Søren Schive (1795–1876)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Schive ein gong etter 1860.
Foto: Claus Peter Knudsen (Oslo museum).

Søren Schive (født 21. juli 1795, død 1876) var sokneprest i Tinn og Sørum.

Virke

Schive vart født i Kristiansand, og var son av lærar ved Kristiansand latinskule Søren Martinus Schive (1771–1827) og kona Helene Fredrikke Dochedal. Han fekk god utdanning: Han gikk i skule hos far sin til sitt fjortende år, seinare på Kristiansands skule, og frå januar 1814 i Kristiania latinskule. Faren var da blitt sokneprest til Ringebu.

I 1822 tok Schive teologisk embetseksamen, og same år vart han ordinert av biskop Frederik Julius Bech. Han virka som kapellan noen år fram til han vart utnemnt til sokneprest i Tinn prestegjeld i 1829, der han vart verande i nesten tjue år. Frå 1848 var han au prost i Øvre Telemark prosti.

4. september 1836 innvigde han nye Atrå kyrkje på vegne av biskop Sigvardt.[1]

28. oktober 1848 vart Schive sokneprest i Sørum prestegjeld, der han vart verande enda lenger enn i Tinn, heilt til 1870.[2] I Sørum var han også formann i skulestyret i den tida han var sokneprest.[3]

I 1871 tok han avskjed som sokneprest og flytta til Kristiania, der han vart buande resten av livet. I 1875 budde han som enkjemann med to av døtrene i St. Hallvards gate 5.

Familie

Schive vart gift 3. juni 1823 med Marthe Marie Arup (1790-), som var syster til biskop Jens Lauritz Arup. Dei fekk iallfall tre born:[4]

  1. Helene Fredrikke, født ca 1823 i Øyer.
  2. Søren, født ca 1825 i Øyer, død 1865.
  3. Conradine, født ca 1826 i Øyer.

Fotnotar

  1. Einung, side 180.
  2. Rudie og Børke, side 179.
  3. Rudie og Børke, side 240.
  4. Horgen, side 244. Horgen oppgir her fødselsår som ikkje stemmer med gifteåret eller folketeljinga.

Litteratur og kjelder

Eksterne lenker