Salem (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Salem (Fyresdal gnr. 35/7/1) er ein eigedom ved Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Gamleveg 6. Denne er skild ut frå Væting øvre (Fyresdal gnr. 35/7)

Tidleg soge

Då pinserørsla sin leiar, Thomas Ball Barratt, kom til Fyresdal i 1913 vart han teke venleg mot av Olav MomrakØvre Haugane i Hauggrend og hadde det fyrste møtet der. Pinserørsla etablerte seg fyrst i sentrum av Fyresdal og kom for alvor i 1930. Vekkinga kom til bygda ved eit besøk av Gudrun Eriksen og Telemarksevangelistane Såmund og Gunnhild Sollid. Fyresdal Pinsemenighet vart grunnlagt 27. juni 1931. Dei fyrste møta vart haldne i heimane, Folkets Hus vart og leigd enkelte gonger. Dåp, som hjå pinsevenene skal vere ved full ned-dykking, vart utført ved og i Fyresvatn.

Salem vert bygd

På menighetsmøte 7. oktober 1933 kom spørsmålet opp om å få bygd eige lokale. Ein komite skulle arbeide med saka, og i desember 1935 kom det framlegg om at ein skulle prøve å få inn midlar og få tak i ei tomt.

Tømra og den kila gråsteinsmuren frå det gamle meieriet i Hegglandsgrend vart flytta ned til Fyresdal. Tømra vart satt opp og bygd om til menighetslokale, og dette  fekk namnet Salem.

Forstandarleilegheit vert bygd

I 1967 tok ein til å bygge på i andre høgda slik at ein fekk eit husvære for forstandar, dette vart ferdig 1968.

Vidare utbygging

I 1982 vart det bygd eit nytt tilbygg på baksida av lokalet med inngang for funksjonshemma. Det vart og bygd dåpskum med tilhøyrande plattform og 2 rom for omkledning.  Ny vedbu og carport på til saman 60m2.

Menigheten vart raskt gjeldfri etter ut- og ombygging. Talet på medlemer gjekk stadig ned og i 2011 var dei17 stk. og ikkje så mange aktive. Det vart difor avgjort at ein skulle selje Salem, noko som vart gjort 2/1-2012.

Det var då Galleri Merleyn som etablera seg i lokalet med maleri, teikning, akvarell, glaskunst og diverse anna. Det vart satt inn eit vindaugo i salen i mønet mot sør for å få inn meir lys.

Pinsemenigheten Tabernaklet

I Kleivgrend, som er ein sidedal til hoveddalføret Fyresdal mot vest, vart det og etablert ein menighet. Fyrste leiar vart vald 2. november 1935 og 21. juni 1936 vart menighetshuset Tabernaklet innvigd. Dette lokalet vart etter kvart mindre brukt og i byrjinga av 1980 talet seld som privat fritidsbustad.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013. Pinserørsla i Fyresdal av Bjørg Melås. s.125-131.
  • Nordby, Guro red.: Høgtider i året og livet. Tradisjonar i Telemark. Telemark Bygdekvinnelag 2007. 159 s.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Andre utgåva. Alb. Cammermeyers Forlag. Oslo 1940

Biletgalleri