Lars Eldevik
![](/thumb.php?f=Lars_Eldevik_80_%C3%A5r.jpg&width=400)
Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken.
Bakgrunn og familie
Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.
Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).
Davik
Eldevik tok eksamen ved Tromsø lærerskole i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i Måsøy kommune. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.
I november 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sunnfjord og Nordfjord med oppmoding om å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Eldevik og to andre lærarar frå Davik var mellom dei som skreiv under.
Nes
![](/thumb.php?f=D%C3%A6hli_skole_Nes.jpg&width=400)
Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved Dæhli skole på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I folketeljinga for 1910 er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». Lars Eldevik var dessutan skulestyreformann på Nes i ni år.
Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i Nes historielag, som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med Nes bygdebok, band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal.
Han døydde i 1952, og vart gravlagd på Stavsjø kirkegard.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 1835278)
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Finden, Johanne: «Nes historielag 75 år : Bygdebøker og bygdekultur», i Lokalhistorisk magasin 4/2005.
- Kolstad, Gunhild: Nes bygdebok, andre bind, 1. del, 1990 (sjå forordet åt styret).
- Lars Jørgensen i folketeljinga 1865 for Davik herred frå Digitalarkivet
- Lars Eldevik i folketeljinga 1900 for Nes herred frå Digitalarkivet
- Lars Eldevik i folketeljinga 1910 for Nes herred frå Digitalarkivet