Seljord kunstforenings forlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit utval av medlemsblad/katalogar gjeve ut av Kunstforeninga gjennom åra
Foto: Anne Brit Borgen/Lagsarkiv

Seljord kunstforening blei stifta september 1968 Kunstforeininga står bak den årlege Sommarutstillinga, men har hatt stor aktivitet både med konsertar, kurs, kulturarrangement samt lokalhistoriske turar og tilstelningar. Eit viktig tillegg til all den andre aktiviteten var forlagsverksemda som kunstforeininga dreiv gjennom mange år.


Nokre verk, som praktboka Grafikk‒Lyrikk (1974), som inkluderte eit førtitals diktarar og biletkunstnarar, blei gjeve ut saman med Noregs Boklag. Det same galdt den store faksimileutgåva av Rikard Berge sitt verk frå 1925, Norskt bondesylv, som kom ut femti år seinare, i 1975. Same året kom òg heidersskriftet til Harald Kihle sin 70-årsdag: Harald Kihle, også dette i samarbeid med Noregs Boklag. Dei fleste bøkene kom likevel ut i regi av kunstforeininga sjølv, og var trykte hjå Bø Trykk ved Arne Pettersen, som var ein ivrig støttespelar til kunstforeininga. Her blei òg katalogane trykte gjennom mange år, eit arbeid som Terje Grøstad var hovudansvarleg for. I 1982 ga foreininga ut Halvor J. Sandsdalen si Hundre folkeminne frå Seljord, med teikningar av Harald Kihle. Foreininga gav òg ut fleire diktsamlingar av Jon Fjone, ei av Sandsdalen (Ei skål med måneskin, 1992) og ei av Halvor Heldahl (1985). I samband med Kihle sin 80-årsdag i 1985 blei tresnitta hans til Jørund Telnes sin diktsyklus Guro Heddelid trykte i ei praktutgåve der teksten var kalligrafert av Borghild Telnes, og same året kom òg eit nytt heidersskrift til Kihle, Hesteslepp på skisseblokk, i høve 80-årsdagen hans. Året etter kom endå ei praktbok ‒ Årringar ‒ i samband med den store «Skog og Miljø»-utstillinga, som var eit samarbeid mellom Seljord kunstforening og Telemark Tømmersalslag. Seljord kunstforening gav og ut nokre skrifter i samarbeid med Seljord målarklubb. I 1986 skreiv Halvor Sandsdalen teksten til Langs Svorteåi: Frå Svartdal til Hjartdal, og i 2001 gav dei ut boka Åmotsdal: Grannelagi mellom Dalemannen og Lepjusdalen, med tekst av Sigurd Telnes, og i samarbeid med Landstadinstituttet og Det norske Samlaget. Båe bøkene var illustrerte med måleri frå medlemmene i målarklubben.


Kjelde

  • EKKO Sommarutstillinga i Seljord. 50-års jubileum Seljord kunstforening 1986-2018 ISBN 978-82-990954-4-0

Ekstern lenke

  • [1] Kunstlåven. Seljord Kunstforening.