Rodi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rodi er eit språk som tradisjonelt har vore bruka av den undergruppa av romanifolket som tradisjonelt er basert langs kysten av Noreg (småvandriar, fantar) og som ofte reiser hovudsakleg lokalt. Rodi viser færre fellestrekk med romanés enn det austlandske og vestsvenske rommani gjer, men viser til attergjeld meir slektskap med jenisch — som da òg har vore føreslege som det språklege opphavet åt rodi. Strukturelt ligg rodi nærmare norsk enn rommani gjer, men rodi skil seg likevel ut som eit eige språk i større grad enn fallet er med språkforma månsing. Av trekk som understreker rolla rodi har spela som løynspråk kan nemnast at talorda frå éin til ti gjerne har vore bytte ut med samiske former. I praksis utgjer språka rodi og rommani eit dialektkontinuum; Eilert Sundt si oppsummering av «Skøiersproget» (rodi) tek slik utgangspunkt i dei ordformene som er mest ulike rommani, mens Gjest Baardsen si skildring av «Skøiersproget» ligg svært tett opp til rommani med unntak av pronomena og ein del andre ord.

Grammatikk

Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i rodi på same vis som i rommani; både syntaksen (setningsoppbygginga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av vestskandinavisk type.

Morfologi

Pronomen

Person Kasus Eintal Fleirtal
1.p. mander meru
Akkusativ/Genitiv menus merus
2.p. Nominativ denu eru
Akkusativ/[[Genitiv denus erus
3.p. Nominativ lo (mask.) / li (fem. deru
Akkusativ/Genitiv lo(s) (mask.) / li(s) (fem.) derus

Dei personlege pronomena i rodi skil seg tydeleg ut frå rommani: Medan rodi har den typiske angloromani og sintikes-forma mander, har rommani normalt forma miro. For å unngå samanfall mellom eintal og fleirtal har ein så i rommani teke i bruk fleirtalsforma vorsnus eller vårsnus.

Dei personlege pronomena følgjer eit forenkla blandingssystem med indiske, romanske og germanske trekk: I eintal har første person gjennomført m- og andre person gjennomført d- — parallelt til m- og t- i indoariske språk. Tredje person eintal liknar på l-formene ein finn i moderne romanske språk, men kjem faktisk av oblike former i romanés. Endingsvokalen i 3. person eintal er -o for hannkjønn og -i for hokjønn i tråd med generell morfologi i sigøynarspråka. I fleirtal er den eldre vestnorske motsetnaden m- | - | d- bruka. Det er tendens til generelt samanfall mellom objektsform og eigeform, og med unntak av 1. person eintal er denne oblike forma markert ved s-ending.

Av andre pronomen kjenner vi til gutto (‘kven?’), og gunnis (‘kvar?’).


Substantiv

Ubunde
eintal
Bunde
eintal
Ubunde
fleirtal
Bunde
fleirtal
divers (‘dag’) diversen diversar diversane
raklo (‘gut’) rakloen rakloar rakloane
rakli (‘jente’) raklia rakliar rakliane

Substantiva i rodi følgjer i hovudtrekk ein forenkla norsk morfologi, med etterhengd bunden artikkel både i eintal og fleirtal. I eintal blir det skilt mellom hannkjønn (-en) og hokjønn (-a) i bunden form, men i fleirtal er det samanfall i form av -ar i ubunden from og -ane i bunden form. Den ubundne artikkelen i eintal er jækk i alle kjønn: jækk raklo å jækk rakli (‘ein gut og ei jente’), men den norske artikkelen en/e/et kan òg brukast: en raklo å e rakli.

Verb

Talord

Av talord er dei indoariske formene delvis bruka i orda jækk (‘1’, éin) og dy (‘2’, ‘to’). Generelt har likevel talord lånte frå samiske språk vore meir bruka.

Bibliografi

Sjå òg

Lenkjer