Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59)
Sjøholt | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 59 |
Adresse: | Vidnappsvegen 39 |
Sjøholt er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
1. Ragna Hestenes f. 1917 (gnr 169 bnr 4-3a) d. 1976 g. 1947 m. Rasmus Leiv Drivenes f. 1920 Austevoll d. 2000 (jf Austevollb. I s 38), fiskar, stuert. Rasmus var bror til Magnus Drivenes, sjå Skotholmen gnr 170 bnr 1-17f. Skøyte på tomt frådelt Hesteneset gnr 169 bnr 4 i 1952. Huset vart bygd i 1954. Rasmus flytta til Bergen omkring 1980.
Born: a. Peder Ingmund Drivenes f. 1947 d. 2017, maskinist, bustad Haugesund. b. Øystein Drivenes f. 1952, røyrleggjar, g.m. Aud Sølvi Gildernes f. 1957 Bergen (sjå Stormark gnr 172 bnr 23-3ga), bustad Fjell, seinare Bergen. c. Arvid Atle Drivenes f. 1954, sjømann, bustad Bergen, skøyte her i 1979, etter at han og broren Øystein eigde halvparten kvar frå 1976. Huset vert brukt som fritidsbustad.
Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Kveldsol (Fedje gnr 169 bnr 55) • Neste bolk: Vesttun (Fedje gnr 169 bnr 68) |