Oseloftet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oseloftet på Norsk Folkemuseum.
Foto: Olve Utne (2008).

Oseloftet er et loft frå garden Ose i Bygland kommune. Det ble reist om lag år 1700. I 1912 vart det overført til Norsk FolkemuseumBygdøy, og i 1913 vart det gjenreist. Det er ein del av Setesdalstunet på friluftsmuseet.

Loftet vart bygd av Knut Torjusson Helle frå Hylestad. Namnet tyder på at han var av same ætt som den namngjetne Håvard Hedde; hedde er lokal uttale av Helle. Loftet er bygd av kraftig tømmer, med større stokkar enn vanleg. Tømringa og skurden er av særs høg kvalitet. Som skikken var i Setesdal har loftet ikkje sval tilknytta fyrste etasje, men i staden ei lukka sval langs alle fire sidene av andre etasje. I fyrste etasje, buret, vart det lagra mat, og i andre etasje hadde dei kler og utstyr. Både etasjar kunne nyttast som gjesterom og sovestad om sumaren.

Galleri

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.