. Av dei var 4 sjølveigande gardbrukarar, 1 var forpaktar (Vestigarden) og 4 var husmenn. Alle dei fire husmennene høyrde til i Bortigarden. Dei fem gardane sådde i alt 69 tynner korn og erter. Det vart ikkje sådd så tjukt på 1800-talet som tidleg på 1700-talet. Vi kan rekne at ei tynne såkorn rakk til omtrent 4 mål. Dermed kan vi gå ut frå at alle gardane hadde omtrent 280 mål åker til saman. Attåt dette vart det sett 57 tynner poteter. Medrekna det som låg brakk (treslaget) kunne samla åkerareal vera mellom 300 og 350 mål. Det var 17 hestar, 63 storfe, 62 sauer og 11 grisar på dei fem gardane. Bortigarden hadde nesten ein tredel av åkerarealet, og var den største av gardane.

Når vi kjem fram til 1865, hadde folketalet vaksi til 123 personar. Av dei var det 5 sjølveigande gardbrukarar og 12 husmenn. Oppigarden vart driven saman med Nistugua. Det vart sådd 78 tynner korn og sett 190 tynner poteter. Samla åkerareal var omtrent 450 dekar. Det var i alt 28 hestar, 90 storfe, 77 sauer og 12 grisar på dei fem gardane. Nå var det Bortigarden og Midtre som hadde størst åkerareal. Dei to gardane var omtrent jamstore.

Brukarrekkja i Oppigarden Nykleby frå 1657

1. Ivar Jonsen (ca 1610 – ca 1677), som brukte den eine delen av Austigarden i 1657, var bornlaus. Da han døydde ca 1677, inngjekk enkja, Kirsten Andersdotter, fletføringskontrakt med brorson sin, Håken Syversen. Håken skal «hende til sin dødsdag […] forsyne och vedbørligen til Jorden bestedige», står det i kontrakten. Til gjengjeld skal Håken få «den ringe formue som efter hende forefindes». Håken Syversen var brukar i Oppigarden (brukar nr 2), det ser vi av at etterkomarane hans var i Oppigarden. Men det vil ikkje nødvendigvis seia at Ivar Jonsen var i Oppigarden.

I 1680 var «Haagen og Enchen» brukarar på den eine (austre) nyklebygarden. Ettersom Håken var i Oppigarden, må enkja ha vori i Bortigarden. Enkja var Siri Gulbrandsdotter, enkje etter Hans Einarsen. Frå 1657 finn vi Hans og Ivar som brukarar på den austre nyklebygarden. Ettersom Hans var i Bortigarden, kan vi vera rimeleg sikre på at Ivar Jonsen brukte Oppigarden i 1657.

2. Håken Syversen var brorson åt Kirsten Andersdotter, som var gift med Ivar Jonsen. Frå 1680 er Håken oppført i skattelistene som brukar av garden. I tingboka for Toten for 1681 finn vi at Håken Nykleby (Oppigarden) og arvingane etter Kristoffer Nykleby (Vestigarden) laut møte på tinget på Hovsvangen den 11. juli. Der vart dei dømde til å betale ei bot fordi dei ikkje hadde haldi vedlike vegen over eigedomen sin. Det var kyrkjevegen gjennom Tronsdalen det var tale om. Vegen gjekk over ein stor bekk, og sist vår hadde ein unge «troenet» i denne bekken. Det vil vel helst seia at ungen hadde drukna. I 1714 vart det tinglyst eit skjøte frå Ivar Jonsen til Håken Syversen på Nykleby. Ivar hadde fått skjøte på garden frå viselagmann Niels Jacobsen Smit i 1709. Vi finn ikkje Ivar Jonsen som brukar på nokon av nyklebygardane på denne tida. Den Ivar Jonsen som gav Håken Syversen skjøte i 1714, kan ha vori soneson åt Ivar Jonsen som brukte Oppigarden til han døydde omkring 1677. Håken Syversen fekk skjøte frå Peder Todderud på odelsrett i 1722. Håken var gift fyrste gong med Rangdi Torgeirsdotter, som det var skifte etter i 1708. Barnlause. Han vart oppattgift i 1708 med Dorte Nilsdotter Gran (ca 1687 – 1752). Born: Ingebor (1712 – 1713), Eilert (1714 – 1802), Agnete (1716), Nils (1719 – 1773). Dorte vart oppattgift i 1731 med Syver Jonsen (ca 1687 – 1767). I 1739 fekk Syver skjøte på ein del av garden. Dorte døydde i 1752, og Syver Jonsen vart oppattgift i 1754 med enkja på DotsetEina, Mari Larsdotter, og flytte dit.

I kyrkjeboka står det at Håken Syversen Nykleby var 103 år da han døydde i 1730. Dersom det er sant, må han ha vori omtrent 81 år da han gifta seg i 1708 og 92 år da yngste sonen kom til i 1719. Det kan ikkje vera riktig. Presten må ha skrivi inn feil alder da Håken vart gravlagd. Dersom vi går ut frå at Håken var omtrent 20 år da han inngjekk fletføringskontrakt med farsyster si, Kirsten Andersdotter, var han fødd omtrent i 1657. Da kan han ha vori rundt 51 år da han gifta seg for andre gong, omtrent 62 år da yngste sonen kom til og omtrent 73 år da han døydde i 1730. Nokon Syver Håkensen som kunne ha vori eit mellomledd mellom Håken Syversen som inngjekk fletføringskontrakt i 1677 og Håken Syversen som døydde i 1730, finn vi ikkje spor etter. Det er mest truleg at presten skreiv inn feil alder i kyrkjeboka da Håken vart gravlagd i 1730.

3. Sønene til Håken og Dorte, Nils Håkensen og Eilert Håkensen, delte garden mellom seg. Den formelle delinga kom ikkje før i neste generasjon.

a. Eilert Håkensen (1714 – 1802) vart gift i 1743 med Eli Mortensdotter Ronnerud. Ho døydde i 1751 eller 1752, og i 1752 vart Eilert oppattgift med Anne Henriksdotter Sukkestad (ca 1722 – 1778). Born: Marte (1744), Eli (1748), Håken (1750 – 1757), Pernille (1753 – 1753), Helene (1753 – 1753), Hans (1754), Elias (1756 – 1756), Pernille (1757 -), Johanne (1759 – 1760). Eilert budde på Røyse i 1743, da han gifta seg fyrste gongen. I 1748 ville han sikre seg Oppigarden Nykleby, men han hadde ikkje pengar til å løyse inn garden frå stefar sin. Han lyste pengemangel på ein fjordung tunge i Nykleby. I 1751 fekk han skjøte frå stefaren, Syver Jonsen, på ein del av garden, og i 1752 vart det tinglyst føderådskontrakt mellom Eilert og stefaren. Da Syver Jonsen flytte til Dotset på Eina, skulle føderådsytingane leverast der, men i 1767 vart Eilert Håkensen stemna av Ole Larsen Åserud og syster hans for manglande betaling av føderåd til farbror deira, Syver Dotset. Kravet var på godt og vel 99 riksdalar.

b. Nils Håkensen (1719 – 1773) fekk skjøte på ein del av garden frå Siri Wendel i 1745. Gift 1745 med Berte Einarsdotter Holje (ca 1714 – 1774). Born: Marte (1745), Håken (1747), Eli (1750), Mari (1752), Margrete (1754), Helene (1756 – 1774), Per (1759), Gunder (1762), Inge (1764), Ingeborg (1765), Even (1765 – 1766), Berte (1766 – 1766).

I 1763 selde Nils Håkensen plassen Snipstadsætra til Anders Taraldsen. I 1774, etter at både Nils og Berte var daude, vart det haldi dødsbuauksjon over ein del fast eigedom dei hadde ått. Fredrikstad vart seld til Anders Majer og Kolbusætra til Ole Gundersen i Bortigarden Nykleby og Gunder Nilsen i Vestigarden.

4. Hans Eilertsen og Håken Nilsen. I 1779 vart det haldi delingsforretning i Oppigarden. Garden var delt mellom syskenborna Hans Eilertsen og Håken Nilsen.

a. Hans Eilertsen (1754 – 1839). Gift 1792 med Marie Pålsdotter Gran (1761). Born: Even (1793), Pål (1795), Anders (1797), Marie og Peder (1799 – 1801). I 1776 var Hans på epleslang på Fostad saman med tre andre unggutar frå oppi Nyklebyleia. Dei vart dømde til å betale bot for denne ugjerninga.

Hans tok over halvdelen av Oppigarden frå far sin. I 1779 inngjekk han føderådskontrakt med far sin på «min nu ejende og paaboende deel i gaarden Nøkleby». Det var ikkje lenge Hans Eilertsen vart sitjande i Oppigarden. I 1781 selde han garddelen sin til Even Hansen Nykleby (Dyste), einearving etter moster si, den velståande og barnlause Margrete Nilsdotter i Bortigarden. Hans finn vi att som husmann på Garde 1792 og 1795, på Gran i 1793, og på Jonsrudodden på Eina frå 1797 til han døydde i 1839. I 1801 budde far hans, Eilert Håkensen, som føderådsmann hos Even Hansen.

b. Håken Nilsen (1747 – 1800) tok over sin del av garden i 1774. I 1797 selde han til Anders Hansen og tok att føderåd. Gift 1774 med Ingebor Villumsdotter Evang (ca 1754 – 1804). Born: Nils (fødd 1775, husmann i Granstugun og Molstadstugun), Ole (1780), Berte (1784), Berte (1787 – 1787), Pål (1789), Marte (1791 – 1791). Etter at mannen døydde, flytte Ingebor til bror sin, Ole Villumsen på Evang. Der budde ho i 1801 som «Inderste for Betaling», og levde av «sine Renter».

5. a. Even Hansen kjøpte halve Oppigarden av Hans Eilertsen i 1781. Seinare tok han over Bortigarden etter moster si. Etter det har denne delen av Oppigarden vori ein del av Bortigarden. Sjå Bortigarden. b. Anders Hansen (ca 1760 – 1842), gift 1787 med Ingebor Andersdotter Evang (ca 1760 – ca 1823). Anders kjøpte halvdelen av Oppigarden av Håken Nilsen i 1791. Born: Hans (1788), Kari (1790 – 1791), Anders (1792), Ole (1795), Marte (1799), Kari (1803). Anders Hansen var frå Garde. Etter at han og Ingebor vart gifte, budde dei på Evang og i Krabyhågån, til dei kjøpte Oppigarden Nykleby. I 1821 tok eldste sonen over garden. Anders fekk føderåd, og i 1840 vart han erklært umyndig.

6. Hans Andersen (1788). Gift 1817 med Ingebor Olsdotter Evang (ca 1783). Born: Anders (1817), Ole (1819), Johannes (1824), Matias (1827), Kristian (1828), Martin (1831). Hans tok over Oppigarden frå far sin i 1821. I 1831 selde han garden til Ole Johansen.

7. Ole Johansen, fødd i Høvern i 1803. 18. desember 1803 vart han døypt i Hurdalskjørkja. Bror hans, Nils Johansen, vart døypt samtidig. Faren var Johan Olsen og mora var Marte Nilsdotter, dotter åt Nils Embretsen Høvern. Kvar det vart av Ole, har det ikkje vori råd å finne ut til nå. Det siste vi høyrer om han, er i 1833, da var han arving på skiftet etter bror sin. Det vart haldi skifte etter Ole i 1841, så han må ha døydd ein gong mellom 1833 og 1841. Så langt vi har kunna sett, er han ikkje innført som gravlagd i tidsrommet 1833 – 1841, korkje i Vestre Toten, Østre Toten eller Hurdal. Det vi veit, er at han gifta seg med Marte Johansdotter (1802 – 1885) frå Nistugun Nykleby den 22. mai 1826. Både han og ho budde på Nykleby da dei gifta seg. Forlovarane var Johan Larsen, som var far åt brura, og gardbrukaren i Oppigarden, Hans Andersen, som Ole kjøpte garden av fem år seinare. 4. juli same året, ein drug månad etter bryllaupet, fekk Ole og Marte ei dotter. Ho vart døypt i Kolbukjørkja 16. juli og fekk namnet Johanne Maria. I kyrkjeboka blir Ole kalt jeger, det vil seia at han var militær. Marte budde heime hos foreldra i Nistugun da dottera vart døypt.

Ole fekk skjøte på Oppigarden og Bergesætra av Hans Andersen i 1831. Bror åt Ole, Nils Johansen, og systra, Johanne, budde òg i Oppigarden. I 1833 var det skifte etter Nils. Han let etter seg ein ikkje uvesentleg sum pengar som broren, Ole Johansen, og systera, Johanne Johansdotter, arva.

Det må ha vori eit slag samband mellom Hans Andersen som hadde Oppigarden fram til 1831, og desse tre syskna frå Høvern. I 1825 lånte Hans Andersen 135 spesiedalar av «myndlingen» sin, Johanne Johansdotter Høvern. Det vil seia at Hans var formyndaren åt Johanne. Ole budde i Oppigarden da han gifta seg i 1826.

Det vart haldi samfrendeskifte etter Ole i 1841. Garden vart overført til dottera, Johanne Maria, som da var 15 år gammal. Marte gifta seg oppatt same året med Peder Hansen Sør-Narum (1809 – 1897). I 1848 fekk dei sonen Ole.

Marte Johansdotter og Peder Hansen fekk føderåd på garden. Føderådskontrakta vart tinglyst i 1849. Kvart år skulle føderådsfolka ha 3 tynner bygg, 1 tynne rug, 1 tynne erter og 1 tynne blandkorn. Kornvarene skulle målast etter den gamle totentynna, som tok 10 skjepper (174 liter). Det er oppgitt kor mykje kornvarene skulle vega, dermed finn vi hektolitervekta: 62 kg for bygg, 69 kg for rug, 77,5 kg for erter og 51,7 kg for blandkorn. I alt skulle føderådsfolka ha 324 kg bygg, 120 kg rug, 135 kg erter og 90 kg blandkorn kvart år. Gardbrukaren skulle sørgje for å tørke og mala kornet. Attåt dette skulle dei ha eit 2 år gammalt slaktenaut, 48 kg flesk, 3 kg ister, 10 kg tørrfisk, 12 kg sild og 35 liter spansk salt. Vidare skulle gardbrukaren fóre og stelle to mjølkekyr og to sauer for føderådsfolka. Dessutan skulle dei kvart år ha 50 friske hønseegg, 320 kg høy, 12 kg godt og velreinsa linto og 2 spesiedalar i kontante pengar. Dei beheldt bruken av eit par jordstykkje som gardbrukaren skulle gjødsle forsvarleg til potetdyrking, og dei skulle ha hest og høveleg reiskap når dei trengte det. Føderådsfolka skulle disponere heile det nørdre våningshuset. Dei kunne ta inn leigebuarar. Dei skulle ha eit rom på stabburet og tilgang til uthusa. Gardbrukaren skulle sørgje for at det vart bori inn nok vatn og ved, og han skulle gi føderådsfolka «sømmelig fornøden Opvartning saavel i Sundheds som særdeles i Sygdoms og Alderdoms dage».

Dette var eit stort føderåd. Føderådsfolka kunne umogleg bruke heile føderådet i hushaldninga si. Som vi ser ovanfor, skulle dei ha 669 kg kornvarer kvart år, det vil seia omtrent to kg kvar dag! Her hadde dei eit overskott dei kunne selja. Dette demonstrerer på ein god måte korleis føderådet fungerte både som betaling for garden i naturalia i staden for i pengar, og som pensjon for føderådsfolka. I 1849 fekk Peder Hansen skjøte på Hestlykkja, eit jordstykkje frå Bortigarden. Det var Even Hansen i Bortigarden som selde. Dermed vart Peder jordeigar samtidig som han var føderådsmann i Oppigarden. Peder hadde òg pengar som han lånte bort til andre folk i Nyklebyleia.

Ved folketeljinga i 1865 budde føderådsfolka Peder Hansen og Marte Johansdotter i Oppigarden, saman med sonen sin, Ole Pedersen Nøkleby. Ole Pedersen var 18 år og elev på lærarseminaret i Land. Frå 1869 til 1874 var han lærar i Skjønborg krets (Skreia). Han starta som landhandlar i Lillo i 1874. I 1882 gjekk Håjen handelslag konkurs, og Ole kjøpte butikken, men selde att i 1890. Frå 1882 til 1890 handla han både i Lillo og i [[Håjen. I 1891 kjøpte han Øvre Evang. Han døydde på Evang i 1904.

Marte døydde på Nykleby i 1885. Peder flytte til son sin. Den tida Ole åtte butikken i Håjen, var det Peder som bestyrte handelen der. Han budde truleg saman med Ole og familien hans i Lillo, og vi veit at han følgde med til Evang da Ole flytte dit. Han døydde på Evang i 1897, 88 år gammal, og vart gravlagd ved Kolbukjørkja 13. juli 1897.

Hans D. Nøkleby fortalde at Marte og Peder var gode til å lesa og skrive. Dei fungerte som lærarar for ungane i leia, sa Hans D. Dei var svært økonomiske. Når det var kaldt, fyrte dei passeleg hardt i ein etasjeomn, og så sat dei på kvar si side av omnen og heldt einannan i hendene gjennom opningen.

8. Johanne Maria Olsdotter Nøkleby (1826 – 1911) tok over garden på skifte etter far sin i 1841. Ho vart gift i 1845 med Even Andersen Hubrei (1821 – 1887). I 1846 tok Johanne Maria att Nistugua på odel. Ho og Even flytte dit. Sjå Nistugua.

9. Hans Olsen Nøkleby, yngste son i Vestigarden, kjøpte Oppigarden i 1854 for 1 200 spesiedalar + føderådet til Marte og Peder. Even Andersen i Nistugua tok att garden på odel i namnet åt eldste son sin i 1858 for 2 100 spesiedalar + føderåd. Ved folketeljinga i 1875 finn vi Hans Olsen som forpaktar på Tronset.

10. Anders Evensen Nøkleby (1851 – 1889), gift 1880 med Anne Marie Kristiansdotter Skramstad (1855). Far åt Anne Marie var frå Aust-Kvem. Anders var berre 7 år gammal da Oppigarden vart teken att i namnet hans. Det ser ikkje ut til at han nokon gong budde på garden. Garden var mest truleg brukt saman med Nistugua til Peter, bror åt Anders, tok over bruken. I 1875 budde Anders på Skramstad i Totenvika, der dreiv han som landhandlar. Seinare kjøpte han landhandleriet på Bilitt og flytte dit. Han døydde i 1889 og landhandleriet vart selt. Kor lenge Anders åtte Oppigarden, veit vi ikkje, men han hadde i alle fall heimel på garden i 1886. Da vart det tinglyst ein pantobligasjon frå Anders Evensen til Hypotekbanken, med pant i Oppigarden.

11.Peter Evensen Nøkleby (1859 – 1911), gift med Brita Eliasdotter Bolstad frå Stryn (1859 – 1899). Brita var syster åt spelemannen Per Bolstad. Ho var meierske. Born: Marie (1885), Emma (1887 – 1888), Emma Amalie (1889), Even (1891), Olga (1893), Petra (1896), Margitta Bergljot (1898 – 1899).

Peter var tredje eldste sonen åt Even og Johanne Maria. Han var gardbrukar i Oppigarden da eldste dottera vart fødd i 1885, men det var bror hans som hadde heimelen på garden. Når han tok over garden etter bror sin, veit vi ikkje, det skjedde kanskje ikkje før i 1889, da Anders døydde. Peter hadde aldri tinglyst skjøte på garden. Ved folketeljinga i 1891 vart han kalt gardbrukar og sjølveigar. Peter og Brita fekk sju born, av dei døydde to i eittårsalderen. Brita døydde i 1899, og frå da gjekk det nedover med Peter.

I 1900 budde enkjemann Peter Evensen i Oppigarden saman med dei fem borna sine og ein tenestegut. Marie, eldste dottera, var 15 år gammal. Ho stod for hushaldet. Rundt 1902 selde Peter Oppigarden og kjøpte Sole, ein forretningsgard i Kolbukrysset. Han hadde ikkje tinglyst skjøte på Sole, men i 1902 lånte han 2500 kroner av bror sin, Nils, mot pant i Sole. I 1903, da Emma Amalie vart konfirmert, vart han kalt landhandlar og budde på Sole. Han gjekk konkurs same året, og det ser ut som Ole Dahl, som hadde kjøpt Oppigarden av Peter, også kjøpte Sole. I 1905 selde O. Dahl forretningsgarden til Maurits Schjøll. Maurits hadde vori handelsbetent hos morbror åt Peter, Ole Nøkleby i Lillo.

Kvar vart det av Peter og ungane etter konkursen? Vi veit at eit par av borna budde hos skyldfolk. Da Even vart konfirmert i 1906, budde han hos faster si på Garde i Lensbygda. Olga budde hos farbror sin i Nistugun Nykleby da ho vart konfirmert i 1908. Yngstejenta, Petra, var ute i teneste før ho vart konfirmert. I 1910 var ho tenestejente hos lærar og klokkar Knut M. Frøyset på Kirkenær skole i Kolbu. Ungjenta på 14 år var hushjelp i ein familie som bestod av far, mor, sju ungar i alderen 2 til 21 år, og ein gammal ugift lærar på 54 år. Ho vart konfirmert i 1910.

Alle fem ungane drog frå bygda. Eldste dottera, Maria, arbeidde på ein kafé i Kristiania i 1910. Meir veit vi ikkje om henne. Dei andre fire drog åt Amerika, Emma Amalie og Even drog våren 1910, 21 og 19 år gamle. Dei hadde med seg 40 kroner. Olga følgde etter i 1913. Til slutt kom turen åt Petra. Ho hadde med seg 100 kroner da ho drog av garde med Kristianiafjord den 17. mai 1916. Målet for reisa var Minnesota. Det er vel mest truleg at Maria hamna i Amerika òg.

I 1906 vart Peter kalt fabrikkarbeidar, men vi veit ikkje kvar han budde eller kvar han arbeidde. I 1910 var han husbondskar (gardsbestyrar) på Fjetre i Stange. Når han flytte til Stange, veit vi heller ikkje. Han omkom i 1911. I kyrkjeboka for Kolbu står det at gardsbestyrar, enkjemann Peter Evensen Nøkleby døydde i ei ulykke ved kjøring 27. desember 1911. Han vart gravlagd 14. januar 1912. Presten har skrivi i kyrkjeboka at han budde på Todderud i Stange, men han vart truleg gravlagd ved Kolbukjørkja, ettersom dødsfallet er ført inn i kyrkjeboka for Kolbu og ikkje i kyrkjeboka for Stange.

12. Ole Ingebret Karlsen Dahl. «Sersjant Dahl», som han vart kalt, hadde garden frå ca 1902 til 1907, men han hadde ikkje tinglyst skjøte. I 1903 tilbaud han garden som kvarter for tenestehest. I 1904 tinglyste han ein pantobligasjon til Hypotekbanken med pant i garden.

13. David Andersen Nøkleby kjøpte garden av sersjant Dahl i 1907 og brukte han saman med Vestigarden. Det eine våningshuset vart rivi i 1909, medan det andre vart sett i stand. Sjå Vestigarden.

14. Hans Davidsen Nøkleby tok over Oppigarden i 1911. I 1913 fekk han òg skjøte på Vestigarden. Dei to gardane vart brukte saman. Sjå Vestigarden.

15. Margit Hansdotter Nøkleby (1918) og mannen hennar, Paal Narum (1916), tok over garden i 1956. Born: Brynhild (1941), Gerd (1943), Åse (1947), Elisabeth (1949). Paal forpakta Raufoss gard frå 1935. Familien budde på Raufoss.

Brukarrekkja i Bortigarden (austre nedre) Nykleby frå 1657

Anna Nøkleby (Bortigarden) med ein del av den store ungeflokken rundt og på den fyrste sparken - 1922.
Foto: Mjøsmuseet

1. Hans Einarsen (ca 1600 – ca 1679), gift med Siri Gulbrandsdotter (død ca 1659). Born: Hans (ca 1656), Einar (Eynert) (ca 1659) og Mari. Siri Gulbrandsdotter åtte ein del i Majer. Hans Einarson må ha vori oppattgift. Vi finn Hans som brukar på ein av nyklebygardane både i 1657, 1666 og 1669. I skattelistene er han oppført frå 1669 til 1679. I 1680 er det oppgitt at «Haagen og Enchen» er brukarar på den eine nyklebygarden. Håken var i Oppigarden, så enkja må ha vori Siri Gulbrandsdotter, enkja etter Hans Einarsen i Bortigarden.

2. Anders Nilsen (ca 1650 - 1712) gift med Mari Karlsdotter (ca 1645 - 1710) er nemnd som brukar fyrste gong i 1685. Born: Nils (ca 1682 – 1742), Mari (ca 1684), Gjertrud (ca 1687).

3. Nils Andersen (ca 1682 – 1742) fekk skjøte frå viselagmann Smit på storparten av garden i 1709. I 1712 fekk han bykselsetel frå Anna Catrine Mechenborg på ein liten del av garden. Nils var gift med Berte Matisdotter Hermanrud (ca 1684 – 1759). Born: Margrete Nilsdotter (1716 – 1806) gift i 1741 med Gunder Olsen Balke (1713 – 1795), Marte Nilsdotter (1717) gift i 1740 med Hans Bentsen Dyste (1717 – 1742). Nils Andersen fekk skjøte frå kaptein Todderud på ein del odelsrett i Nykleby i 1721. Generalmajor de Reichvein og biskop Peder Hersleb selde ein del av austre Nykleby til Nils Andersen og Syver Jonsen i 1735.

4. Gunder Olsen Nykleby (frå Vester-Balke) (1713 – 1795) gift 1741 med gardjenta Margrete Nilsdotter (1716 – 1806), fekk skjøte frå svigerfar sin på den delen han åtte i garden i 1741. I 1745 fekk Gunder skjøte på ein del av garden frå Siri Wendel. Gunder og Margrete sat svært godt i det, men var barnlause. Even Hansen, systerson åt Margrete, tok over garden etter dei. På skiftet etter Margrete og Gunder i 1807 arva Even Hansen verdien av garden. Garden vart verdsett til 2000 riksdalar. Arvingane etter Gunder Olsen arva alle kontantar og uteståande fordringar, i alt 3000 riksdalar. Ved folketeljinga i 1801 står det at Margrete Nilsdotter levde av føderåd og var «husbondens moster», medan Even Hansen var oppført som «husbonde». Gunder Olsen kjøpte Hubrei i 1764. Den garden var det Anders Evensen, nesteldste son åt Even Hansen (brukar nr 5), som vart ved.

5. Even Hansen Nykleby (1742 – 1812), son åt Hans Berntsen Dyste og Marte Nilsdotter Nykleby, gift 1770 med Marte Andersdotter Majer. Born: Hans (1771), Berte (1773), Hans (1775 – 1810), Anders (1779), Margrete (1782). Anders (fødd 1779) vart brukar på Hubrei. Sonen hans, Even Andersen, gifta seg seinare med gardjenta i Oppigarden.

Marte Andersdotter og Even Hansen budde på Overn frå 1770 til ca 1773 og på Opsal frå ca 1773 til 1781. I 1781 kjøpte Even halvdelen av Oppigarden Nykleby og dei flytte truleg dit, om dei da ikkje flytte til Bortigarden med det same. På skiftet etter Margrete Nilsdotter og Gunder Olsen i 1807 arva Even verdien av Bortigarden og Lundøgarden, men han hadde teki over garden lenge før.

6. Hans Evensen Nykleby (1775 – 1810) gift 1805 med Margrete Villumsdotter Bæhr frå Rise (1772). Born: Even (1807), Marte (1810). Margrete vart oppattgift i 1812 med Iver Kristoffersen Thesen (død 1841). Born: Helene (1813), Anne (1816). I 1800 fekk Hans skjøte på Bortigarden og Lundøgarden frå Margrete Nilsdotter og på halvdelen av Oppigarden frå far sin. Skjøtet vart tinglyst i 1803.

7. Even Hansen Nøkleby (1807 – 1887) fekk skjøte på Bortigarden da han var 3 år gammal. Han åtte garden i 43 år, fram til 1853. Stefaren, Iver Thesen, dreiv garden til Even var så gammal at han kunne ta over drifta. I 1826 vart Even gift med Marie Pedersdotter Lunde (1807 – ca 1846). Born: Johanne Maria (1827), Helene Petronelle (1829), Marte (1831), Hans (1834), Oline Georgine (1837)

8. Hans Evensen Nøkleby (1835 – 1860) fekk skjøte på garden i 1853. Gift 1854 med Berte Marie Pedersdotter Narum (1831 – 1907). Born: Maria (1854 – 1855), Karoline Maria (1855), Petra (1858) gift med Kristian Hansen Dyste, Hans (1860). Berte Marie vart oppattgift i 1868 med Ole Olsen på Væll-Hol.

9. Karoline Marie Hansdotter Nøkleby (1855) fekk garden på skifte etter far sin i 1868, gift 1875 med Johan August Johannessen Røise (1856). Born: Mina Petra (1875), Johannes (1877), Hans (1880), Anna Ovidia (1894), Anders (1885), Berta Maria (1887 – 1972) gift med Hans D. Nøkleby i Vestigarden Nykleby.

10. Johannes Nøkleby (1877 – 1960) tok over garden i 1906. Gift 1903 med Anna Presterud (1880 – 1958). Born: Klara (1903), August (1904 – 1970), Maria (1906), Olga (1908), Jenny (1910 – 1910), Palma (1911), Ole (1913), Johannes (1915), Anna Jenny (1917), Helene Mary (1919), Betsy Karine (1921), Helge Torstein (1923).

Johannes kjøpte Gran i 1928. August tok over Bortigarden i 1936, Ole og Torstein tok over kvar sin del av Gran i 1959.

11. August Nøkleby (1904 – 1970) tok over garden i 1936. Gift 1937 med Synnøve Frydendal (1913 – 1985). Born: Gunhild (1938), Anne Margrethe (1941), Johannes (1944), Karl (1948). 12. Johannes Nøkleby (1944) tok over garden i 1971. Gift 1968 med Liv Enger (1944). Born: Hanne Synøve (1970), Inger Marie (1973) Etter Anders Nilsen, som vart nemnd som brukar fyrste gongen i 1685, har same slekta soti i Bortigarden fram til i dag.

Brukarrekkja i Vestigarden frå 1630-talet

Hans D. Nøkleby med ein hingst utanfor bygningen på Vestigarden - 1925/26.
Foto: Mjøsmuseet

1. Jørgen er brukar på 1630- og 40-talet, han åtte ein del av garden sjølv. Vi kjenner til to av sønene hans, Jens Jørgensen (fødd ca 1643) og Torkel Jørgensen (fødd ca 1644). I 1667 søkte Torkel om å få gifte seg med tremenningen sin, Margrete Torkelsdotter. Jørgen må ha døydd føre 1653. Enkja gifta seg oppatt med Kristoffer Olsen, brukar nr 3, og dei fekk ein son ca 1655.

2. Haldor står oppført som brukar i skattelistene 1641 – 43.

3. Kristoffer Olsen (fødd ca 1620) var einaste brukar i Vestigarden i 1657, 1666 og 1669. Vi finn han i skattelistene, som brukar, fram til 1684. Han var gift med enkja etter Jørgen (Brukar nr 1). Vi kjenner namna på to born: Ole Kristoffersen (ca 1658) og Anne Kirstine Kristoffersdotter (ca 1664 - 1740)

4. Jon står som brukar i 1682 saman med Kristoffer. I 1684 og 1685 er Kristoffer den einaste brukaren, og frå 1685 til 1694 er Jon den einaste brukaren. I 1695 og 1696 står Jon og Ole som brukarar. Ole kan ha vori son åt Kristoffer Olsen, i 1696 fekk han ei dotter som vart døypt Maren. Vi veit ikkje meir om Jon og Ole. Frå 1700 er Lars og Jens førte opp som brukarar på den vestre garden. Ut frå dette ser det ut til at Vestigarden vart delt i to bruk rett føre 1700 (sjå Midtre).

5. Lars Tomassen (ca 1655 – 1705) er den fyrste brukaren vi kjenner til etter at den vestre nyklebygarden vart delt i to. Han var gift med Anne Kirstine Kristoffersdotter, dotter åt Kristoffer Olsen, brukar nr 3. I 1697 fekk Lars bykselbrev frå Niels Jacobsen Smit på ein del av Nykleby, og i 1705 fekk han skjøte på garden frå Nils Jacobsen Smit. Born: Kristoffer Larsen Festad, Tomas Larsen Eikstad i Vardal, Ole Larsen (1699 – 1725), Marte Larsdotter Heksum og Margrete (1703) gift med Gunder Nilsen. Anne Kirstine gift 2. gong 1704 med Jens Håkensen Askjum (ca 1678 - 1724). Jens stod oppført som brukar i 1723. Born: Mari f. 1708, d. føre 1725.

I 1723 reiste Anders Holje odelssak mot Jens Håkensen og Jens Evensen, som hadde kvar sin del av den vestre nyklebygarden. I 1720 klaga Jens Håkensen og Jens Evensen Nykleby (Midtre) over finnen Ole Bertelsen, som hadde fått bykselbrev frå futen Nernst på ein plass ved Midtbusætra. Desse to Jens-karane sætra på Midtbu. Finnen vart på det næraste frikjend.

6. Margrete Larsdotter (1703 – 1776), gift 1724 med Gunder Nilsen Garde (1702 – 1782). Born: Marte (1724 – 1725), Johanne (1726 – 1780, g.m. Ole Einarsen Holje), Ole (1728 – 1737), Marte (1731), Mari (1736), Ole (1739 – ca 1774), Ingeborg (1743), Kirstine (1746), Nils (1750).

Gunder Nilsen fekk skjøte frå Siri Wendel på ein del av vestre Nykleby i 1745. Gunder Nilsen delte sin del av Vestigarden mellom dei to sønene sine. Eldste sonen, Ole, fekk skjøte på det som i dag heiter Vestigarden i 1759. Gunder beheldt den andre delen, det som i dag heiter Nistugua, til 1777. Da fekk yngste sonen, Nils, skjøte på denne delen.

7. Ole Gundersen (1739 – ca 1774) fekk skjøte frå far sin på halve garden i 1759, gift med Dorte Andersdotter (1741 – 1817). Born: Marte (ca 1766 – 1780), Margrete (1771 – 1804) gift med Jens Olsen Skaugerud/Jerstad. Dorte vart oppattgift i 1776 med Jens Kristensen (1731 – 1803). Born: Kristen (1777 - 1802), Anders (1783 – 1785).

8. Jens Olsen Skaugerud (1765 – 1824) fekk skjøte frå mor åt kona si i 1799, men selde garden vidare til Kristen Jensen, som var halvbror åt kona. Han var gift med Margrete Olsdotter Nykleby (1771 – 1804). Born: Oline (1791 – 1823), Berte (1794) gift med Johannes Buruld, Dorte (1797 – 1801), Ole (1802 – 1803). Jens vart oppattgift med Maria Kristiansdotter. Jens hadde Skaugerud, men i 1802 makebytta han Skaugerud mot Jerstad. Jerstad var taksert til 6000 riksdalar og Skaugerud til 3000, så Jens gav 3000 riksdalar imellom. Jens og Margrete budde på Skaugerud til dei flytte åt Jerstad etter makebyttet. I 1805, etter at Margrete Olsdotter var død, vart det tinglyst eit føderådsbrev på Vestigarden Nykleby frå Jens Olsen Jerstad (Skaugerud) til Dorte Andersdotter.

9. Kristen Jensen (1777 – 1802) var son åt Dorte Andersdotter og andre mannen hennar. Han fekk skjøte på garden frå Jens Olsen Skaugerud i 1799. Da han døydde, gjekk garden attende til mora, Dorte Andersdotter.

10. Oline Jensdotter (1791 – 1823) fekk skjøte på garden frå mormor si, Dorte Andersdotter, i 1813. Ho vart gift i 1813 med Amund Gudbrandsen Bøe. Amund Bøe var son åt Gudbrand Pedersen Bøe på Leikvam i Østre Gausdal. Gudbrand kom frå Bø i Follebu. Amund Bøe kjøpte Gran i 1823. Han og Oline flytte dit. Same året vart Vestigarden forpakta bort til Halvor Andersen Gran. I 1835 reiste Amund Bøe sak mot Halvor Andersen fordi han ikkje hadde betalt skattane som låg på garden, slik han var forplikta til i følgje forpaktingskontrakta. Halvor Andersen vart frikjend.

Like etter at Oline og Amund hadde flytt til Gran, gjorde Oline ende på seg. Ho vart gravlagd ved Hoffkjørkja 23. april 1823. «Hængt sig selv» har presten skrivi i merknadsrubrikken i kyrkjeboka. Born: Gudbrand (1814), Johan Martin (1815), David (1818), Inger Marie (1819). Inger Marie vart gift 17. mai 1839 med Johannes SundRånåby.

11. Gudbrand Amundsen Bøe (1814) tok over Vestigarden på skifte etter mor si i 1827. Garden vart seld i 1839.

12. Ole Andersen Kubrud (ca 1794) kjøpte garden i 1839. Gift med Berte Hansdotter Synsteby (ca 1800). Born: Anders (1823), Hans (1829). I 1875 budde Berte hos sonen Hans Olsen på Vestre Tronset, men hadde føderåd frå Vestigarden Nykleby.

13. Anders Olsen Nøkleby (1823 - 1894) tok over etter far sin i 1850. Gift med Karine Davidsdotter Enge (1826). Born: Ole Anton (1850), David Berner (1852), Klara (1857), Karen Augusta (1860), Mina Jørgine (1864 – 1864), Martinus (1868). Foreldra åt Karine, David Kristiansen (ca 1792) og Berte Hansdotter (ca 1800), budde som føderådsfolk på garden ved folketeljinga i 1865. På denne tida åtte Anders Olsen òg garden Velt-Setne.

14. David A. Nøkleby (1852 - 1911) tok over garden etter far sin. Det er ikkje tinglyst skjøte eller føderådskontrakt, så overtakingsåret er ikkje funni. Overtakinga skjedde ein gong mellom 1875 og 1894. David kjøpte Oppigarden Nykleby i 1907. David var gift med Mathea Hansdotter Møllerhagen (1855 – 1922). Born: Klara Emilie (1874 – 1898), Magda Josefine (1876 – 1898), Hans (1884 – 1971), Anders (1886), Klara Magdalena (1900). Sonen Anders drog åt Forman i Nord-Dakota i 1913. I 1918 reiste han heim att til Noreg, men utvandra til Kanada i 1924. I 1925 kom han attende til Forman i Nord-Dakota.

15. Hans D. Nøkleby (1884 – 1971) tok over Oppigarden etter far sin i 1911 og fekk skjøte på Vestigarden av mor si i 1915. Gift med Berte Marie Røise frå Bortigarden Nykleby (1887 – 1972). Born: Magnhild (1916), Margit (1918), Valborg (1920). Magnhild tok over Vestigarden i 1957, Margit tok over Oppigarden i 1956. Valborg fekk ein del av skogen, som Hans D. hadde kjøpt frå Gran.

16. Magnhild Nøkleby (1916) gift 1941 med Johannes G. Tandsæther (1914) hadde garden frå 1957 til 1985. Born: Bjørg Helene (1950), Hans Jostein (1954).

17. Hans Tandsæther (1954) er brukar frå 1985. Gift 1980 med Anna Kristin Ullavik frå Sykkylven (1953). Born: Maren Randi (1982), Jon David (1985).

Brukarrekkja i Nistugua frå 1759

1. Gunder Nilsen (1702 – 1782) selde halve Vestigarden til eldste son sin i 1759. Han heldt att den andre halvparten, det er Nistugua.

2. Nils Gundersen (1750 - 1836) var yngste son åt Gunder Nilsen. I 1777 fekk han skjøte frå dei andre arvingane etter far sin på den delen av Vestigarden som Gunder Nilsen hadde haldi att. I 1787 reiste Jens Kristensen odelssak på vegne av stedotter si, Margrete Olsdotter Nykleby. Ho var gardjente i Vestigarden og hevda odelsrett på Nistugua. Noka odelsløysing vart det ikkje. Nils Gundersen beheldt garddelen sin. Gift 1778 med Gunnild Knutsdotter Gran (ca 1762 – 1796). Born: Ole (1780), Margrete (1783), Marte (1785), Peder (1787), Gunder (1789), Knut (1791), Ane (1794), Guline (1796). Oppattgift med enkja Berte Jensdotter. Gift for tredje gong i 1822 med enkja Anne Olsdotter Bjørkestugun.

3. Ole Nilsen fekk skjøte på Nistugua frå far sin i 1796. I 1797 vart det sett opp føderådskontrakt mellom far og son. Ole Nilsen selde garden i 1799. Føderådskontrakta til faren vart tinglyst same året.

4. Johan Larsen (1766-1852) kjøpte Nistugua av Ole Nilsen i 1799. Johan Larsen var frå Gåserud. I 1798 vart han gift med Marte Kristiansdotter frå Austre Mel-Kvem (1768 – 1830). Born: Lars (1798), Margrete (1800), Marte (1802 – 1885), Kristian (1807 – 1841), Martin (1809). Lars drog frå bygda. Da det var skifte etter Johan i 1853, var Lars alt død, men han hadde (mellom anna) ein son som hadde vorti døypt i Aker kyrkje. Margrete var gift Asgard. Ho reiste åt Amerika i 1852. Marte vart gift åt Oppigarden Nykleby.

5. Kristian Johansen (1807 – 1841), gift med Oline Hansdotter Sør-Narum (1805). Oline var syster åt Peder Hansen som vart gift med Marte, syster åt Kristian (sjå Oppigarden). Kristian fekk skjøte på garden i 1833. Oline vart oppattgift i 1842 med Johannes Pedersen Øverset (1821).

I 1838 reiste Johan Skindstad (son åt Lars?), som meinte han hadde odelsrett på Nistugua, odelssak mot Kristian Johansen. Dei vart forlikte om at Johan skulle trekke saka mot at Kristian betalte han 100 spesiedalar. Etter at Kristian var død, brukte Oline og den andre mannen hennar garden fram til systerdotter hans Kristian, Johanne Marie Oppigarden Nøkleby, tok att garden på odel i 1846. Oline og Johannes flytte til Øverset.

6. Johanne Maria Olsdotter Nøkleby (1826 – 1911), gift 1845 med Even Andersen Hubrei (1821 – 1887). Born: Anders (1846 – 1848), Alemine (1850), Anders (1851 – 1889), Ole (1856 – 1892), Peter (1859 – 1911), Mina (1862), Nils (1865), Johan (1869). Anders var landhandlar i Totenvika og på Bilitt, sjå Oppigarden. Ole var landhandlar på Skramstad i Totenvika etter bror sin, kjøpte Faut-Narum. Peter var gardbrukar i Oppigarden. Mina var gift med Ole Gaarder på Melgarden Garde. Nils tok over Nistugua.

Johanne Maria var systerdotter åt Kristian Johansen. I 1841 hadde ho fått Oppigarden Nykleby på skifte etter far sin. I 1846 tok ho att Nistugua på odel, og ho og Even Andersen flytte dit. Dei selde garden i 1892 til nestyngste sonen. Ein dag ‘n Even kom innatt til måls, sto itte maten på bordi, og ‘n Even vart grinete. A Johanna Marja sto og rørde ti grautgryten. «Nei sjå bordi benken å je har gjort mæ’ di har vøri ute», sa ‘a Johanna Marja. Og bordi benka låg det ein nyfødt onge. Men da gikk ‘n Even på stabburet og skar ta no’ flæskeskiver. Hæinn ville itte ha den grauten barselkjerringa dreiv og kokte.

Even Andersen var frå Hubrei. Far hans var Anders Evensen Hubrei, son åt Even Hansen i Bortigarden Nykleby.

7. Nils Evensen Nøkleby (1865), gift med Julie Marie Matiasdotter Synsteby. Nils og Julie var barnlause. Dei selde garden i 1924 til

8. Emil Lundstad. Han hadde garden fram til 1930, selde til

9. Per A. Møllerhagen (1887 - 1968) gift med Palma Oline Hoel (1894 – 1942). Born: Johannes (1922), Åse Nikoline (1924).

10. Johannes Møllerhagen (1922) gift med Henrikke Kjørlaug (1930). Born: Bjørg Oddny (1957), Per Jarle (1960), Hans Christian (1962). Johannes tok over garden i 1952.

11. Per Jarle Møllerhagen (1960) gift med Ingrid Lundgård frå Gran (1967). Born: Mari (1992), John Henrik (1995). Per Jarle tok over garden i 1992.

Brukarrekkja på Midtre frå 1697

1. Jens Evensen (ca 1661 – ca 1738) fekk bykselbrev på ein del av Nykleby i 1697. Han fekk skjøte på garddelen sin av Niels Jacobsen Smit i 1705. Det var skifte etter han i 1739. Gift med Berte Andersdotter frå Dal i Vardal (død ca 1738). Born: Nils (1697 – 1774), Johannes (1698), Gunil (1702), Anna (1703 – 1725), Birte (1705), Mari (1708 – 1713), Kari (1710), Mari (1714).

2. Nils og Johannes Jensen. Johannes Jensen fekk skjøte frå far sin i 1739. Johannes og den eldre bror hans, Nils, hadde garden saman. Dei to vestigardsgardane skulle vera like store, og i 1740 forlangte Gunder Nilsen i Vestigarden grenseoppgang mot Midtre, som dei to brørne åtte. I 1744 forlangte Johannes Jensen besiktigelse på garden, og i 1745 inngjekk dei to brørne kontrakt med einannan om garden. Nils Jensen fekk skjøte frå Siri Wendel på ein del av garden i 1745. Nils Jensen (1697 – 1774) var gift med Marte Jensdotter (ca 1712 – 1774). Born: Mari (1735), Jens (1738 - 1818), Kari (1740), Mari (1743), Anders (1745), Ane (1748), Birte, Marte.

3. Jens Nilsen (1738 – 1818) fekk skjøte frå far sin i 1765. Gift med Kari Madsdotter Enge (1745 – 1830). Barn: Nils (1766 – 1773), Marte (1769), Nils (1774), Mads (1776 – 1843), Johannes (1780), Mari (1783), Eli (1787).

4. Nils Jensen (1774 – ca 1843) fekk skjøte på garden frå far sin i 1804. Gift med Berte Sevaldsdotter Hol. Nils hadde garden frå 1804 til 1841. Nils og Berte var barnlause og selde til stortingsmann Peder Fauchald. Det var skifte etter Nils Jensen i 1843. Enkja, Berte Sevaldsdotter, fekk halve buet. Den andre halvdelen arva syskna hans Nils. Ein del av syskna var døde, men hadde born som arva. Arvingane var Nils Madsen Tronset, Oline Madsdotter og Maria Madsdotter Tronset, Nils Johansen (midlertidig slave på Akershus), Mari Jensdotter, gift med Jens Gardlaushågån, og Eli Jensdotter, gift med Nils Bjørke.

5. Peder Fauchald hadde garden frå 1841 til 1849. Peder Fauchald budde på Søkstad. Han var stortingsmann og den fyrste ordføraren på Østre Toten. Han selde garden i 1849 til

6. Nils Madsen Tronset (1814 – 1863). Nils Madsen var brorson åt Nils Jensen som Peder Fauchald hadde kjøpt garden av. Gift med Johanne Karine Bjørnsdotter Hammastad, fødd på Furuset i Veståsen i 1814. Barn: Petronelle Bjørgine (1845), Berte Maria (1847), Nette Matilia (1849), Nils (1851 – 1852), Nils (1853), Ole Kristian (1857).

7. Petronelle Nilsdotter (1845) tok over garden på skifte etter far sin i 1864. Same året vart ho gift med Peder Pedersen Narum (1844 – 1927). Petronelle og Peder hadde garden fram til 1928. Barn: Nils (1865), Petter (1867), Klara (1868), Anton (1872), Petrine (1876), Magda (1878 – 1959), Johan (1881), Maria (1887), Johannes (1890). Eldste sonen, Nils, kjøpte austre Kraby. Han var gift med Otilie Øverset. Petter og Johannes drog åt USA. Anton kjøpte nørdre Rå i Stange. Petrine vart gift med Anders Nygård og tok over garden. Magda vart gift med Martinius Holje og Maria vart gift Nordby.

8. Petrine Pedersdotter (1876) gift 1902 med Anders Andersen Nygård (Hubrei) (1878 – 1952). I 1900 var Petrine i hushaldningslære hos ein familie i Oslo. Barn: Anders (1902), Petra Borghild (1904), Per (1906), Arne (1909), ei jente døydde udøypt i januar 1912, Berta (1912), Palma (1912), Margit (1914), Dagny (1920).

9. Arne Nygård (1909 – 1992) hadde garden frå 1949 til 1971. Gift med Kristine Midthus frå Etnedal (1915). Barn: Marit (1940), Valborg (1945).

10. Marit (1940) gift med Nils Tiller Snipstad (1939) tok over garden i 1971. Born: Kristin Elisabeth (1960), Arne (1965). Når vi ser bort frå åra 1841 – 1849, da Peder Fauchald åtte garden, har garden vori i same slekta frå 1697, da Jens Evensen fekk bykselbrev på ein del av den vestre nyklebygarden, til i dag.

Husmannsplassar

I 1723 var det ingen husmannsplassar på Nykleby.

I 1801 var det to husmannsplassar, der det budde i alt sju personar.

I 1865 var det 11 plassar, der det budde 63 personar. Plassane fordelte seg slik på dei fem gardane:

  • Oppigarden: Hågåjordet (7 personar), Hågån (3 personar)
  • Bortigarden: Trinserud (5 personar), Kalbakken (4 personar), Smebakken (10 personar i to hushald)
  • Vestigarden: Nykkelby-Glåmen (4 personar), Nykkelbystugua (4 personar).
  • Nistugua: Biggerud (7 personar), Dalen (8 personar)
  • Midtre: Bishus (7 personar), Leirhus (4 personar)

Kjelder og litteratur

  • Manuskript av Olaf Nøkleby (2017).

Vidare lesing

  • Dyhren, Fredrik: «Jens Eriksen Nøklebys arvinger», i Vestoppland slektshistorielags tidsskrift. Utg. Vestoppland slektshistorielag. 2003. Digital versjonNettbiblioteket, s. 173-178.

Eksterne lenkjer