Skorder

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skorde (skordstaur) på hesjeTustnaNordmøre.
Foto: Olve Utne

Skorder er skråstilte staurar, stranger eller stokkar som først og fremst blir bruka til å stø opp hesjer og båtar; og i somme tilfelle bygningar. Skorder til hesjer, òg kalla skordstaurar, er vanligvis staurar eller stranger, og dei kan ha kløft i øverenden. I samband med hesjer er poenget å stabilisere hesja i forhold til skeivheit, for eksempel på grunn av skeiv staur eller skeiv pålegging, og vind. Båtskorder er ofte laga av sjølvvoksne emne med stamme og to greiner; eller dei kan vera laga av fjøler som er spikra saman til eit stativ med to korte føter i ytterenden. Denne sistnemnte typen blir òg kalla bordbittjo (bordbikkjer) ved Imarsundet i Aure kommuneNordmøre. Det finst òg skorder på ein del gamle bygningar, inkludert Rødven stavkyrkje i Romsdal og Kvernes stavkyrkje og Grip kyrkje på Nordmøre.