Olav Sletto

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Olav J. Sletto»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav og Karin Sletto.
Fotomontasje: Bjørn Furuseth, Hol bygdearkiv.

Olav Sletto (fødd 21. juni 1886 i Holet, Hol, død 24. oktober 1963 på Geilo i Hallingdal) var forfattar. Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (1915–1918), dei historiske romanane sine frå kyrkjehistoria (1920–1924) og den historiske romansyklusen Soga um Røgnaldfolket (1943–1946). Olver-syklusen (1954–1956) er delvis sjølvbiografisk. Per-bøkene (1939–1942) er rekna blant dei finaste skildringane av barndom og oppvekst i norsk litteratur. Som stilist var Olav Sletto makalaus.

Bakgrunn

Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera Bjørnstjerne Bjørnson, men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell har skrive om mor til Olav Sletto og går mellom anna gjennom farskapsspørsmålet i boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare[1]. Men såvel Anne, som sonen Olav, var meistrar i å gjera seg gåtefulle. Den som står skriven som far i kyrkjeboka i Hol, er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.

Liv

Garden Sletto, der Olav vaks opp.
Foto: Eva Almhjell (2019).

Olav Sletto voks opp hjå besteforeldra i Sletto. Han var ein gløgg gut, og gode menn i Hol kosta på han høgare utdanning. I 1902-03 gjekk han på folkehøgskule på Voss og i 1907 tok han eksamen ved lærarskulen på Notodden. Der trefte han Karin Bryde, dotter av reiaren Johan Mauritz Bryde (1830–1899) frå Sandefjord, som han seinare gifta seg med. Paret slo seg frå fyrst av ned i Vollen i Asker (1912-1917), der familien Bryde hadde sin landstad. Huset dei sette seg opp fekk namnet Vesleheimen. Paret fekk fire barn. Tre av dei kom til i Vollen, den fjerde vart født på Fiskum. Dei fire var: Eva (6.9.1912-7.3.2006), Randi (8.1.1914-17.7.2002), Bjørn (12.3.1915-18.12.1962) og Irene (15.11.1919-31.3.2013). Olav Sletto var ferdatalar for Noregs Ungdomslag 1910-1916. I desse åra gjorde han meir enn 70 taleferder. 1917-1923 var Sletto lærar ved Buskerud folkehøgskole, og frå 1923-1942 var han styrar ved Romerike folkehøgskole, seinare Romerike ungdomsskole. Under krigen budde han og kona på Bingen gard i Sørum. Etter krigen flytta han heim til Hol kommune (Geilo), der han døydde i 1963.

Olav Sletto og folkehøgskulen

Sletto-biograf Lars Reinton skriv i Ei bok om Olav Sletto (Samlaget 1966) at Olav Sletto var republikanar, målmann, avhaldsmann og venstremann. Professor Jørn Øyrehagen Sunde føyer til at han også var pasifist. Men framfor alt brann Olav Sletto for folkehøgskulen. Han meinte Norge var i krise grunna industrialisering, ungdommens flukt frå bygda, sedløyse og åndeleg forfall i byane. Folkehøgskulen skulle vera ei motvekt til dette moderne. «Norsk ungdom i dag maa leidast heimatt til far og mor, fedrelandet, heimatt til Gud. So kvar einskild naar eit fagert personleg liv. Dette er folkehøgskulen sitt program», seier han i ei tale om Bondens sjælsliv (1921), og konkretiserer tanken sin slik: «Folkehøgskulen staar i eit sers høve til det nasjonale liv, det folkelege liv i landet. For folkehøgskulen er ein skule for livet og vil ha heile folket i tale. Og det tykkjest gaa fram av ...fedrelandssoga - at skal ein kunne tala um dei største aandelege ting til eit heilt folk, maa det fyrst vekkjast nasjonalt: Det maa vekkjast kjensle av samanheng millom alle samhaldslag, kjensle av samanheng millom den eine og folket, kjensla av plikt og offerkrav. Folkehøgskulen vil vekkje ungdom til nasjonalt folkeliv, til levande norske borgarar.» Folkehøgskulen skulle vera ein møteplass for åndeleg og kulturell vekst. Ein redskap i nasjonsbygginga. Eit verktøy i kampen mot hovudstadsdominansen i norsk kulturliv.

Etter seks år i Darbu hadde han også eit godt ry som lærar. I 1923 vart han skulestyrar ved Romerike Folkehøgskole, seinare Romerike ungdomsskole, på Årnes, ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under den andre verdskrigen. Her kunne han endeleg puste fritt, og her bygde han opp ei mønsterskule som etter kort tid fekk mange søkjarar. Skulen var ny, med ein stor og fin styrarbolig, der familien Sletto bygde opp «ein humanistisk heim», som Sletto kalla han. I 1941 vart dei kasta ut av tyskarane, som i forakt for humanismen knuste Olav Sletto sin talarstol. Under krigen budde Slettos på Bingen gard i Sørum.

Olav Sletto var pasifist og han var aktiv i den norske målrørsla heile sitt liv, liksom han var ein varm forsvarar av folkehøgskulen, slik han definerte henne, til han døydde, 76 år gamal.

Talaren Olav Sletto

Vesleheimen, Olav og Karin Slettos fyrste bustad dei åra Olav var ferdatalar (1912-1916). Foto: Ludvig Finstad Pedersen 1945. Fotomontasje Hol Bygdearkiv 2018.

Olav Sletto var ettertrakta talar, og skaffa seg det beste ry. Han var i tekst og tale ein stor forkynnar - og forførar. Talekunstnaren – og forkynnaren Olav var vakker og velkledd. Kona hans, Karin, sytte for det, og han tok seg godt ut på talarstolen. Der trivdes han. Ein som høyrde Olav tale, eller skal vi si forkynne, opplevde det slik:

Naar ein ser Sletto koma inn i ein forsamlingssal, fri og sterk og bjart og roleg, so langt fraa aa minna um bondebygdi at han nærmare er ein forfina estetikar – og so høyrer han tala sine fine og formsikre ord med rein og klaar røyst, so er det vel mange som hadde trutt han var strengare og sterkare enn han no ser ut til aa vera.  Men naar dei har lydt paa eit korters tid, merkar dei ein styrke som tryllar folkeflokken inn i det som er hans tankeverd, so folk sit og syp etter anden. Daa merkar dei ein styrke hjaa han som dei sidan har age for.

Dette minner om skildringa av ein forkynnar, og Johan Austbø, som har referert sitatet ovanfor, held fram: «Sletto talar ikkje, paa vanleg vis, han diktar, han maalar, han penslar ut. Og under dette er det som andlitet hans etter kvart faar fastare og klaarare linor. Og ein kjem til aa tenkja paa andlitsdragi hjaa Henrik Wergeland.»  [Johan Austbø, Ung-Norig, eit litterært tidsskrift aat ungdomen, Risør 1922]. I tekst og tale var Olav Sletto ein forførande forkynnar. Kva bygde han på? Han hadde si tru, han kunne sine klassikarar, men utan å forstå den storslåtte naturen han vaks opp i, og den mangfaldige og sterke fjellbygdkulturen han var del av, vil ein ikkje kunne fatte denne diktaren, dette mennesket, seier Sletto sjøl.

Det er publisert fleire artiklar frå taleferdene til Olav Sletto [1910-1917] basert på brevvekslinga mellom Olav og Karin. Nokre er å finne på nettstaden til Olav Sletto-selskapet. Vollen-tida er også skildra i ein artikkel publisert i Glimt fra Vollen. Årbok for Vollen historielag 2018. Fleire artiklar frå Olav Slettos liv og dikting er også publisert i Olav Sletto-selskapet sine årshefter 2016-2019, som også er å finne på nettsida, og i Dølaminne, årbok for historielaga i Hallingdal.

Sletto - midt i motkulturen

Sosiologen Stein Rokkan har analysert det norske samfunnet. I tida kring slutten av 1800-talet fann han ein sterk motstand mot den urbane makteliten. Han konstaterte, seier biografen Arild Stubhaug til Klassekampen 21. mars 2019, at den norske utkanten mislikte hovudstadens dominans. Og denne motviljen kallar Rokkan «motkultur». Målrørsla er eit døme på ein motkultur i Norge, slik den poetiske livsstilen mange dyrka på bygda var det. Folkehøgskulen var ein sentral del av motkulturen. Det var periferien i opprør mot sentrum. Olav Sletto sto, kan det sjå ut til, midt i denne motkulturen – med sitt engasjement i folkehøgskulen, med heimstaddiktinga, men kanskje også i sitt religiøst-historiske forfattarskap,. Han var i opposisjon til statskyrkjeprestane og deira lære. Han var antiautoritær i sine haldningar, men ganske autoritær i sin praksis, syner det seg.

Forføraren Olav Sletto

Som Sletto forførte sitt publikum og sine studentar, forførte han også Karin Bryde. Dette går fram av breva mellom Olav og Karin frå 1911. Heilt tidleg i denne brennheite kjærleikskorrespondansen skreiv Karin at han måtte ikkje skrive henne «alle disse vakre ordene til», for han kjende henne ikkje, og kanskje var ho ikkje den han trudde. Han drøymte om ei som skulle vera dronning i [hans] heim, mor for han sjøl [møte hans store morssakn] og mor for felles barna. Ho skulle fylle det store tomrommet av einsemd han kjende inni seg. Det var høge forventningar. Og Karin var redd for at ho ikkje var den som kunne fylle rollen som hans hustru - slik han forventa. Olav høyrde ikkje på det øyra. Hans mål var å vinne prinsessa i tårnet på Kathrineborg i Sandefjord, den storslåtte barndomsheimen til Karin Bryde. Han bygde henne opp med psykologisk kløkt. Han tok henne med ord. 27. juli 1911 gifta dei seg - i det dulde. I 52 år held dei saman. Om attråa var vond vende i unge dagar, var kvardagen sers krevjande for Olav og Karin. Det går fram av dei mange hundre breva dei veksla i sitt samliv. Desse er transkriberte av Eva Almhjell.

Olav og Karin Sletto, var truande menneske, men ikkje av det statskyrkjelege slaget. Sletto blir av dei fleste forstått som grundtvigianar, mens Øyrehagen Sunde meiner han var høgkyrkjeleg. Litterært høyrde Sletto til den romantiske tradisjonen. Han var antimodernist og tok avstand frå realismen som litterær retning. Sjøl kalla han seg ideal-realist, i.e. at han skildrar livets realitetar, men på ein ideal måte. Han, som var født utanfor ekteskap, og voks opp i små kår, han som hadde levd realitetane som realistane, ofte med borgarleg bakgrunn, dikta om, han hadde ingen trong til å skrive moteriktig realisme. Han skildra bygd og bygdefolk med godheit. På grensa til det idylliske. Hjå hans fanst ingen duunske bygdedyr. Olav Sletto var diktar av kall, ein klassisist. Hans mål var å gi lesaren ei oppleving som ga næring til åndeleg vekst. «Mennesket - sjæli er alt for meg», sa han i eit intervju i Den 17de Mai i 1922. Sletto vart ramma av slag i 1941, og frå 1944 fekk han invalidepensjon.

I 1946 flytta Olav og Karin Sletto inn i mor Anne sitt hus på Geilo, Hol i Hallingdal. Der trivdes Olav. For Karin var det mindre trivnad å finne i stasjonsbyen Geilo.

Olav Sletto og æresretten

Olav Sletto ga ut bøker under krigen og han takka ja då okkupasjonsmakta i 1942 innvilga han Statens kunstnarløn. For denne si «unasjonale haldning» vart han etter krigen dømt av æresretten til Den norske forfattarforening - utan moglegheit til å forklare seg. Han fekk heller ikkje gi ut bøker fyrste året etter krigen. Han vart fråtatt si ære. Etter søknad slapp han etter krigen å attendebetala stipendet han hadde tatt imot, og i 1948 var medlemskapen i Den norske Forfatterforening igjen i orden.

15. september 2018 var Olav Sletto ein av 17 forfattarar som fekk Den norske forfatterforening si orsaking for den urettvise handsaminga dei fekk av æresretten etter krigen. Orsakinga var del av Den norske Forfatterforening sitt 125-års jubileum. Med den orsakinga var Olav Slettos ære gjenoppretta, noko som gjorde ein forskjell for etterkomarane. Eva Almhjell har skrive ein artikkel om Olav Sletto og krigen i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2019.

Verk

Framsida på Olav Slettos debutbok Dei gamle (1908). Nytt omslag av Bøthuns Bokverksted, Tønsberg, 2018. Gitt att med løyve av eigar, Lisa Bøthun, 8.10.2019.

Han debuterte i 1908 med boka Dei gamle og hausta stor fagnad. Boka vart forstått som heimstaddikting. Det var ikkje Olav Sletto nøgd med. Han ville ikkje vera heimstaddiktar, og fann ein annan sjanger. Det vart fyrst eit drama, Sanddal (1910), med handling lagt til fjellbygda. Mottakinga var noko kjølegare enn den debutboka fekk, så då skifta han sjanger igjen. Han gjekk til norrøn og kristen mytologi.

Loke-kvartetten

består av fire bøker: Loke, Domen, Millom eldar og Skyming. Dei kom ut på hans eige forlag, Ringen, i perioden 1915-1918.  Om sjølve skriveprosessen seier Olav Sletto at han, som hadde ein lys hug, under skrivinga måtte dukke ned i dei største djup og dei innerste mørke krokar i si sjel. Familien budde i Vollen/Asker. Heimen var fylt av etterkvart tre små ungar, så han sat ofte på ei skrivehelle han hadde laga seg nede ved Oslofjorden for å få ro til å skrive. Og ute i Europa rasa den mest ubegripelege og grufulle krig.

Til skildnad frå den norrøne Loke-karakteren [sett saman av jotun og ås], har Sletto gestalta ein tre-einig Loke, av ås-, jotun- og menneske-hått. Mens den norrøne Loke er utspekulert infam, men av og til ein god hjelpar, utanfrå sett utan tvil i si splitta sjel, blir Slettos Loke ridd av tvil.  Han blir kasta mellom det gode og det vonde, mellom maktbrunst og attrå på sin tornete og kronglete veg mot det Sletto kallar Allfader.

Ingen etablerte forlag våga gi ut desse originale manusa. Bøkene kom derfor ut på Slettos private forlag, Ringen. Kona, Karin Bryde, som kom frå ein rik reiarfamilie i Sandefjord, var arkitekten bak forlaget. Olav Slettos åndsfrende, Tjøme-diktaren Alf Larsen, held Loke-kvartetten for Slettos største verk og meinte at alt han skreiv etter dette, var variasjonar over temaet i Loke-bøkene.

Fram til 1939 kom det mange bøker med religiøst-historisk innhald frå Slettos hand. Fagnad hausta dei lite av, desse bøkene.

Per-bøkene og «Soga um Røgnaldfolket»

Rett før og under andre verdskrigen vende Olav Sletto «heim att» og skreiv dei fire bøkene om Per (Per Spegil 1939, Per Sjøl 1941, Per Stavlang 1943, Per Spelmann 1946). Dette er fortellinga om oppvekst i ei liten fjellbygd på slutten av 1800-talet. Unike bøker. Av mange helde som det varaste og vakraste i sitt slag i norsk litteratur:  lokal kulturhistorie sett frå barnet sin ståstad. Bøkene vart ein suksess.

Han held fram med heimstaddiktinga i Soga um Røgnaldfolket (1943-1950), ei slektskrønike, men også ein varm og innsiktsfull skildring av det store hamskiftet på bygdenivå. Hovudpersonen Silju, født utanfor ekteskap, er prest. Av natur er han ei kunstnarsjel, og blir slite mellom kunstnaren og presten i seg. Han mistar eit barn, kona Gro og resten av barneflokken reiste frå han. Han, med sitt fokus på eige indre, legg knapt merke til det. Til slutt søkjer han opp i fjellet og lever der i einsemd i tre år før han vender attende til sivilisasjonen og menneska – sjeleleg avklara.  Slettos heimstaddikting er lokal kulturhistorie i romanform.

Alf Larsen var igjen begeistra over Slettos innsikt i den åndelege verda, og skreiv eit grundig essay om denne bokserien. Det er publisert på Olav Sletto-selskapet si nettside.

I 1948 kom Broder Hans, ei bok om Hans Nilsen Hauge. Han var Slettos store forbilde, med sin pragmatiske, men åndeleg fengande religiøsitet. Sletto skildrar Hauges misjonsferd i Hallingdal på slutten av 1700-talet. Etter eventyrromanen Skrinet skal opnast om hundre år (1951), avslutta han forfattarskapen sin med ein seks-binds sjølvbiografisk kunstroman om Olver, der han med vidd og humor skildrar sitt livs  åndelege reise. Det vart i mangt ei reise i trøysteslaust land, i ei tid Sletto sjøl kalla åndsforlatt.

Sletto som fantasy-forfattar

«Villa Lunde», som mor til Olav Sletto fekk sett opp i 1913, på Geilo. Bustad for Olav og Karin Sletto frå 1946, då Sletto flytta heim att.
Foto: Eva Almhjell (2016).

Olav Sletto har òg vorte nemnt som ein «gløymt» norsk fantasy-forfattar.[2][3] I Gerd Karin Omdals bok Grenseerfaringer (2010) omtalar ho Loke-verket som «kanskje (…) den første serien med fantasy-bøker i Norge i moderne forstand» [Omdal, 2010:162]. Sletto sjøl kalla bøkene for eit hugsyn. Som norrøn fantasylitteratur utan barn og unge som tiltenkt lesargruppe, er Loke-serien noko sersynt i verdslitteraturen. Den mest kjente i denne sjangeren er J.R.R.R Tolkiens The Lord of the Rings (1954-1955). Loke-bøkene husar også likskap med Tolkiens Ringdrotten-trilogi, ein trilogi som kom kring 40 år etter Loke-kvartetten. Likskapen ligg m.a. i at fortellingen er sett i eit middelalderlandskap, skriv Eva-Charlotte Mørk. Ho utdjupar dette i ei mastergradsavhandling i litteraturvitskap om Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU 2016.[2][3]

I 1950 fekk Olav Sletto kr. 800 pr. år i æresløn frå Hol kommune. Fyrst i 1960 fekk han, etter mange søknadsrunder, Statens kunstnarløn på kr. 9000 i året. Han fekk Gjelsvikprisen av Norsk Måldyrkingslag for godt mål i diktinga si. I Hol fekk han «Bragdprisen» for kulturell innsats.

Olav Sletto ga ut i alt 44 bøker. Alle bøkene er tilgjengelege hos Nasjonalbiblioteket.

Utgjevingar

Avisklipp frå Norsk Tidend 18. desember 1952: annonse for Olav Sletto sin "Tenaren" (frå 1913).
  • Dei gamle (1908)
  • Sanddal (1910)
  • Smaaord (1912)
  • Tenaren (1913)
  • Um Tyskland (1914)
  • Loke-verket (1915–1918):
    • Loke
    • Domen
    • Millom eldar
    • Skyming
  • Dagning (1920)
  • Geisli (1920)
  • Stefanus (1921)
  • Porten (1922)
  • Signum Christi (1923)
  • Fatum (1924)
  • Elveland (1924)
  • Ambrosius-trilogien:
    • Valet (1926)
    • Primas (1927)
    • Frukt (1928)
  • Uppetter glasberget (1929)
  • Glør (1930)
  • Dagrit (1931)
  • Gildet (1932)
  • Odel (1934) – ein drama-syklus:
    • Gamle Vehall
    • Skrinet
    • Flaum
  • Domhuset – mysteriespel (1936)
  • Per-bøkene:
    • Per Spegil (1939)
    • Per Sjøl (1940)
    • Per Stavlang (1941)
    • Per Spelmann (1942)
  • Soga um Røgnaldfolket:
    • Under Solhov (1943)
    • Ættbunden (1944)
    • Jordfast (1946)
    • Fyrste Glimt (1949)
    • Dag (1950)
  • Broder Hans (1948)
  • Skrinet skal opnast um hundre år (1951)
  • Olver-bøkene:
    • Boki um Olver (1954)
    • På høgt berg (1956)
    • Upp bakke og ned dal (1957)
    • Under Helgafjell (1958)
    • Då tedde ei eldborg (1961)
    • På Alderstun (1963)

Referansar

  1. «Olav Sletto, ein gåtefull diktar» av Kåre Olav Solhjell hjå Olav Sletto-selskapet.
  2. Agnes Bøttcher: «Fantasy, litteratur og den norske virkeligheten» i Vinduet (2003)
  3. Øyvind Myhre: Magiske verdener : fantasi-litteraturen fra Gilgamesj til Richard Adams, Cappelen, 1979 (s. 115). Myhre karakteriserer romanen Skrinet skal opnast um hundre år (1951) som «reinhøvlet Swords & Sorcery».

Kjelder og litteratur