Remmingen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Remmingen.
Foto: Laila Skaret (2009).

Remmingen er ei samling øyer i Smøla kommuneNordmøre. Dei er lokaliserte nordaust for Glasøya, på innsida av Smøla. Øyene høyrer inn under garden Hellesfjord. På den største av desse øyene har det vore busetjing heilt fram til i dag.

Folk på Remmingen

Peder Kristensen Kattholm og kona hans, Mildri Steffensdotter Oterholmen, var dei fyrste som busette seg på Remmingen. Dei kom til staden som husmannsfolk omkring 1850. Familien livnæra seg av fiske.

I 1947 vart Remmingen seld frå Ingvald Åsheim til Harald Kulø for kr. 6.000. Kulø var ikkje busett her, men bruka staden til laksefiske og beite for sauer.

1970-talet vart Remmingen gjeve som gåve frå Harald Kulø til Eva Peggy Stensønes. Ho er barnebarn av Peggy Oldenborg Skomsøyvåg, som var oppvaksen på Remmingen. Stensønes brukar øya til fritid- og feriestad.

Sjå også

Litteratur og linkar