Setesdalstunet på Norsk Folkemuseum
Hopp til navigering
Hopp til søk
Setesdalstunet på Norsk Folkemuseum har tretten bygningar arrangert som eit rekkjetun på to rekkjer. I Setesdal var dette ein vanleg tuntype, som oppstår når ein gard delast i to bruk, og bygningane samlast på eit felles tun. Av di det er to brukarar med familier som har kvart sitt bruk er det to av dei fleste typer bygningar på eit slikt tun.
Bygningane er henta frå Setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle. Sagastua skiljer seg frå dei andre ved at det er ein moderne kopi. Museet bygde ein kopi av gamlestog på Kjelleberg i Valle, og her kan ein sjå korleis ei årestua kan ha sett ut når ho var ny. Bygningen er reist med metoder, material og reiskap som var i bruk for 300 år sia.
Bygningane
Bygning | Type | Fra | Datering | Ervervet | Gjenreist | Nummer | Merknad | Bilde |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kjellebergstua | Årestue, peisestue | Kjelleberg, Valle, Setesdal | 1650 (ca.) | 1912 | 1913 | 1/2 | Kjellebergstua består av «gamlestog», som er ei årestue, og «nyestog», som er ei peisestue. | |
Oseloftet | Loft | Ose, Bygland | 1700 (ca.) | 1912 | 1913 | 3 | ||
Åmlidstua | Årestue | Åmlid, Valle | 1650-1700 (ca.) | 1895 | 1898 | 4 | ||
Brottveitloftet | Loft | Brottveit, Valle | 1650-1700 (ca.) | 1909 | 1910 | 5 | Brottveitloftet er eit av få trihøgde loft i Norge. | |
Stolpehus frå Kjelleberg | Stolpehus | Kjelleberg, Valle | Middelalder | 1941 | 1941 | 6 | ||
Løe frå Rysstad | Løe | Rysstad, Valle | 1800-1850 (ca.) | 1938 | 1938 | 7 | ||
Fjøs frå Rike | Fjøs | Rike, Valle | 1800-1850 (ca.) | 1941 | 1941 | 8 | ||
Løe frå Skomedal | Løe | Skomedal, Bygland | 1800-1850 (ca.) | 1941 | 1941 | 9 | ||
Fjøs frå Skomedal | Fjøs | Skomedal, Bygland | 1850-1900 (ca.) | 1941 | 1941 | 10 | ||
Stall frå Kultran | Stall | Kultran, Bykle | 1800 (ca.) | 1941 | 1941 | 11 | ||
Badstue frå Åmlid | Badstue | Åmlid, Valle | 1600-tallet | 1912 | 1913 | 12 | ||
Stall frå Heimtveiti | Stall | Heimtveiti, Bykle | 1850 | 1966 | 2008 | 13 | ||
Sagastua | Årestue | 1994 | 1994 | 14 | Kopi av «gamlestog» i Kjellebergstua, nr. 1/2. |
Kjelder
- Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.