Jostein Nerbøvik
Jostein Nerbøvik (fødd 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo) var ein framståande historikar med omfattande lokal- og annan faghistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter.
Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som fram til 2012 var i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim.
I 1983 kom han tilbake til Volda og engasjerte seg tidleg i lokalhistorisk arbeid her, både som tilsett ved distriktshøgskulen og i lokalsamfunnet som redaktør for Voldaminne i fleire år. Da høgskulane fekk høve til å tilsetje professorar i 1993, hadde Nerbøvik alt fått godkjent kompetansen og vart ein av dei første professorane ved det som frå 1994 vart Høgskulen i Volda.
Frå kring 1990 og til han døydde hadde han òg eineansvar for bygdebokserien Volda-soga 1800-1945, der han rakk å fullføre fire band. Det tredje bandet heiter Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, og handlar om hans far Johan Magnus Nerbøvik og farfaren Johan Halvorsen Nerbøvik, som var fotografar i Volda.
Gjennom 1990-åra var Nerbøvik ein av dei viktigaste forkjemparane for Ivar Aasen-tunet, det nasjonale opplevings- og dokumentasjonssenteret for nynorsk skriftkultur i Hovdebygda i Ørsta.
Nerbøvik skreiv til saman 10 bøker, dusinvis med artiklar og heldt mange foredrag. Ottar Grepstad held Nerbøvik for å «vere den mest kresne stilisten i nynorsk sakprosa» og «ein av dei fremste til å skrive norsk i det heile».
Nerbøvik er gravlagt ved Gamlebyen gravlund i Oslo.
Bibliografi
- Norsk historie 1870-1905. Utg. Samlaget. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bønder i kamp. Utg. Samlaget. Oslo. 1991. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Lokalhistorisk bibliografi (Volda)
- Volda-soga 1800-1945. Krigsår og motstandsvilje 1940–1945. 1996. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Volda-soga 1800-1945. Holmgang med havet 1838–1914. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Volda-soga 1800-1945. Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898–1979. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket (begrensa tilgang).
- Volda-soga 1800-1945. Myndige møringar 1740-1870. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket (begrensa tilgang).
Litteratur
- Døssland, Atle 2004: Jostein Nerbøvik (1938-2004). HIFO-nytt 2/2004 s. 4-5.
- Grepstad, Ottar 2004: Jostein Nerbøvik 1938-2004. Utdelt ved minnestund 18. mars 2004.
- Omslagstekstar Volda-soga 1800-1945.