Sinknov

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sinknov på Tresfjordstua frå Kyrkjesylte i Vestnes kommune, no på Romsdalsmuseet.
Foto: Olve Utne

Sinknov eller sinklaft er ein type lafteverk der hjørna ikkje har laftehovud og dei vassrette snittflatene i lafteknuten er plane. Sinknov kom i bruk på 1700-talet, til å begynna med særleg i samband med kyrkjer og synagogar kring Austersjøen. Ein stor fordel med sinknov, og seinare kamnov, i høve til dei ymse typane knutenov er at det er lettare å byggje hjørne med andre vinklar enn 90°. Mange tømmerkyrkjer vart bygde med åtte kantar, og i nokre fall i y-form, med denne lafteteknikken. I våningshus og driftsbygningar var sinknov særleg mykje bruka kring første delen av 1800-talet.

Sinknov på den gamle tresynagogen i Kurkliai i Litauen.
Foto: Hagen Pelka
Sinknov på låvenKyrhaugEdøya i Smøla kommuneNordmør.
Foto: Olve Utne

Sjå òg

Kjelder

Vreim, Halvor: Laftehus : tømring og torvtekking. 5. utgåve, omarbeidd og auka. Oslo (Noregs boklag), 1966.