Sarvskroken (Bykle gnr 15/30)
Sarvskroken | |
---|---|
Huset til Tone B. Trydal. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1978 |
Utskilt: | 1979 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 30 |
Type: | Bustadeigedom |
Adresse: | Sarvsvegen 22 |
Sarvskroken i Nedre Sarv i Bykle gjekk ut frå bnr 11 i 1978, då Torjus Trydal og kona, Tone, kaupte henne hjå kommunen. Året etter hadde dei hus ferdig og flutte inn.
Torjus var sosialsjef i Bykle kommune. Han kom frå Moen i Trydal, og var son åt Jon Torsson Trydal og kona, Torbjørg Torjusdotter, f Stavenes.
- Torjus J. Trydal, f 1949, d 1986
- g 1970 m Tone Bjugsdtr. Sollid, f 1949. Born:
- Jan, f 1971
- Bent, f 1976
Tone er frå Sollid, gnr 13, bnr 38, og dotter åt Bjug Knutsson Sollid og kona, Gyro Bjørgulvsdotter, fødd Homme. Då faren døydde i 1998, overtok Tone Sollid-eigedomen etter han. Ho bur framleis i huset her saman med Bent, den yngste av sønene. Ho arbeider som reinhaldar og kjøkkenassistent på bygdeheimen, medan Bent er elektrikar. Jan, den eldste av sønene, er tannlækjar, og busett i Kristiansand.
Sarvskroken (Bykle gnr 15/30) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |
Koordinater: 59.35787437° N 7.36055187° Ø