Rasmus Aarflot (1792–1845)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Sivertsson Aarflot (fødd 17. januar 1792 i Ørsta, død 19. januar 1845 i Volda) var gardbrukar, lensmann og stortingsmann, og overtok etter faren Sivert Aarflot som boktrykkar og redaktør.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar, lensmann og prenteverkseigar Sivert Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836).

Den 2. juli 1816 vart han gift i Volda kyrkje med Synneve Mauritsdotter Bjørkedal (1788–1854), som var dotter til Maurits Danielsson Bjørkedal (1748–1798) og Lisbet Knutsdotter Alsaker.[1] Dei fekk borna:

Liv og virke

Rasmus Aarflot vart fødd på garden Årflot i Ørsta. Då han var seks år gamal kjøpte faren Nedre Ekset i Volda, og familien flytta dit. Før han kom i skulealder lærte Rasmus å lese av faren, og han skal ha kunne lese i huspostillen som fireåring. Etter at han byrja på omgangsskulen i Volda fortsette faren å undervise heime, så Rasmus fekk med seg mykje lærdom i barneåra.

Då han var nitten år gamal tok han over som postopnar, og i 1810 vart han faktor, eller styrar, ved Aarflots prenteverk. Han vart også redaktør for Norsk Landboeblad, som faren gav ut. Avisa vart lagd ned i 1816. Då Sivert Aarflot døydde i 1817 var det Gunhild Aarflot som tok over prenteverket, og Rasmus Aarflot dreiv det vidare for ho. I 1832 fekk han så løyve til å ta over. Den 1. januar 1833 gav han ut første utgåve av Landboe-Avisen, med undertittelen «Et Ugeblad for Landmannen af Blandet Indhold». Den gav han ut fram til 1844. I tida mellom 1817 og 1845 sto han bak nærare 150 verk som vart prenta på Ekset.

Norske Landboeblad var den første avisa som vart utgjeve på landsbygda i Noreg. Då Rasmus Aarflot starta opp Landboe-Avisen hadde ein berre byavisene, og den nye avisa vart raskt det viktigaste organet for nyhende og annonser i Romsdals amt. Opplaget var på om lag 300, men eksemplara gjekk på rundgang mellom folk. Landboe-Avisen fekk eit sterkare lokalt preg enn Norsk Landboeblad, som var sterkt prega av krigstida før 1814 og dei store omveltingane Noreg gjekk gjennom i denne tida. Det politiske stoffet fekk meir og meir plass i avisa, i takt med at bonderørsla vart sterkare og at det kommunale sjølvstyret vaks fram.

Rasmus Aarflot følgde òg i faren sine fotefar som lensmann i Volda frå 1816. I 1827 vart han også lensmann i Ørsta. han var òg leiar for Sogneselskabet for Voldens Præstegield fra 1831; det var Sivert Aarflot som hadde skipa selskapet i 1811. Av andre oppgåver han tok på seg kan nemnast at han var veginspektør for Søre Sunnmøre 1826–1834, medlem av heradsstyret Volda 1840–1843, kommunekasserar i 1838 og forlikskommissær frå 1844. Han vart vald inn på Stortinget for Romsdals amt fem gonger, i 1824, 1827, 1828, 1833 og 1839. I 1830, 1836 og 1842 var han suppleant. I 1845 vart han vald inn for sjette gongen, men han døydde før Stortinget vart samla. Som politikar hadde han ein viss avstand til dei radikale bondepolitikarane, og følgde i staden faren sitt tolerante og samlande syn.

I 1839 skipa han eit eige forlag. Det hadde sidan Sivert Aarflot vore ein liten bokhandel på Ekset, og Rasmus utvida den med fleire bøker frå Christiania. Han nytta Landboe-Avisen som annonseorgan. Tidlegare hadde bøkene som vart selt på Sunnmøre stort sett kome frå Bergen, men no tok forlaga i Christiania over.

Mot slutten av livet opplevde Rasmus at Nedre Ekset brann. Den 9. januar 1844 brann sju hus ned. Prenteverket, som var i den gamle røykstova, klarte seg. Men Sivert Aarflot sitt allmugebibliotek, som skal ha hatt tusen band i samlinga, gjekk tapt. Bygdefolket gjekk saman, og garden vart atterreist på kort tid. Men det hadde vore eit hardt slag for Rasmus Aarflot, og han kom seg ikkje heilt etter brannen. Litt over eit år etter ulukka døydde han.

Han vart gravlagd på Volda kyrkjegard.

Referansar

  1. Rasmus Siverts i Ministerialbok for Volda prestegjeld 1787-1816 fra Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder


Sivert Aarflot.jpg Rasmus Aarflot (1792–1845) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.