Ole Andreassen Aakre
Ole Magnus Andreassen Aakre (fødd 19. august 1897 i Haram, død 9. oktober 1989) var lærar og kyrkjesongar. Han var òg organist, songkorleiar og formann i helse- og fråhaldslag.
Han var son av bonde og furer Andreas B. Aakre (f. 1856) og Kristine (død før 1900), Haramsøya på Sunnmøre. Ole Andreassen Aakre, som hadde to eldre brør, tok eksamen ved Voss kommunale millomskole i 1917, Statens småbrukslærarskule i 1922 og Volda lærarskule i 1928.
Aakre var lærar ved framhaldsskulen i Hovin i Telemark 1928-29 og ved framhaldsskulen i Spydeberg i Østfold 1929-30. I 1930 arbeidde han eit halvt år ved Aukra folkehøgskule. Frå januar 1931 til juli 1932 var han lærar og kyrkjesongar i Hyllestad i Ytre Sogn, og vart tilsett i same stilling i Sande på Sunnmøre 1. september 1932. I 1941 vart han varaordførar i Skudenes kommune.
Han var gift med Anna Kristine Aashammar, dotter av Johannes Aashammar og Karoline Larsdotter Aarviknes.
Kjelder og litteratur
- Ole Andreassen Aakre i Historisk befolkningsregister.
- Ole Andreassen i folketelling 1900 for Haram herred fra Digitalarkivet
- Ole Andreassen i folketelling 1910 for Haram herred fra Digitalarkivet
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Aftenposten 12. desember 1941 og 16. oktober 1989