Nordmannssetre (Lesjaverk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordmannssetre
Foto: Arnfinn Kjelland (2020)

Nordmannssetre er ei setergrend som ligg på sørsida av hovuddalen, noko sønnafor Lesjaverk stasjon. Det går fleire skogsvegar på bortsida, både frå Nordmo og Lesjaverk. Køyrevegen vart opprusta i 1954, og brua flytt 150 m nordover. Den gamle setervegen gjekk etter den gamle riksvegen til Valtuva, og tok ned der. Da Raumabanen vart bygd, gjekk han ned ved undergangen nordafor Sandan. Det gjekk elles ein veg eller stig på bortsida, Movegen. Han gjekk heilt frå Lordalsvegen til Rånå.

Det har vore fire setrar på Nordmannssetre. Etter setervegen slik han går i dag, kjem ein fyrst til selet til Bjørklund nedst på kvea. Rett oppafor selet ligg ein svært gammal, stor låve.

Øvst på kvea ligg dei tre gamle setrane. Når du kjem etter vegen, kjem du fyrst til setra til Kjellshus-Stavem, så til Søre Mosenden og synst til Ljosbakken.

Det har opphavleg vore buplass her, for folk som arbeidde ved Jernverket medan det var i drift. Sjå fyrste bind av bygdeboka, side 628. Jernverket vart nedlagt i 1812. Når staden vart teke i bruk som seter, er vanskeleg å seia, men helst var det vel i fyrste halvdel av 1800-talet.

Nordmannsetre er særskilt skyldsett, gardsnr. 48. Bruket vart skyldsett i 1838. Men alt i 1817 kjøpte Ola Jakobsen Ljosbakken Verket, inkl. alle dei plassane som ikkje var fråskilt, av Tore Olsen. To år seinare selde han garden att, til sonen til Tore. Han heldt att halvparten av skoglia bortafor elva: «hvor jeg vil ... bygge og nytte en Sæter». Da han i 1845 selde Stor-Rise til sonen Hans, fylgde halvparten av Nordmannssetre med. Den andre halvdelen leverte han til sonen Jakob, på Ljosbakken.

Den delen som gjekk til Stor-Rise, kom på handel. Fyrst selde Hans Olsen Rise eigedomen til Engebret Jonsen Motterudhaugen, i 1863. I 1866 selde han ein del, til Ola Johannesen Stavem på Kjellshus-Stavem, og i 1868 selde han andre delen til Reinholdt Tostensen Mosenden. Slik kom dei eigarane vi finn sist på 1900-talet. Sjå også under Tandsetre, der Stor-Rise kjøpte seter i 1863.

Ljosbakken er nok eldste setra. Når dei bygde dei andre, er uvisst.

Det var visstnok vinterlegu her frå gammalt. På Lesjaverk er Nordmannssetre kalla Bakkesetre fordi Ljosbakken hadde ho åleine til å begynne med. Det er sagt at dei andre setrane vart unnaselt for at Ljosbakken skulle sleppe å vera åleine om vintrane. Det er og sagt at det var mykje «spetakkel» her under anleggstida, og setra vart av den grunn kalla «Cuba».

Litteratur

Koordinater: 62.1741912° N 8.5570293° Ø