Ole Wernsen Klungseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Klungset i Nordbygda på Nes.
Foto: Ukjent (Digitalt Museum)

Ole Wernsen Klungseth (fødd på Nes i Hedmark 1782, død same stad 1836) var gardbrukar og politisk aktivist. Han var saman med Halvor Hoel og andre sambygdingar aktiv under bondeaksjonane mot sølvskatten i 1818.

Familien

Foreldra var Wern (Werner) Olsen (ca. 1752-1813) og hustru Anne Olsdotter frå Østre Sterud (1753-1833). Dei var gardbrukarar på Klungset (gml. gnr. 144 i Nes, nytt gnr. 675 i Ringsaker). Ole var den eldste av fire brør. Den eine døydde som barn. Dei to andre vart handverkarar, høvesvis glasmeister og smed.

Ole Wernsen var gift med Marie Johannesdotter. Dei fekk åtte born saman, men seks av dei døydde som småbarn.


Garden

Faren til Ole hadde bygsla Klungset av Ringsaker kyrkje frå 1780. I 1806 fekk familien kjøpt garden til sjølveige for 1200 riksdalar. Same året overdrog foreldra garden til Ole.

Klungset var ein mindre gard etter forholda på Nes, med 10 kyr, fem hestar og 18 sauer i 1808. Til sølvskatten 1816 vart Ole Klungseth likna for 15 spesidalar og 39 skilling, medan til jamføring Halvor Hoel var likna for 170 spd.[1]

I 1801 budde det 14 menneske på Klungset.[2] Brukarfamilien bestod av Wern Olsen med kone, ein vaksen son (Ole) og to mindreårige. Dei hadde to tenstefolk. Dertil kom ein husmannsfamilie og ein føderådsfamilie (dei førre brukarane).

Ole Wernsen og Marie dreiv garden frå 1806 til 1827, men hadde skøytt han over på sonen Ole (fødd 1809) i 1824. I 1827 vart garden seld på tvangsauksjon, da Ole Wernsen ikkje klarte sine forpliktingar. Mykje av årsaka til dette låg venteleg i dei høge sakskostnadene han var ilagd i samband med rettsoppgjeret etter bondeaksjonane i 1818, i alt 697 spesidalar og 99 skilling. Kjøpesummen da Ole Wernsen overdrog garden til sonen i 1824 var sett til 500 spesidalar. Kjøpesummen på auksjonsskøytet frå 1827 var 700 spesidalar.

Familien (formelt sonen Ole) fekk Klungsetstua som føderådsbruk av den nye eigaren.

Politisk aktivitet

Som aktivist under bondeaksjonane i 1818 vart Ole Klungset dømd to års straffarbeid i 1826 pluss sakskostnader. Fengselsstraffa vart ved kongeleg benådning nedsett til to månader.

Ole Wernsen hadde markert seg i det offentlege også tidlegare. Han er ein av fire underskrivarar av eit inspel til grunnlovsdebatten som kom inn til riksforsamlinga på Eidsvoll frå Hedmarken fogderi.[3] Det går inn for å «benægte suvereniteten» (avviser eineveldet) og å sikre prentefridomen. Elles går framlegga mykje ut på korleis ein skal best og mest mogleg avgrense byråkratiet og sikre den private eigedomsretten (til gardane) mot offentlege inngrep.

I 1815 skreiv Ole Klungseth eit innlegg i Christiania Intelligentssedler «…betreffende formentlig Tilsidesettelse af anciniteten ved det Søndenfieldske dragonregiment.»


Referansar

  1. Sølvskatten 1816 for Nes
  2. Ole Wernsen i folketelling 1801 for Nes prestegjeld fra Digitalarkivet.
  3. Riksforsamlingens forhandlinger 1. del side 404-406

Kjelder og litteratur