Norrøne fartøy
Norrøne fartøy er eit fellesnamn for dei fartøytypane og fartøya som vart bygd av norrønt folk og samar i Norden i tida frå kring 700 til kring 1350. Norrøne fartøy var klinkbygd med kjøl og spisse stamnar. Fartøya vart både rodd og segla. Mindre båtar og krigsfartøy hadde som hovudregel rorsrom i alle rom, medan frakt- og handelsfartøy kunne ha reine lasterom midtskips. Rorsromma hadde keipar i eldre fartøy, og alltid i mindre fartøy; større fartøy fikk ganske tidleg årehol for å kunna vera høgt borda utan å miste den beste rorsvinkelen. Til segl vart det alltid bruka eit stort råsegl. Gjennom heile perioden hadde norrøne skip berre ei master. Som ror vart det bruka styreåre heilt fram mot slutten av perioden. Den første avbildinga med sikkert stamnror finst i Fide kyrka på Gotland og blir datert til tidleg 1200-tal. Det er omstridd om relieffet på døypefonten i Winchester Cathedral (ca. 1180) viser stamnror eller sideror.
Konstruksjon
Rorsrom
Styre
Master og segl
Løfting og kastell
Fartøytypar
Spesifikke fartøy
Arkeologiske funn
Kjente norrøne skipsfunn inkluderer Kvalsundbåten (ca. 690), Bårsetbåten (800-talet), Osebergskipet (820), Gokstadskipet og gokstadbåtane (ca. 890), Haugenskipet (Tuneskipet, ca. 900),Ladbyskipet (ca. 16-sesse, ca. 900–950), Äskekärrskeppet (handelsfartøy, ca. 930-åra), Klåstadskipet (handelsfartøy, 998), Roskilde 6 (1025), Skuldevev 2 (1042), Viksbåten (ca. seksrømming, ca. 1050) og Handelsfartøyet under Dronning Eufemias gate (2. halvdel av 1200-talet).
Skip i norrøn litteratur og kunst
Frå norrøn litteratur kjenner vi blant anna Ormen Lange (ca. 34- til 52-sesse, seint 900-tal), Mariasuden (33-sesse, 1183) og Kristsuden (37-sesse, ca, 1263).
Moderne fartøy etter norrøn modell
Skip av norrøn type bygd i nyare tid inkluderer «Viking» (16-sesse, 1893), «Saga Siglar» (knarr, 1983), «Havhingsten fra Glendalough» (30-sesse, 2004), «Saga Oseberg» (15-sesse, 2012) og «Draken Harald Hårfagre» (25-sesse, 2012).
Bibliografi
- Brøgger, A.W. og Shetelig, Håkon: Vikingeskipene : deres forgjengere og etterfølgere. Oslo : Dreyer, 1950.