Norvald Yri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norvald Yri.
Foto: Faksimile fra magasinet Utsyn (Norsk luthersk misjonssamband) nr. 4 1986, utsnitt av intervju med Yri om misjon i Tanzania.

Norvald Yri (fødd 2. juli i 1941 i Hareid, død 12. august 2018) var misjonær og forfattar. Han skreiv ei rekke bøker innan teologi og oppbyggingslitteratur og deltok i samfunnsdebatten. Vidare var Yri ein sentral person i arbeidet med den norske King James-bibelen og under etableringa av avisa Norge Idag.

Bakgrunn

Norvald Yri vaks opp i Snipsøyrdalen på Hareid. Etter vidaregåande opplæring tok han ei fireårig utdanning ved misjonsskulen Fjellhaug i Oslo 1962-1966. I 1966 fekk han teologisk embetseksamen frå Det teologiske menighetsfakultet.

Arbeid

Yri var lærar ved Fjellhaug i perioden 1968-1971 og seinare frå 1985.

Som misjonær var han utsendt av organisasjonen Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Han reiste ut til Etiopia i 1973 saman med kona Gjertrud, her var dei til 1976. Frå 1976 til 1981 var Yri tilsett som misjonssekretær for Sør-Amerika i NLM. I 1981 byrja han som misjonær i Tanzania, der han var stasjonert til 1985.

Kjelder og eksternt stoff