Tinn prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Atrå kyrkje var hovudkyrkja i Tinn prestegjeld.
Foto: Per Espeland (mai 2011).

Tinn prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Telemark. Det går attende til mellomalderen. Då prestegjelda vart avskaffa i 2000-åra, omfatta det sokna Atrå, Austbygda, Hovin og Mæl. Dei vart overført til Rjukan kyrkjelege fellesråd; seinare har det vore nokre endringar i strukturen. Prestegjeldet svara geografisk til Tinn kommune.

Tidlegare tilhøyrde Rjukan med Dal sokn også Tinn prestegjeld, men det vart utskilt i 1948. Hovin sokn vart overført til Gransherad prestegjeld i 1859, men seinare tilbakeført til Tinn då Gransherad vart ein del av Heddal prestegjeld.

Sokneprestar

Før reformasjonen kjenner ein namnet på seks prestar i Tinn. Det ser ut til at dei var knytta til hovudkyrkja, Atrå stavkyrkje. Etter reformasjonen er det også nokre manglar; den første lutherske presten ein kjenner kom i 1572, og det må ha vore nokon der før han. Det er også nokre hol i presterekkja i drygt det første hundreåret etter omveltinga.

Galleri

Referansar

Kjelder

Koordinater: 59.98843° N 8.73196° Ø